OK, eg tenkte at den runde kniven til Eka også var ein slags flåkniv. Kva er den til då? Skal flåkniven vere meir bøygd oppover?
Men slik å forstå at Øyo er eit betre merke enn Swibo? Prisen er jo ganske lik.
Slipestål og diverse bryne og slikt har me nok liggjande her ein plass, så det er ikkje så viktig. Viss de har forslag til andre slike pakkar, eller evt berre ein skikkelig flåkniv, så tar eg gjerne imot det!
Tusen takk for svar! Mannen har nettopp skote sin første hjort, så me er ganske nye på feltet begge to. Det einaste eg har skote før er ei rype, og den gjorde eg opp med berre hendene og ein liten spikkekniv. Etter å ha bala med han (hjorten) i timesvis på låven og kjøkenbordet så såg eg potensialet for ei nyttig julegåve her...
-sis