Jump to content

ramski

Members
  • Posts

    212
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by ramski

  1. Eg hadde eit 4-16x 56 med rødpunkt, på winchesteren i 30-06. Dette skaut eg inn med før sista jakthelga i fjordsesongen, etter dette sto våpenet i skap i ca 3 mnd, før eg tok den ut på litt treningsskyting. Då måtte eg skru 45 knepp opp for å havne i senter. på nøyaktigt samme holdet og nøyaktig samme plassen som eg skaut det inn med. Ikkje bra. Og treffpunktet forandra seg mellom kvar 5 skudds serie, slik at diverse skriung var påkrevd. Og ein ting te det såg ut som om dei hadde sølt tre små blekkflekker på baksida av linso foran, grådigt irriterande med lys bakgrunn. Hadde aldrig kikkertsikte av våpenet mellom skytingane, og kikkerten var montert i leupold qr montasje, så vil ikkje skulda på montasjen. Bytta siktet ut i ein zeiss conquest 3-12 x 56. Som natt og dag ja. Konklusjon min e at da e i grunn lurast å styra unna dei jahti dassrullane, det virkar som om dei ikkje toler vanleg bruk/(rekyl).

  2. Da e og ein svært bra bane på haraland 5 min sør for Ålgård, ligger der som rogaland kranskole er. Der er det jegertrening kvar onsdag frå ca kl 17:00 - 19:00. Medlemsskap i Gjesdal skytterlag kostar 300,- i året, og 30 kroner ved kvar skyting. Du slepp sikkert te uten å ver medlem og, men veit ikkje ka prisen blir då.

  3. Eg brukar forsvarets stridssekk. den e akkurat passe til hjortejakto, plass til foldesag, tau, termos & mat, klesbytte, og liknande. god å ha på ryggen, kolben sklir ikkje av ved skyting, bra sekk.tippar den er rundt 35 liter. går godt i ett med naturen og.

  4. Kor gamle er dei? Eg prøvde nokon sånne i min winchester dei klikka som pokker. Dei var frå 1960 talet trur eg. Kan ha noko med at tennstempelet mitt ikkje e kraftig nok te at skuddo går av alltid. Men presisjonen i dei som gjekk av var upåklagelig.

  5. Gratulera med ei kanon bra rifle. Har erfaring med w70 kompositt. den er presis og fin, samlar bra.

    Mi er kamra i 30-06. Einaste eg kan utsetta på den er at når eg har fullt lada (5skot), er det så trangt at det er ikkje muligt å føra sluttstykket fram uten å lada våpenet. Og at det mangler hengsla i bunn på magasin slik at du må lada ut alle patroner manuelt. Bortsett frå det er det ei rifle eg er storfornøgd med, og det trur eg du kjem te å bli me di og.

  6. Hallo folkens. Enda ein brukar med samma nick så på sluttstykke her. Må sei detta såg lovande ut, ska ærlig inrømma at eg aldri har vore innpå her før. Er over normalt intresert i jakt og våpen. Satse på å besøka forumet flittig.

×
×
  • Create New...