Jump to content

lama boy

Members
  • Posts

    2
  • Joined

  • Last visited

Recent Profile Visitors

The recent visitors block is disabled and is not being shown to other users.

lama boy's Achievements

Apprentice

Apprentice (3/17)

  • First Post
  • Conversation Starter
  • Week One Done
  • One Month Later
  • One Year In

Recent Badges

0

Reputation

  1. Hei. Her kjem det eit noko forsinka reisebrev ifrå 1 plassen på kammersmellen 2012. På Kammersmellen 2012 i Morgedal blei eg kåra til vinnar, noko som var veldig stort Etter litt om og men vart det klart at eg skulle til Afrika på jakt, noko som var nytt for meg. Eg blei kontakta av #donner som ordna flybillettar og alt av papir som måtte til før avreise. Det einaste eg måtte bestemme meg for var kva slags dyr eg ville jakte på. Ettersom eg ikkje hadde særleg kjennskap til afrikanske dyr, eller om Afrika generelt frå før, var det eit utfordrande, men spanande val. Eg bestemte meg til slutt for ein oryx, eit vortesvin, ein bavian og ein impala (som var med i premien), så fekk ein sjå når ein kom ned om det blei nokon fleire dyr. Så kom dagen eg skulle reise, og eg var veldig spent på mykje rart, men mest på kven eg skulle reise med. Eg traff #donner og kompani på Gardermoen, og då gav nervøsiteten seg fort for dette var ein kjempegjeng. Etter ei lang reise kom me endeleg fram til Afrika og Jaco Hurst sin farm. Det var ein spesiell kvelden med mange nye og flotte inntrykk, men eg la meg tidleg for neste dag skulle eg ut og jakte oryx. Neste dag bar det ut i den afrikanske villmark for å leite etter ein oryx, og det tok ikkje lang tid før me fant ein flott han, men då venta det ca 4 timar med hard gange i bushen før eg endeleg kunne felle mitt fyrste afrikanske vilt Dagen etter sto impala på lista. Me prøva då ein ny taktikk med å finne eit bra vasshol og vente i spenning der, noko som eigentleg var veldig fint ettersom eg fekk litt tid til å tenke på kvar eg faktisk befant meg i verda. Etter ein del timar med filosofering dukka det opp ein flott impala bukk som måtte inn på dei evige jaktmarker. På turen heimatt oppdaga me ein utegris[vortesvin] som visstnok var temmeleg stor, men me hadde ikkje skotsjanse og måtte reise heimatt for å vente på neste dag. Då me vakna opp dagen etter regna det heilt ekstremt, meir sidvegs en rett, så å ut og jakte i det været kom ikkje på tale. Her var det bare å vente til det løya, og det gjorde det utpå ettermiddagen. Etter kvart skein soli att, og me såg at viltet i skogen byrja å vakne til liv. Då bar det ut på jakt etter gris, og etter nokre timar i same området som me såg gris dagen før fekk me sjansen på ny. Me måtte krabbe nokon titals meter, og då me kom nærme nok, med god puls i rifla, fekk eg endeleg grisen min. Eg må bare sei at vortesvin ikkje er spesielt fine dyr , men dette var utruleg artig jakt. Etter nokon tettpakka dagar med jakt tok eg jaktfri nokre dagar, for eg var nå på ferie óg, så eg slappa av og kosa meg i sola med god samvittighet. Ein dag fekk eg vere med på safari, noko som va utruleg moro. Me fekk sjå mange dyr eg tidlegare kun har sett på fjernsyn og eit landskap ein kan bare drøyme om. Eg fekk også prøve å lokke sjakal ein dag. Det er akkurat likt som å lokke rev her i landet, og jammen fungera det óg Ein dag hadde me eit ettersøk på ein skadd oryx. Det var ikkje særleg artig i seg sjølv, men det som var spesielt var å sjå på dei lokale når dei dreiv med ettersøk. Eg prøva så godt eg kunne å sjå kva dei såg etter men, det var nyttelaust. Uansett klara dei å finne oryxen, så eg forstod at når det gjeld sporing har eg temmeleg mykje å lære. Eg reiste til Afrika med moderate forhåpningar, men det snudde seg fort, for dette gav meirsmak. Det va noko heilt spesielt å site bakpå eit pickupp-plan og ferdast i nedover den afrikanske villmarka med ein solnedgang som er så flott at det må bare opplevast. Må sende ein stor takk til reisefylgjet som gjorde reisa kjempebra . Eg kunne sikkert skrive mykje meir, men då hadde eg aldri blitt ferdig. Eg har iallefall bestemt meg at ein tur til må det bli med tiden!
  2. Hei beklager at eg låner denne tråden litt. Eg vant kammersmellen 2012 ikkje under dette nicket for eg surra litt i påmeldinga. 1,premien var ein afrika tur noko eg aldri har drømt om så der er nok litt forskjellige maral. men så klart eg ville være med. Så eg blei kontakta av donner som tok seg av alt for meg, både informasjon og tips til turen, så alt har verdt veldig enkelt. Eg skal lage ein egen tråd når eg kjem at med full rapport om heile opphalde men nå går dagane bare i trening og pakking til turen. Håpar verkeleg på ein opplevelse for livet.
×
×
  • Create New...