Jump to content

bragisen95

Members
  • Posts

    392
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by bragisen95

  1. Kan virke som at det å få til ein skikkeleg drivande hund er vanskeleg, så det har eg slått frå meg. Orka ikkje bruke mykje tid og krefter på noko som mest sannsynleg ikkje kjem til å fungere optimalt. Har snakka med div grunneigarar, og ikkje overasskande så er mange av dei imot drivande hund på hjort, rev er ein anna sak.

     

    Korleis kan evt denne bikkja vere som ein bandhund på jakt? Sist vi var i hjorteskogen hadde bikkja nasa i bakken og gikk ivrig etter noko som ligna same sporet over ein rimeleg bra avstand. Hjorten såg vi ikkje, men det skyldast nok ei som ikkje klare å gå stille eller vere stille når vi er i skogen..

    Har igrunn sagt at eg ikkje vil ta over bikkja, men hadde vore interessant å vite kva dei erfarne meinar om å få ein brukande bandhund av utgangspunktet.

  2. Hei!

     

    Har ein kamerat som i slutten av 2013 kjøpte seg ei bikkje som er blanding av Beagle og Pointer (50/50), og i dag er bikkja 16mnd gammal. Den er utseendemessig lik Beagle, men litt mindre hove og litt spissare snute enn orginalen. Min kamerat har funne ut at han ikkje kan ha hund lenger. Mykje jobbing og mindre jaktinteresse går utover hundestellet. Han har no bestemt seg for å omplassere bikkja, og eg er sjølvsagt innteressert, men skepsisen er tilstades.

    Eg bur på vestlandet og det er då hjortejakt som er min hovudjaktform, men pga stigande revestamme er eg gira på ein brukande revehund og. Det som skyldast skepsisen min er først og fremst alderen på bikkja. Er den for gammal til å bli ein brukande drivande hund? Til no har nok ikkje bikkja vore på jakt, men den har hatt turar i skog og mark, og ifølge eigar er den interessert i hjort. Har hatt den med på tur sjølv, og kan sei at den drar godt i bandet då den har hjortelukt i nasa.

    Det at hjorteterrenget ikkje er det største er også ei "bekymring". Har forstått det slik at Beagle likar lange losar? Ikkje så stort interessert i ei bikkje som tar ut og eige vald og må hentast på kvelden tre vald vekke.

    Reveterrenget er same terrenget, men då er ikkje valdgrensene noko å tenke på lenger. Hjorten trekke vekk på vinteren pga snømengde, og kjem tilbake på våren.

    Forstår det slik at Beaglerasen er sta og vanskeleg å få inn. Har eit inntrykk av at bikkja ikkje er så lett å få inn den dag i dag. Er det for seint å gjere noko med det? Evt korleis?

     

    Eg er svært innteressert i jakt, og er gira på å bruke tid på bikkja. Eg har ein kjæreste, samt far og mor, som likar hund og kan bli viktige støttespillarar. Både eg og dei andre som var nemde går mykje i skog og mark, så det skal bli mosjon på bikkja. Har hund den dag i dag, og er vandt med hund, men dog ein heilt anna rase som er mykje rolegare og ikkje fullt så jaktinteressert.

    Det eg egentlig vil fram til, er det mulig eller verdt det å gi bikkja eit forsøk til min type jakt?

    På førehand, takk for alle svar :)

  3. Hei!

    Har funne meg ein fin post der eg veit at det trekker mykje hjort forbi, omtrent kvar kveld/morning då den går til/frå bøen. Der er fleire trekkruter og stier som går gjennom halvtett skog. Problemet er den halvtette skogen. Mykje småbusker av rogn og or. Vil gjerne fjerne dette slik at det går an å skyte, men ein eldre kar i området meinte at hjorten ville sky området om eg begynte å ta ut skog no midt i jakta. Nokon som har erfaring med dette, eller som kan svare?

    Kan jo eventuelt vente til sommaren, men har lyst til å få til dette i år! :)

  4. Hadde ein tur i gluggen natt til i går. Klokka 04.55 kom det en fin rev i retning åtet. Rifla låg "klar" i skyteskåret, men då eg skulle til å ta grep om rifla slo det meg inn at eg hadde glømt å ta ladegrep før eg gjore den "klar". Gjore eit forsøk på eit stille ladegrep, men reven var ikkje å sjå etterpå.. God aktivitet på åtet før mildværet slo inn, men no er det blå grader igjen, så eg har trua :D

    Tenkte meg ut ein tur no i kveld og, men "Youkon Men" må sjåst først!

  5. Fekk ut ei felle i går på ein plass det var litt spor. Fanga ein røyskatt der i fjor. Ved ein fjøs på ein anna gard eg ofte går forbi er det og mykje spor til tider, så reknar med det blir ei felle til i kveld :D

    Nåken som har prøvd leverpostei til åte? Smurte insida og delvis utsida med leverpostei frå Gilde, og la ein god klatt på utløysaren. Lenger inne i fella la eg noko halvråtna avskjær frå hjortejakta. Bruker fellekasse med Rapp rottefelle :)

  6. Kan viltkameraet ha noko med å gjere at reven ikkje vil inn på åta? Kameraet henge på ei delvis kvista ung-gran ca 5m frå åtet.. :roll:

     

    I går kom det godt med snø, så eg fekk lagt ut ein del åte. På veg heim frå ein kompis fekk eg auge på revespor som har gått tvers over tunet og det ser ut som om reven har leita etter mat.. Nesten som den ikkje vil inn på på åta :?

  7. Som sagt har det vært helt dødt her også godt og vel en måned. Jeg skylder på barmarka.

    Kan ane litt mer nærgående rev nå, så det spørs om de kjenner sulten gnage.

    Det kan være kadaver i naturen som forer reven opp i perioder. Selvdøde dyr og dyr med f.eks gamle skuddskader

    kan fort gjøre åtene overflødig. For åteplassen er langt fra første pri blant friske rever. Til det er det for skummelt.

     

    Er barmark her og, men snø rundt åta, så eg henge meg på den og! Kan være andre plassar det ligge hjorteavfall etter jakta, men som er mindre skummel enn åta mi. Får vel berre legge ut meir godsaker og smøre meg med tålmodighet :)

  8. Har ikkje hatt rev på åte sidan lisjejulafta. Det er godt med åte og kråkeaktivitet daglig, men likevel går spora rundt og forbi åtet ca 20m frå det godt(ille)luktande hjorteavfallet. Er skareføre der det er snø og i kveld er det like over -10 grader. Tips til kva eg kan gjere for å få den innpå åta igjen? :roll:

    Hadde ein periode før jul då reven var heilt opp etter husveggen fleire netter på rad, utan at det var noko mat å finne, og samt at det var god aktivitet på åtet. Jai ike skjøne..

  9. @NRB89: Sjølv har eg ei hytte og eit åte 50m frå hytta. Hytta er tiltenkt både revejakt og kråkefugljakt. Går ut før det lysnar eller sover i hytta, og når det lander fugl på åtet så skyter eg fuglen med .22 (i ditt tilfelle .17hmr) og venter til fuglane har stukke av. Spriger så ut og henter skutt fugl og setter meg til å vente igjen. Jaktformen er ikkje særlig effektiv, men veldig spennande. Trur det meste eg har skote ein morning er 3 ravn, men ein venn av meg skaut 5 ravn og ei skjor i løpet av ein mornig. Ganske sikker på at eg skulle klart meir om eg hadde såtte litt lengre. Alt kjem an på kor "smart" fuglen er i ditt område. Nokre områder kjem den aldri igjen etter at ein har skote, andre plassar tar det 15minutt. Hos meg tar det alt frå 45min til 2 timar :) Skitt jakt, og skyt masse kråkefugl!

  10. Har ikkje hatt rev på åtet sidan natt til julafta. Julafta begynte det å snø i store menger, men ikkje lenge etter kom det mildvær og regn. Der det er snø er snøen klissblaut. Kor aktiv er reven ved slike omstendigheiter? Den må jo ha mat til slutt, vil eg tru :roll:

  11. Hei!

     

    Eg har eit MMS-kamera som heiter "Boskon Guard BG-520M". Eg er kjempefornøgd med kameraet. Det tar gode bilder, har umerkbar blits (kjem ikkje på navnet på lyset?) og er veldig lett å stille inn. Det følger med ein fjernkontroll slik at du endre innstillingar i bushen, og sjå bilder på skjermen på forsida. Anbefaler dette på det sterkaste! Pass på når du setter ut kameraet at det er dekning der :)

    Det er Schou Våpen AS som importerer kameraet. Eg kjøpte mitt ved Våpenloftet AS i Førde. God hjelp med innstilling og god kundeservice :D

     

    Kameraet ser slik ut:

     

    2hmk5yu.jpg

    Lite å hendig kamera. Lokket til minnekort og simkort er på undersida :D

     

    Her er nokre bilder tatt med kameraet:

     

    11jwzf4.jpg

    Eit par laushundar som var ute heile natta og som var på besøk på åtet mitt. Heldigvis var det i julefredningstida.. :roll:

     

    2ylpfnc.jpg

    Ravn som har fest, enn så lenge :twisted:

  12. Sprengfyre og få lufta ut all fukt?

     

    Ellers så kan du lese litt her:

    http://www.detailersclub.no/forum/topic ... gg-middel/" target="_blank" target="_blank

     

    Har desverre ikkje ovn i glugga, men vurderer til høsten igjen!

    Leste litt på den linken og andre tilsvarande sider, skal prøve å vaske ruta med Zalo :)

     

    Nåken som har eit godt tips til korleis ein kan unngå duggen på vindauget i glugga? Er ikkje stor hjelp med eit vindu som ein ikkje kan sjå igjennom..

     

    Har du prøvd dobbelt vindu med luft mellom?

     

    Eg har eit lite dobbeltvindu. Vindauget er frå eit eldre hus, så kan være det som gjer det.. :roll:

  13. Satt å leste her tidligare i kveld, så eg gikk ut og fulgte revespor i retning der den kom frå. Tok meg ein times tid, og vips så fant eg hiet på ein plass eg ikkje hadde tenkt at det var. Det låg i utkanten av eit jorde bak ein gjødselkjellar. Tippar revemor har fått gratis golvvarme frå gjødelen :lol:

×
×
  • Create New...