Jump to content

Bygdedyret

Members
  • Posts

    21
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Bygdedyret

  1. Meopta Meostar 8x42. Har brukt denne i eit drygt år og er godt fornøyd både med optikk, utførelse og pris.

    Den er kanskje litt tyngre enn tilsvarandes kikkertar, men det følger med god bærereim.

    Brukes til alt frå åtejakt til rypejakt, og ellers når ein treng kikkert.

  2. Har også ein A bolt i 30-06 som eg skaut inn i vinter med Sellier & Bellot. Fekk bra samlinger då, med -10 grader i lufta. Når eg så skulle prøve rifla i mildvær med samme ammo, greidde den ikkje å samle bra. Prøvde då Norma Jaktmatch, og problemet var løyst.

     

    Kan nok vera ein god ide å prøva ein annan ammo først!

  3. Stemmer det at ein må prøve å feile ein del før ein finn ammo med god presisjon i 243 win? Har høyrt at det kan vera eit litt vanskelig kaliber å få til å gå bra.

  4. Som deg Sirhitalot, er er også eg på jakt etter 223 rifle med krapp twist. Lite å velga i om ein vil ha 1-8" eller raskare. Sako og Tikka som du sa, leverer børser med 1-8", og Savage har 1-7" på nokre modellar. Tok kontakt med Jaktdepotet som selger Savage rifler her til lands. Dei kunne levera Varmint Low Profile modellen med 1-7" til 8350,- Litt over din prisklasse men tenkte det kunne bringes fram i dagen. Dersom nokre har erfaringar med denne rifla, kunne det vore interessant å høyre om det er noko å satse på! Utanom Remington, meiner eg også at Ruger lagar rifler med 1-9".

  5. Er ny på Kammeret, men slenger meg på denne tråden siden eg sjølv slit med valgets kval: 223 eller 22-250.

    Rifla skal brukes på alt frå rype til rådyr inkl. skadedyr. Lader ikkje sjølv ennå, men den tid kjem.

     

    Var nesten bestemt å gå for 22-250, men då kan ein ikkje skyta så tunge kuler siden alle riflene eg har sett på har ein twist

    på 1:14. Momentet med kort levetid på løpet betyr også ein del, sjølv om mange seier dette er ein myte.

     

    Eller skal eg gå for 223 med litt krappere stigning. Veit at Tikka (uaktuell) og Sako (litt dyr) har 1:8 twist og

    Remington har nokre med 1:9. Finnes det andre merker med riflestigning som takler tyngre kuler? Har ein A bolt i 30-06

    som eg likar godt. Synd Browning bare blir laga med 1:12.

     

    Vil kjøpe rett børse førte gang, og spør derfor Kammerets kloke brukarar til råds. Kva for eit kaliber er mest eigna og har mest

    potensial når ein kjem til heimelading og småviltjakt generelt? Og kor mykkje skal ein henga seg opp i riflesigning?

     

    Takker for alle gode innspel og forslag!

×
×
  • Create New...