Jump to content

Hustad

Members
  • Posts

    21
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Hustad

  1. Kimber Montana var eg i utgongspunktet litt skeptisk til, ettersom eg tidligare har lest at dette var ei rifle med varierande resultat innan presisjon. T/C Contender derimot høyrast svært aktuelt ut, men slit med å finne informasjon om vekt på denne rifla :( Kan du gi eit estimat? :)

  2. Heisann!

     

    Ettersom tyngdekrafta har kome for å bli, har eg bestemt meg for å kjøpe ei rifle i .223 Remington. Dette skal primært vere ei rifle til bruk på fuglejakt, og må dermed vere av lett vekt, helst under 2,8 kg (ekskl. siktemiddel). Ettersom rifla skal brukast til smått vilt, må den kunne levere "tysk" presisjon. Riflestigning er i første omgong ikkje så viktig, ettersom skyttaren er lite eksperimentell. Her er det berre å kome med forslag; alt frå enkeltskot til boltrifle.

     

    Er svært takksam for forslag :)

  3. Hei.

     

    Eg kjem stadig over våpenpleieprodukt som lovar å fjerne det som kan fjernast i løpet : Feitt, bly og koppar. Men etter å ha lest her på forumet forstår eg at ikkje det er alle våpenoljer som skal stå i løpet for lenge, då desse førar til korrosjon. Desse produkta er ofte svært basiske (ofte beståande av ammoniakk) - noko dei bør vere for å løyse opp mantelavleiringar (forrest foam, KG12, sweets 7.62 etc.). Så då eg kjem over produkt som lovar å fjerne mantel, samstundes som å beskytte løpet mot korrosjon er det lov å verte skeptisk! Eit døme på dette er solventen Gunslick ultra klenz. Er det slik at solvents bør "vaskast" ut av løpet, medan lubricants kan stå i? Eller kan enn stole på bruksanvisninga, og la oljar som kan fjerne mantel stå i - som ein form for rustbeskyttelse? Eller er det sikraste etter å ha brukt slike produkt å køyre gjennom nokre filler med raudsprit?

     

    Våpenpleiejungelen er svært stor, men eg håpar det finnast generelle reglar for kva oljar som kan stå i løpet. Skyttaren sitt verste mareritt må vel vere å finne rustflekkar i eitt flott løp.

  4. Hei.

     

    Våpen: Cz 452 Varmint 22lr.

    Anlegg: Benk, med front and rear shooting rest.

    Ammunisjon: Div.

    Avstand: 50m.

     

    Første skudd går ALLTID 9-12cm utanfor sentrum. Dette skoten kan treffe under, over, eller til sidan for siktepunkt, utan noko spesiellt mønster. Dette har vore til stor fortviling, våpenet kan jo ikkje brukast på jakt med denne "skaden." Eg har forgjeves prøvd å bli kvitt med problemet. Eg har prøvd: Ulik tilstramming på skruar, våpen puss med div oljar, ulike siktemiddel osv. Problemet vedvarar. Det første som slår meg er at det kun er det første skotet som kastar, skot nr.2, nr3 osv er i sentum (våpenet samlar omlag 20mm.) Det kunne sjølvsagt ha vore skyttar som ikkje gjer jobben sin, men ikkje i dette tilfellet. Eit ofte omtalt tema er pussing av salonggevær. Eg kan erfare (som mange andre) at presisjonen ofte let vente på seg etter ein god våpenpuss (med bronsebørste og olje.) Det er derfor vanskeleg å seie om det kan vere bly og anna olje som har storkna i løpet, som er årsaken til problemet. Eg håpar at så mange som mogleg kan kome med idear om kva som er orsaken til problemet (spesiellt personar med fagleg kompetanse). For dette er eit problem - eit stort eit.

  5. Hei.

     

    Vurderar å kjøpe eit gunslick pussesett, men finn ingen med erfaringar med dette. Er det nokon her på forumet som har prøva, og kan seie om dette er noko som er vert å innvistere i? Ser at ulta - klenz skal fjerne båe koppar, krutt og bly. Reklama seie at dette kan stå i løpet som rustbeskyttelse, men kopparfjernar ståande i løp?

  6. Hei

     

    Då testa eg dette med skruane, forskjellen på samlingane blei merkbar. Skrudde derfor til slutt av heile stokken, og på igjen. Samlingane blei betraktelig bedre! Tusen takk for tipset! Uansett, går det om å sjå om munningen på våpenet ser bra ut ved hjelp av dette bilete?

     

    Bilde2.jpg

     

    Bilde1.jpg

  7. Hei

     

    Teori 1: Tatt ut frå det blå: Kan pussemiddel som olje kom mellom "barken og veden" altso mellom løp og kolbe. Det ville så fall forursake at løpet låg og ballanserte på olja?

    Teori 2: Kan ha pussa frå munning og innover; ødelagt kroning og munning?

  8. Takk for svar Vingemutter

     

    Ja, rifla var kjøpt i november om eg ikkje hugsar rett.

    Ammunisjonen som gjekk bra var CCI standar velocity.

    Det er vel noko du seie det med temperaturen, den har gått frå kaldt til varmt. Har ikkje skilt stokk frå mekanisme. Det er ikkje lenge sidan eg skifta lot, kjøper store kvanta. Har også skutt mykje Eley Club, desse samlar like dårlig.

  9. Hei

     

    Kjøpte ein Cz 452 Varmint for rundt eit halvår sidan. Den samla gode samlingar, 15mm på 70m. Diverre er ikkje presisjonen lenger akseptabel. På 50m samlar den no dårlige samlingar på heile 50mm, for å ikkje snakke om på hundre meter. Her er gjennomsnitt på samlingar heile 70mm. Som ofte, er det nok ikkje denne gongen skyttaren som sviktar. Trenar dagleg med div. våpen, mykje med luftgevær. Har analysert alle moglege problem. Kjøpte nytt kikkersikte (Bsa sweet.) har god støtte (front and rear.) Har tatt grundig puss for å så stabilisere. Prøvd div. ammo typar som CCI, Eley, Hollowpoint. Den har gått omlag 15000 skudd, er løpet utbrent? Har dykk nokon tips om kvar feilen ligg?

  10. Hei

     

    Eg skjønte ikkje mykje av bruksanvisninga til kikkertsikte. Korleis skiftar eg "turret?" Skal eg skru med unbrakonøkkel i det lille hullet på turreten?

  11. Hei.

     

    Nokre kikkertsikter har A/O til dømes Bsa sweet. Kva betyr dette i prakis/kva er dette?

    Bør ein bruke minst mulig forstørring for presis skyting, så lenge målet visast tydeleg?

  12. Hei.

     

    Er ute etter nytt salonggeværsikte, har sett på Bsa sweet. Har nokon spørsmål til dette sikte:

     

    1) Er det god optikk kvalitet?

    2) Kva er dette med AO?

    3) Skyter ofte på 100m er da "Click Adjustment Value" 1/4 å foretrekke?

×
×
  • Create New...