Jump to content

bragisen95

Members
  • Posts

    392
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by bragisen95

  1. Har hatt rev i hagen kvar einaste natt denna veka, spor over alt! Avskjær frå hjort som heng i posar i ei gran 20m frå husveggen var visst vore innteresant. Åte er på plass og reven har funne godbiten der og. På loftet er det fyr i peisen og åtelyset skal snart på. Håpar på fangst i kveld :D

  2. Ang kråkefelle..

    Tenkte å plassere kråkefella ca 150m frå reveåta. Reveåta ligger ikkje langt frå ein veg det det av og til går folk. Skyter gjerne kråker på reveåta. Spørsmålet mitt er;, om eg skyter kråker på åta 150m frå fella, vil dette virke inn på fangsten? Og, om en nyskjerrig turgåer tar turen forbi fella for å sjå kva dette er, vil det virke inn på fangsten? :)

  3. Etter endt måneskinjakt etter hjort gikk eg å la meg i reveglugga for å ta ravn neste morning. Sto opp ei stund etter det lysna, men var ingen aktivitet. La meg til å sove igjen og våkna litt rundt 10, men då var der berre kråke og skjor. Trøtt som eg var, la eg meg til å sove ein siste gang. Klokka 12 skaut eg ei ravn, og gikk heim igjen :) Slapp dag!

  4. Kunne tenkt meg å prøve ut slik jakt eg også. Har sett tiur på topp når eg har gått tur med bikkja, men aldri når børsa er på ryggen :)

    Tid på døgnet er best? Sitter fuglen i trea kun i beitetid? :)

  5. Har kun jakta på snikjakt sålangt, er spennande, men har lyst å prøve nåke nytt. Lurte på korleis det er med andetrekk? Ossen fungerer det? Trekker endene kvar morning/kveld? Kor trekker dei frå?

    Hadde vore kjekt om nokon kunne forklart kort sine erfaringar og opplevingar :D

  6. Fekk to ender på Tirsdag, ei med hagle og ei med rifle. Godt å vere i gang! :D

     

    (Beklager feilen eg gjorde, var ikkje meininga! Var faktisk ikkje klar over det, men no er eg. Lærer av sine feil. Skal ikkje skje igjen. Beklagar.)

  7. Har den tyske fugleskriken, syntes det er litt lys lyd i den, men den funker. Har eit problem med at mebranen klistrar seg fast i veggane over og under når eg har lokka ei stund. Nåken som har ei løysing?

    Var nett ute med den, men fekk kun svar frå kråkene og ein haug skjorer som flaug forbi :)

  8. Blei ein revekvalp på meg rett før klokka bikka tolv på onsdags'kvelden :D

    Sesongens første og forsåvidt min første lokkerev! Farlig spennende jaktform :)

    Skutt på 10m, men ein fugleunge og eit fugleegg i kjeften :)

     

    2djvvjb.jpg

  9. Når man lokker med fugleskrik/musepip på sommer og tidlig høst, korleis skal ein sitte i forhold til vind? Tenker på om ein skal sitte med vinden i ryggen eller i fjeset? :)

    Gleder meg som ein..ja, har ikkje ord.. til revejakta! :D

  10. Sesongen som nettop var, var min første sesong der eg kunne skyte, då eg er 16år gammal. Eg er meget (!) fornøgd! 12 skutte dyr på meg :D

    5 koller, 3 kalver, og 4 bukker (4tagger, 2x 6tagger og 8tagger) :)

     

    Var lite kalvar i år, var vel generelt lite dyr i forhold til i fjor. Naboen, en gammel jeger, meinar dette er grunna hard vinter. Mange dyr har svelt ihjel, og mange koller har mista kalv gjennom spontanabort (eller ka det heite?) :?

  11. ..Dogg er eit kjent problem og har opplevd det fleire gonga, men for min del skjer det oftast i fuktig vær. Trur ikkje butler creek er tingen for å løyse problemet. Det blir heller verre :(

     

    Kan så vere rett, men det regna denne dagen, og linsa var litt våt. Etter kvart dogga den seg :?

  12. Etter litt sniking og litt venting gikk skuddet av. Min første hjort vart eit faktum lørdags morning. 8) Ei kolle på 62kg. Skuddet satt perfekt og eg er kjempefornøgd :mrgreen:

    Hadde ein fin sjangse på nokre små bukkar i gårmårres og, men vart spolert grunna kikkert som vart våt av regn og den dugga seg.. Kjøpt butler creeks i dag, så er klar til helga :D

  13. Såg Clausen fikk til ravnelyder med Crit'rCall, så standard fløyta kom i hus. I dag tidleg då eg var ute å fiska måtte eg berre prøve nokre ravneskrik. Tok rundt 15min så var det nåken ravn på haglehold. Gleder meg til 10... :mrgreen: Satt forresten på eit opent område ved ein benk, i t-shorte, treng ikkje camo.. Haha, neida :wink:

  14. Naboen ringte og sa det gikk 2 rev nede ved elva i regnværet. Eg hoppa i regnkleda og kom raskt på plass, men såg ikkje anna en nokre småfuglar. Satt meg ned og lokka i nokre minuttar, men ga meg for det kom ein person gåande langs elva og fiksa strømgjerde.. :?

×
×
  • Create New...