Jump to content

44two

Members
  • Posts

    37
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by 44two

  1. Hei

     

    Eg har problem med å ta raske nok ladegrep på min CZ 455 American. 

    Eg får ikkje godt nok grep på kula på hevearmen, og kula kjem svært nær kikkertsiktet, slik at eg slår hand/fingrar i kikkertsiktet ved ladegrep.

    Langt frå bra når ein skal skyte kråke nr. 2 før ho lettar...

    Eg er trygg på at eg ikkje er den einaste som opplev dette, så korleis har andre løyst denne problemstillinga?

     

     

  2. RIMELEGE 1-batteri lommelykter som kan anbefalast ut frå kombinasjonen: kvalitet lys/byggekvalitet/pris.

     

    AAA // 10440 batteri

    UltraTac K18

    Frå kr. 175,- på e-bay.

    https://www.youtube.com/results?search_query=ultratac+k18

    Imponerande lita lykt. Kan også festast på bremmen på ein cap og fungere som hovudlykt.

     

    AA // 14500 batteri

    JetBeam Jet-1 MK

    Frå kr. 135,- på e-bay

    https://www.youtube.com/results?search_query=JetBeam+Jet-1+MK

    Kjekk lita lykt.

     

    18650 batteri

    Olight R20 Javelot

    Frå kr. 470,- på e-bay

    https://www.youtube.com/results?search_query=Olight+R20+Javelot

    Min peronlege favoritt.

     

    Kva lommelykter kan eg erstatte desse modellane med?

     

  3. Kva .223 med grei presisjon kan enklast byggast om til "banerifle" med diopter, magasin og avtrekk med trykkpunkt?

     

    Ungane treng litt motivasjon når vinden står inn frå vest og bles .22lr ut av skiva. Og, det kan vere greitt å få øve seg litt før overgangen til 6,5x55.

  4. Meopta Meopro HD 8x32, 598g, synsfelt 138m/1000m, garanti 10 år, pris 5540,-

    Opticron Countryman BGA HD 8x32, 614g, synsfelt 140m/1000m, garanti 30 år, pris 5895,-

    Zeiss Conquest HD 8x32, 630g, synsfelt 140m/1000m, garanti 10 år, pris 5199,-

     

    Det synest som at det er lite som skil desse kikkertane. Sjølv har eg berre sett gjennom Zeissen.

     

    Synspunkt?

  5. Ei god mellomrifle er alltid kjekk å ha.

     

    Kva er den viktigaste eigenskapen du leitar etter i mellomrifla?

     

    For eigen del byter eg no ut mellomrifla mi i .223 med 6,5x55.

    Begge har snill rekyl.

    Begge har rimelege og nøyaktige fabrikklada skott.

     

    Med utvida hjortehjakt vil 6,5x55 gje meg moglegheit til å ta storvilt når eg går på toppjakt i desember - noko .223 ikkje gjer.

     

    Alternativt kan eg jo skifte ut storviltrifla i .308 med 6,5x55 - nok futt i 6,5x55 for all norsk jakt!

  6. Eg trur neppe det finns ein kur mot havesyken.

    MEN, det går ann å bruke havesykja til noko positivt - som motivasjon!

     

    Når eg får eit angrep av havesykja ser eg etter kva som må gjerast i hus og heim.

    Må huset målast? Bør eg gå ned 5 kilo? OSV...

     

    Når huset er måla, når eg har gått ned 5 kilo, dvs. når eg har gjennomført oppgåva...

    DÅ belønnar eg meg sjølv ved å gå til innkjøp kva-det-no-var som sette igang havesykja.

     

    Vinst:

    1. Eg har fått gjennomført ei oppgåve som elles hadde blitt utsett eller gjennomført med manglande motivasjon.

    2. Eg får skryt av kjæringi for å ha gjennomført oppgåva.

    3. Eg har godt samvit for å bruke pengar på meg sjølv, sidan det er belønning.

    4. Eg får aksept frå kjæringi for å bruke pengar på meg sjølv, sidan det er belønning.

    5. Eg får tid til å gle meg, både til oppgåva er gjennomført og til belønninga er i hus.

  7. Her er kopi av e-post eg sende til Canal Digital i dag tidleg.

     

    Hei

    Eg er tidlegare kunde hjå Canal Digital Parabol.

     

    På nett er eg no kunde av WildTV (http://www.wildtv.ca/" target="_blank" target="_blank). Men, eg må inrømme at det hadde vore mykje enklare og betre for meg å få WildTV som del av kanaltilbodet direkte på TVen.

     

    I dag vert WildTV sendt både i Sverge og i Finland, men ikkje i Noreg? Dette er rart, sidan Noreg er det landet i Europa med høgast andel jegerar og fiskarar i befolkninga.

     

    Eksempel jaktinteresse i Noreg: heile 440 000 personar registrert i det norske Jegerregisteret. Det vil seie at kvar femte (5te) mann over 16 år i Noreg er jeger (http://www.ssb.no/samfunnsspeilet/utg/200904/01/" target="_blank" target="_blank)!

    I tillegg kjem alle som er interessert i fiske og ikkje minst alle som er interessert i friluftsliv og bruk av våre vakre fjell.

     

    Det finns i dag ikkje noko tilbod for alle desse potensielle kundane på TV.

    Ja, eg veit at det er flotte enkeltprogram om fiske på både t.d. Discovery og nokre andre kanalar. Eg veit og at det er mange flotte dyreprogram på t.d. Animal Planet. Men, dette er enkeltprogram som ikkje på nokon måte kan vere eit substitutt for ein kanal som WildTv.

     

    Kva tid vil eg kunne forvente å få WildTV eller ein anna tilsvarande jakt/fiske kanal på Canal Digital?

     

     

    Det skal bli spanande å sjå kva svar eg får.

  8. Kalibervala mine er greie og trauste, det er enkelt å velje tre rifler og ei hagle.

     

    12/76 til trening og fuglejakt

    -

    .22 LR til trening

    .223 til trening, småvilt og rådyr

    308 til trening og storvilt i Noreg

    -

    Men, kva kaliber bør ein ha på ei rifle for storviltjakt i Afrika/Canada?

  9. Jaktar sjølv i område der både sau og storfe beitar.

     

    Har mange gonger observert hjort beitande inne i storfeflokkane og ofte er hjorten i same område som det er sau.

     

    Byrjar som regel jakte før sauene vert henta heim, utan at eg kan seie at det påverkar jakta noko.

     

    Verre er det at sauene som regel er saltsjuke, og spring etter deg når dei ser deg på hausten - med fæla bjølleskrammel og breking: no, det påverkar jakta!

     

    I mitt område skulle det ha vore mykje meir sau og storfe. Skogen veks over oss og snart er det uråd å jakte på ein fornuftig måte.

  10. Lova om hundehald har som formål "å bidra til å fremja eit hundehald som tek omsyn til sikkerheit, tryggleik, alminneleg ro og orden".

    Samstundes får me heile tida høyra frå miljøverndepartementet, direktoratet for naturforvalting, andre offentlege organ og ekspertar kor ufarlege ville ulvar som drep sauar og andre husdyr, rådyr, hjort og elg er.

    Kvifor er det då bandtvang på mette, snille, lydige og godt avla hundar?

×
×
  • Create New...