Jump to content

Gloppejeger

Members
  • Posts

    14
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Gloppejeger

  1. Ser at det er mange her som sete med mykje nyttig informasjon. Eg har vore så heldig å fått Simle og kalvekort på Snøhetta aust (Oppdal bygdeallmenning). Sjølv har eg aldri jakta på Snøhetta før, og lurer derfor på om nokon har erfaringar som kan delast? Eg lurer på alt frå trekkruter til kvar ein bør gå ifrå. Slik eg har forstått det har eg lov å jakte i den delen av Snøhettaområdet som er i Sør-Trøndeleg inkl Kongsvoll og Drivstugu utm. vest.
  2. Det virkar som dei har kome nord i frå, altså kryssa nordfjorden i området rundt ferga "Anda-Lote". Då dei er observert nokon få kilometer frå fergekaia på Anda.
  3. Oppslag i lokalavisa: http://firdatidend.no/nyhet.cfm?nyhetid=7198 kort oppsummert: Det er kanskje i ferd med å etablere seg ein rådyrstamme i Gloppen kommune. Fyrste gong rådyr var observert var i fjor haust, då ei rågeit vart påkøyrd. Men no i haust er det observert to rådyr til, ei geit og ein bukk. Så no gjekk fruktbøndene ut i avisa å forbanna alt som har med rådyr å gjere... For meg som er i overkant jaktinteresert, tykkjer det er heilt fantastisk at rådyra kanskje etablerer seg i Gloppen. Eg kan tenke meg at Gloppen har mykje ideell natur for rådyr, særleg rundt sjølve Gloppefjorden. Flatt terreng, mykje innmark lite snø og forholdsvis mildt klima skulle vere ideelt. Korleis vil ein ny stamme som dette bli forvalta? Vil det bli akseptert av dei som forvaltar at det kjem ein ny stamme, eller vil ein gjere det ein kan for å knekke stammen? Eg håpar sjølvsagt på at det eksploderar med rådyr, så lenge det ikkje går utover hjortestamma. Kor symjedyktige er rådyra. Vil dei lett kunne krysse Nordfjorden? Og til slutt... korleis går rådyr i lag med hjort? Er dei konkurrentar?
  4. Etter litt fundering fann eg ut at Lesjaskogkartet ikkje dekte langt nok mot reinheim. Storvatnet er lokalisert. Kor mange timar det å gå frå Lordalen til Storvatnet?
  5. Ser at dei har lagt ut fersk jaktinfo om kvar dyra står i Lordalen, Ottadalen reinområde. Dei skriv at der går nokre bukkar ved Storvatnet. Eg finn ikkje dette på kartet mitt. Mulig eg er ekstremt dårlig å lese kart? Er det nokon som kan forklare nærmare kvar Storvatnet er?
  6. Eg lurer på om det er nokon som kjenner til trekkrutene i Lordalen (Lesja). Dersom dyra trekker nord-syd, altså på tvers av Lordalen, kan dyra trekke på austsida av Nysetra (over bilvegen)? Eller foregår det meste av trekken på vestsida av Nysetra? Ser og at området mellom Fellingshøi og Fellingskroken kan fungere som ein flaskehals, nokon som har erfaringar med det? Vurderar å finne meg fin utkikspost fyrste morningen av jakta på austsida av Fellingshøi eller Leirhøi, og finne eit nord-sør trekk. Tips tek eg med takk.
  7. Hei Nokon som veit kva tid skjak-almenning.no legg ut oppdatert jaktinfo? Syns det er på tide å få litt input på kvar dyra står. Nokon som veit kvar dyra står fortida? Eg har storbukk i Lordalen.
  8. Kanskje litt seint å slenge meg på debatten, men eg prøver fordi. Har lest skomma igjenom og funne mange interesante synspunkt. Eg er heilt klart for fri kalvekvote, då dette fører til kjønnsbalansert avskyting. Vidare trur eg at høgare kalveskyting gjev færre fjorkoller. Fjorkoller i godt hold tek mest truleg kalv, (vert drektig og føder kalv som 2 åring). Fjorkoller i dårleg hald (under 48 kg i slaktevekt som tommelfingerregel) vert sjeldan drektig. I så måte vert det veldig stor forskjell på gode og dårlege sesongar. Eg prøver å statuere eit eksempel frå heimkommunen med ei avskyting på rundt 700 dyr. Då har vel Gloppen ein stamme på ca 2500-3000 dyr. vi seier vidare at stammen består av 500 fjorkoller. I eit godt år der 80% av fjorkollene vert drektige, vil fjorkollene produsere rundt 400 kalvar. i motsetnad til eit dårleg år der kanskje 20 % av fjorkollene vert drektige og produserar rundt 100 kalvar. Viss tala mine er i nærheita av reelle så fjorkollene vil ugjere ei uvisse i produktsjonstalet på rundt 300 kalvar? kanskje eg tek feil, men eg trur det er lurt å ha høg avskyting på kalvar og fjorkoller. Når det gjeld tidleg jakt på kun fjorbukk, verkar det heilt meiningslaust for meg. Kvifor høgre jakttrykk på fjorbukken når det mange plassar allereide er høgt nok. Då vil eg heller foreslå å begynne jakta 1. september for alle kategoriar dyr og avslutte "bukkejakta" alle reide 1. eller 15 november. Det vil føre til høgre kjøtmengd totalt sett (då bukkane mister vekt pga brust) og muligheit for totaltsett høgre avskyting, samt meir kjønnsløytral avskyting? Det som vil vere motargumentet mitt er at eit fort kan skyte "jursprengde" koller tidleg. Når eg omtalar "bukkejakt" meinar eg jakt på alt 1,5 åringar og oppover... Håpar på feedback
  9. Som sagt har eg fått fritt bukkeløyve på Lesja. Spørsmålet er, kan eg skyte andre dyr på løyvet? reknar med at ein kan felle kalv på alle løyver. Er vel tvilsomt at eg kan felle simle? Kjem ungbukkane like tidleg i brunst som dei eldre?
  10. Problemet med å køyre til Lordalen, er at eg er frå Nordfjord. Det vil seie at eg må køyre over styrnefjellet, til Bismo og deretter til Dombås og Lesja. Vert vel eit par tima ekstra å køyre? Er vel endel tyngre å gå frå Lordalen i forhold til Aursjøen. Aursjøen meina eg ligg på rundt 1100 moh.
  11. Eg har visst fått fritt bukkeløyve i Lesja. Lordalenområdet. Usikker om kjem til å ta det. Er student og bør prioritere enten hjortejakta eller reinsdyrsjakta. Litt av ein dilemma. Men veit nokon korleis muligheitane er for å gå frå aursjøen og inn til Lordalenområdet? kor langt er det til grensa? Eller er det beidre å gå frå lesjasida? Veit at det er felledagar midt i vekene. Nokon som veit kor tunge bukkane plar vere i slaktevekt? og kva tid dei fell basten og kjøtet blir dårleg?
  12. hehe ja. Håpar du har rett når du trur at der er like mykje hjort som i naboterrenga:) vi skal i alle fall jakte godt. Rydde postar og gjere ting litt skikkeleg. Vi får og håpe på eit litt seint trekk. Og at bukkane i nord trekker mot sør:) Tykkjer det er litt rart at det har forandra seg så mykje i den delen av kommunen i det siste. Trauste jaktfelt som Gjengedalen, Eimhjellen og Hope har slite meir enn før, medan Solheim og Aa har hatt mykje dyr...
  13. Jaktfeltet har i og for seg godt med innmarksbeite, dei fleste bøane ser til å vere godt heldne. Eg skjønnar godt at friskt innmarksbeite er mange gongar beidre enn saltsteinar, tenker på saltsteinar som eit tillegg. Er jo tross alt mykje lettare å mekke nokre steinar enn å lage nyattelege... Til Vestlandsjeger: Du var bra rask til å plassere ting:) Men har du eller nokon andre noko forklaring på kvifor naboterrenga (spesielt mot sør og aust) har mykje dyr heile jakta og ikkje valdet vi muligens skal leige? Kan litt av forklaringa vere at dei tidlegare leigejegerane har uroa terrenget for mykje(drivjakta i mange dagar på rad), i tillegg til å skote endel vakse koller? Har god trua på fjellområda i terrenget ja. Særleg hovudlia mot Nordalsfjorden. Kan tenke meg at der står endel bukkar. Artig med terreng der kikkeret kjem skikkeleg til sin rett.
  14. Eg er ein del av eit jaktlag som skal leige 13 hjorteløyver årleg frå hausten 2011. Kvoten er nok vel høg, så vi kan nok rekne med å skyte vel halvparten. Terrenget ber preg preg av mange "trekkdyr", då nabovalda husar mykje hjort. Sjølvsagt står det nokre faste dyr i terrenget, men vi vil gjerne at fleire av trekkdyra stoppar opp og gjer seg til, særleg utover hausten. Vanlegvis går det 10-15 dyr kvar natt om sommaren men forsvinn utover hausten. Kva tiltak kan fungerer for å byggje opp ein god stabil stamme? Vi planlegg å skyte minimalt med eldre koller, og heller gå laus på endel 1,5årige koller. Kva med å plassere saltsteinar ute i terrenget? Vil ikkje dette hjelpe til å holde på dyra i terrenget? Kor nær grensa til nabovalda kan ein tørre å sette opp saltsteinar utan å bli annklaga for å "lokke til seg dyr frå nabovalda"? Vil ein kunne klare å forme trekkrutene til hjorten på ein slik måte at det kan ha effekt på jakta? legge postar rundt saltsteinar? Kva type saltstein? dyre spesialsteinar eller FK-typen? Eg har ein ide om at saltsteinar vil fungere godt i eit slikt terreng, då det ligg langt frå fjorden, (med tanke på tang osv). takk for innspel
×
×
  • Create New...