Jump to content

vest

Members
  • Posts

    1,232
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by vest

  1. Eg skulle ikkje ha sett ? teikn etter der eg skreiv om reduksjonen av storviltstammene,men sidan eg antok var eg ikkje sikker, derav ? teikn, Det eg egentlig lurte på er kva du synes om at dei ikkje reduserer tamreinstammen på Filefjell som ligg kloss inntil Nordfjella sone1? Tamreinen der skiller seg frå anna tamrein  og har  meir til felles med villreinen som no er sanert (iunnateke sone 2) . Eg skjønnar det berre ikkje kvifor den reinen skal vere freda for reduksjon,medan hjort og elg som har meir til felles med amerikansk moose og elk som er mindre utsatt enn andre andre der borte  , skal lettare reduserast. Logikken måtte vere å redusere også tamreinen,men det virkar som dette er blitt eit tabu for Mattilsynet å snakka om.

  2. OK, da er forstår eg kva du meiner,men er heilt uenig med deg i definisjonen på smitter ekstremt lett. Det vanlige definisjonen er å sjå på R tallet altså kor mange andre individ eit smitta individ vil smitte til. Og da er det nok mange andre sjukdommar som kjem mykje høgre opp.  Inkubasjonstida varierer, kortaste kjente tida fra eit dyr blir smitta til sjukdomstegn blir synlige er 16mnd, lengste er ukjent,men opptil mange år. Og det varierer fra art til art,men ofte ligg det på 1-2 år.

    Forskarane seier vel ikkje her at sjukdommen er noko anna enn i Nord Amerika ,men at smittevarianten ikkje er lik. Betydningen av det veit dei ikkje.

    At smitten blir tatt opp i planter er dokumentert,men ikkje at dyr har blitt smitta på denne måten. Det er nok sannsynleg,men dei har altså ikkje klart å dokumentere dette enno.

     

    Eg forstår at du er redd for konsekvensane i verste fall, og eg ser at du meiner det burde vore sanering på Hardangervidda.  Eg reknar då med at du er einig i reduksjonen av storviltstammene i og rundt Nordfjella og  Hardangerviddaområdet?   Da har eg lyst til å spørre om kva du synes om at dei ikkje gjer noko reduksjon på  tamreinen som er på Filefjell? Dei har gjentatte ganger kome seg over sperregjerdet rundt sone 1, og dei står og sleiker salt på vegen og i veggrøftene på Hemsedalsfjellet. I akkurat samme grøftene gjekk  villreinen i sone 1 og sleikte. Dette er altså tilgjengelig for tamrein uten noko hinder. Vinterbestanden er på ca 2700-3000 dyr. Rett nok er det svært lite bukk der,men også simler kan bli smitta. Likevel gjer Mattilsynet ingen  ting med dette, da er det er mykje viktigare å redusere elg og hjortestammene sjølv om det ikkje er samme arten som rein. Genetisk sett er tamreinen på Filefjell meir lik villreinen som var i sone 1 , enn anna tamrein i Norge. For mange er denne passiviteten i forhold til tamreinen der merkelig, spesiellt med tanke på dei konsekvensane ein  frykter i verste fal

  3. tussehaugen

     

    Du skriv at skrantesjuke smitter ekstremt lett mellom dyr, da må eg spørre kva legg du i det?   Eg trudde derimot det var full einigheit mellom fagfolka at skrantesjuke smitter veldig langsomt og at smitten utviklar seg langsomt i dyret før det eventuellt blir sjukt. Med 2 påviste reinar med CWD på Hardangervidda gjennom 3 sesongar og tusenvis av prøver så kan vil no eg stille spørsmål om det smitter så ekstremt lett som du seier. 

    Eg vil og minne om at i Nordfjella der dei snakka om at smitten kunne ha vore i 20 år så er ingen hjort eller elg påvist med smitte og det etter prøvetaking i tusenvis sidan 2016.  Dette sjølv om det er veldokumentert at rein, elg og hjort har beita i samme område og sleika på samme saltsteinar i årevis, også lenge før 2016.  I USA/Canada blir nettopp slike saltsteinar rekna som "hot spots" for smittespreiing.  Forskarane er heilt klare på at den smittsomme varianten her er ulik den i Nord Amerika,men men dei veit foreløpig ikkje kva det betyr i praksis.  Eg har og snakka med ein sentral norsk forskar som per no følgjer utryddingslinja,men samtidig seier at vi kanskje ikkje bør vere så opptatt av amerikanske forhold.

    • Like 3
  4. Eg kjøpte nylig ein slik radio og lurer på om det finnes noko ekstrautstyr som passer, utover det som finns på Zodiac si heimeside? Tenker da for eksempel på batterikassett for tørrbatteri og teleskopantenne som passer til denne modellen. Eg veit ikkje kva antennekoblingen kalles på denne modellen.    Har brukt radioen 1 helg på jakt og må sei meg fornøgd, likte spesiellt godt høgtalarfunksjonen som ein kan bruke sjølv med tilkobla mikroofon og øyreplugg. Det fantes ikkje på forrige radioen eg hadde.

  5. 15 timer siden, Haavard skrev:

    Kan du legge inn teksten? Ikke tilgjengelig for almuen...

     

    Ja ein må visst ha abonnement for å sjå dette.Gløymte at ikkje alle ser det samme som meg. Tar berre difor med eit kort utdrag;"No foregår det ei intern høyring blant rettshavarar og fjellstyre. Førebels ligg det an til ei rein bukkejakt, eller i det minste ei kvote med høg andel bukk."

  6. På 13.3.2019 den 19.53, bbdg skrev:

    I fjor bomma lokalforvaltningen grovt på kor stor hjortestamma var. Dei forventa å ta ut 820 dyr, mot 785 i 2017.  Resultatet vart 438 dyr. Først i oktober gjekk dei ut og erkjente at det var mindre dyr enn dei trudde, og da fortalte dei at svært mange dyr hadde døydd om vinteren og våren. Før 2017 sesongen sa fagfolka at dei måtte redusere bestandene med 20-30%. No når reinen er vekke og smittefaren er kraftig redusert så har dei altså auka talet til 50%. Det blir og sagt ein må forvente veldig små bestander i mange år framover. Mens planen er altså å reintrodusere rein i Sone 1 alt i 2023. 5år etter sanering.  Virker ikkje heilt logisk dette.  Forresten så kan det godt hende hjorte og elgbestanden alt er redusert 50%. Så lite dyr er det å sjå for tida at det ikkje skulle forundre meg.

    Den store tamreinbestanden på Filefjell der det er kjent gjennom mange år at tamrein har vore over i villreinsone 1, blir som vanlig ikkje nemnt av Mattilsynet.  I siste VKM rapporten vart denne problemstillinga godt beskrive.Desse reinane har hatt meir kontakt med sone 1 enn villreinen i sone 2  dei siste 10-12åra. Ikkje rart ein representant frå Mattilsynet sa dei var under press angående tamreinen, men at dei måtte sjå på det på nytt.  Noko dei no  altså ikkje har gjort så veldig mykje med .

  7. På 2.1.2019 den 16.57, Fxn skrev:

    Eg brukar stort sett vadmelsklede frå Jagdhund. Etter ein regntung haust under hjortejakta så har eg sett meir på aktuelle jaktklede med pustande membranar.

     

    Er kleda til Kuiu støysvake? Som posteringsjeger så har det mykje å seia.

    Iallfall i hovudet mitt. 😅

    Kanskje du bør ta ein kikk på denne sida, mange flotte jakker der i ull, dei aller fleste med membran.  No er det sikkert mange her som har fordommar mot tweed og trur dette berre er for snobben blant oss,men tweed finnes i alle prisklasser. Og det er varme og slitesterke klær. Alan Paine er nok eit ukjent merke for nordmenn,men dette er eit godt og forholdsvis rimelig merke på dei britiske øyer. Spesiellt modellane Combrook, Surrey og Loden burde vera aktuelle her. Sistnemnte er altså av Loden, det er to utgaver av den. Ein med for og membran, og ein uten. Førstnemnte er faktisk billegast. https://www.alanpaine.co.uk/sale/mens    Det er forresten mykje salg på tweed jaktklær og andre jaktklær på dei britiske øyer no. Også mange andre gode merker både med og uten tweed og gore tex eller andre membranar. Regn har dei lang erfaring med der borte , så sjølv om merka er ukjente for oss så er det likevel kvalitet. Musto og Schøffel er ei par eksempel i det høgre prisskiktet 

    Sjølv om tweed ikkje kjem i kamuflasje så er ulike farga tweed kanskje forløparen til kamuflasje. Mange av mønstra og fargane er avpassa til terrenget. Denne trur eg for eksempel vil vere godt kamuflert i mange hjorteterreng. Brun ,men ikkje så mørk som mange moderne brunfarga gore-tex klær er.  https://www.alanpaine.co.uk/surrey-mens-waterproof-shooting-coat

    • Like 2
  8. 16 minutter siden, DoctoRoy skrev:

    Jaujau - det er fremdeles plasseringen av kulen som dreper da. Konklusjonen fra artikkelen blir at ekspanderende prosjektil sikrer raskere og bedre utblødning ved identiske treff.

    Riktig!  Det er det viktigaste.  Men som Nyati sa ;"Med grovt kaliber blir det større hull, raskere blodtrykkfall og død"   ifølgje John Barness som skreiv artikkelen så er det ikkje alltid så enkelt.  Det er ikkje alltid grovare kaliber gir større hol enn mindre kaliber.

  9. 29 minutter siden, 32-40 Win. skrev:

    «Den høyeste andelen har faktisk .30-06 med sine 10,5 prosent, og det er ca. 1 prosent høyere enn de andre to.»

     

    1 prosent??? Er ikke det det samme som «Jack Shit»?

    Ja egentlig hadde dei ikkje trengt å nemnt dette,men når dei kom med "forklaringa" på forskjellen pga rekyl så synes eg , om den skulle vere rett, at det ikkje har noko å bety i dag.  Men  kunne det vere interessant å visst om jegerar generellt i dag skyt bedre på jakt pga lyddempar. 

  10. I  denne artikkelen kjem det fram ein del påstander . Det blir nemnt at sjølv om det er små forskjeller på dei ulike kalibra så viser tall dei refererer til frå i 2005 (Bedre Jakt) at det er størst andel ikkje dødelig første skudd i 30-06. Dette forklarer dei med truleg dårlig plassert førsteskudd pga at 30-06 gir kraftigare rekyl enn 308win og 6.5x55 som er dei 3 mest brukte kalibra. No har ikkje eg nokon god forklaring, men rekylforskjellen er no minimal etter min meining .  Ei anna forklaring kan vore vere tilfeldigheter pga lite antall tilfeller.  Men kor relevant er det egentlig å snakke om dette i dag når ein svært stor andel av jegerane brukar lyddempar?   Ja kor stor andel er det som brukar lyddempar? Eg hugsar ikkje om eg hadde det i 2005,men no har eg det på alle 3 jaktrifler mine . Det kunne heller vore interessant å sett nye tal på om fellingen har blitt bedre med lyddempar pga mindre rekyl. Eller kan det vera negative effekter med dempar som trekk i andre retningen? https://jaktogfiske.njff.no/jakt/2018/11/hvilket-kaliber-du-velger-er-ikke-viktigst-felle-elgen

  11. Har nettopp montert ein Zeiss HT 2,5- 10x50 på ein Bergara B14 Sporter. Weaver Grand Slam baser, Burris Signature Zee montasje. Ringene er dradd til med 20 (pund?) som anbefalt av Burris. Har og skifta frå fast magasin til avtagbart magasin altså skifta underbeslag.Og dette er første gong den er brukt etter det. Skaut i dag med Hornady American Whitetail 165gr i 308win. Presisjon er "ok" til storviltjakt, men dårligere enn forventa. Det verste er at den er variabel. Skaut inn på 115m men treffpunktet flytta seg ikkje som forventa når eg skrudde. Det kan godt hende rifla er kresen , men at treffpunktet ikkje flytta seg som forventa forstår eg ikkje . Har sjekka siktet i ein boresighter og der flytter det seg som forventa. Kan momentet for å feste stokken til mekanismen vere årsaken? Produsenten oppgir ikkje tal , men eg prøvde 35(?) pund. Ved ein misforståelse så skulle desse skruane dras til med 40, men i staden  vart feste av ringane i basane dratt til med 40(pund?) faktisk kanskje 42 . Har justert dette i dag til 40 på stokkskruane og 25 på montasjen, men har ikkje fått testa dette.

    Har brukt ein wheeler momentnøkkel. Har sett at dette momentet  varierer veldig hos ulike produsentar. Må ta med at eg har ein Svemko hunter lyddemper . Rifla var gjenga på fabrikken. Eg har tidlegare opplevd at pga dårlig gjenging så fekk eg dårlig presisjon etter nokre år.  Da måtte den rifla gjengast opptatt og presisjonen vart bra. Bergaraen derimot er berre  3 år og lite brukt. Er det nokon som har tankar om kva som kan vera feil?  Kan det vere ammoen som er dårlig? Fekk den veldig rimelig på tilbud. Alternativet er sjølsagt skyttaren, men med underlag så veit eg at dette er mykje dårligare enn normalt.

  12. Er det nokon her som har laga eigne regler/rutiner for jaktlag når det er påskutte dyr? Tenker da på kva ein gjer fra dyret er påskutt til eventuellt ettersøk har starta med meir?  Eg tenker ikkje berre på kva lovverket seier , men om det er jaktlag som har laga sin eigen oversikt over kva slags rutiner de har?   Søkte litt på nettet og fann litt info fra Lierne , men ellers veldig lite om nokon har laga ein slik oversikt.   Eg kunne sjølsagt ha laga mi eiga tiltaksliste , men lurte på om nokon har ein slags "mal" som kan brukast.  Tanken er å gjere det lettare for nye jegerar å vitne kva ein skal gjere eller ikkje gjere etter dyr er påskutt og ikkje konstatert dødt. Altså utover det dei lærer til jegerprøven og får muntlig orientering om. 

  13. Nei, dei konkurrerer nok ikkje mot det dyraste segmentet,men dei har vist at dette går an å få til uten å lage store, tunge og klumpete kikkertsikter. Og avstandsmålar er det no likevel mange jegerarar som har med seg. Og sidan dei dyre kvalitetsmerkene har svært avanserte avstandsmålarar i kikkertane sine så trur eg berre det er eit tidsspørsmål for også desse kan kommunisere med sikta. Legg og merke til at desse nye Sig Sauer sikta også berekner anslagsenergi  i forhold til avstand, og at dei har innebygd vater. 

  14. Eg har prøvd å få fram spesifikasjoner ,men finn berre på 4,5-14x44 .Mellomrør 30mm. Vekt 658 gram, lengde 320 mm,, okulardiameter 41mm, augeavstand 85mm-107mm, synsfelt  7,6m -2,23m, justering 55moa i begge retningar.  Dette er om ikkje heilt i klasse med eit vanlig sikte i alle fall ikkje så langt unna. Og det minste 3,5.10x42 er sikkert enda litt lettare og har større synsfelt. Og sjølv om ein likar det eller ikkje så får nok konkurrentane litt å tenke på her. Og berre så det er sagt i staden for ein vanlig avstandsmålar så kan ein sjølvsagt bruke  Sig Sauers nye kikkert med innebygd avstandsmålar. https://www.sportoptics.com/sig-kilo3000bdx-laser-range-finding-binocular-10x42-sok31001.aspx  Den billegaste kombinasjonen  av avstandsmålar og sikte 3,5-10x42  kostar 699 dollar i USA, 11435kr i Norge. Prisen på kikkerten i USA er uklar ,men i Norge kostar den over 17000kr    Og avstandsmålaren kan ein sjølvsagt bruke heilt uavhengig av dette siktet. 

  15. Sig Sauer har klart å lage eit rimelig jaktsikte for lange hold. som ligner litt på Burris Eliminator,men der avstandsmåler og sikte samarbeider om å berekne siktepunkt.   Har dei peikt ut vegen for framtidas jaktoptikk?  Priseksempler 3,5-10x42 + avstandsmåler som går ut til ca 1400m. Pris i USA ca 699.dollar. Og det uten at siktet  skiller seg noko særleg ut fra "normale" sikter mtå størrelse og vekt. 

     

  16. 36 minutter siden, DoctoRoy skrev:

    Skrapesjuke er en betennelsessykdom -- skrantesjuke er en prionsykdom. Scoonveld fikk påkalt oppmerksomhet for uttalelsene og han nevnes fremdeles så hensikten ble oppnådd.

     

    Skrapesjuke og Skrantesjuke (CWD) er i lag med kugalskap (BSE) , Creutzfeldt Jakob + ein del andre  variantar alle prionsjukdommar som går under samlebetegnelsen TSE  https://en.wikipedia.org/wiki/Transmissible_spongiform_encephalop

  17. 2 minutter siden, Jibrag skrev:

    Det som gjør saken enda mer komplisert, er at det uten tvil er påvist former for prionsjukdommer som oppstår spontant i dyr, former som ikke er smittsomme. Dette åpner også for muligheten for at tilsvarende spontane former kan endre seg slik at de blir smittsomme. Og dette er påvist hos flere arter, blant annet sau (Nor98), elg (Selbu - to tilfeller og ett i Lierne) og hjort (Møre nå i høst) 

     

    Av de milliarder hjortevilt som har befunnet seg på kloden bare de siste 20 åra er det kun et ørlite fåtall som er undersøkt, og hvor ofte dette oppstår kan en bare gjette på. Men ettersom det er påvist fire tilfeller i Norge bare i fjor, tyder på at dette skjer titt og ofte. 

     

    Riktig påpeikt Jibrag .Bjørnar Ytrehus forskar hos NINA har lansert ein hypotese om at slik spontant oppstått CWD kan ha utvikla den klassiske varianten. Ved at andre dyr kanskje har gnagd på skjelettet av eit dødt dyr som hadde ein slik spontan variant.Og på den måten fått i seg smittestoff som har utvikla seg til ein smittsom variant. Han påstår at ny forsking i Colorado viser at hjortedyr lettare kan få ein spontan variant enn andre dyr, altså at dei er meir utsatt.  Ein anna ting er at forsking på NOR98 har vist at ein slik atypisk variant kanskje ikkje er så uskyldig som ein har trudd. Det er forsking som viser at den faktisk kan smitte på små lam, men i liten grad. På sau har ein gode overvåkingsprogram for å oppdage skrapesjuke slik at dei sjuke dyra blir plukka ut tidleg. Slik fungerer det ikkje ute i naturen, dyr med atypisk variant kan leve fritt med andre dyr i årevis i verste fall. Er dette berre bitte litt smittsomt så skal ein ikkje sjå vekk frå at det over tid kan utvikle seg.

×
×
  • Create New...