Jump to content

Ursus arctos

Members
  • Posts

    114
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Ursus arctos

  1. Min fyrste rev på lokk datt i kveld.

    kom fyrst ein som eg ikkje fekk skote på pga høgt gras.

    Venta ca 10 min før eg byrja å lokke på ny.

    Etter 5-6 min kom det ein rev til, eller same reven, kva veit eg.

    Denne kom på ein stad med litt kortare gras, slik at hovud og hals var fri.

    Lokka inn med syco Tweety.

    Kor store er kvelpane no? Synst denne var stor for kvelp og vera.

  2. Dette veit eg litt om, då eg har hatt begge sekkane. Eg har faktisk hatt heile 3 stk powerframe, men ikkje ein av dei vara særleg lenge. Den siste solgte eg ubrukt.

    problemet med denne sekken, som vist var konstruert med tanke på virkeleg tunge lass, var etter mi meining alt for glatte reimar. Sekken seig ned etter kort tids bæring. I to tilfelle fall faktisk sekke av ramma. I tillegg so sprakk "leddet" på hoftebeltet.

     

    Har no Norrøna Recon med Syncroflex bæresystem. Denne har dei siste åra frakta fleire hundre kilo kjøt ut av fjelheimen, utan protest verken frå sekk, eller eigar.

     

    Min konklusjon: Norrøna Recon med Syncroflex bæresystem, er den beste sekken eg har prøvd, for tungt arbeid.

  3. Heldigvis er det fleire her på berget som ser nytten i ein hund som er "viltskarp", og som kan stoppe viltet, slik at me slepp å gå etter i dagevis.

    Eg har begge deler, og er svært nøgd med det. :winke1:

    Beklagar til trådstartar for litt OT.

  4. Med visse enkle forbetringar, er denne heilt klart verd pengane. (sjå pulvers blogg)

    Min har stått ute i all slags vær i snart 2 mnd. og virkar framleis.

    Eg har 110 meter mellom varslar og sensor, og dette går greit etter at eg lodda på 30 cm på "antenneledninga"

    Du kan jo kjøpe 15 slike for det Mikkel kostar.

  5. Fant denne truga på tilbod og bestilte meg eit par på 36 tommar. Eg skulle ha ei "heilårs"truge som duger både i laussnø i januar og skareforhold i mars. Var usikker på om eg skulle velje 30 eller 36, men valget falt på den største. Aldri brukt truger før, så eg ventar spent på pakke i posten;-)

     

     

    Kor fant du dei på tilbud,sa du?

  6. Snøfrisk naturell på lefse, smakar godt til Rakfisk,då saman med løk og kvit geitost.

    Øl og akevitt er ein selvfølge.

    Er komen i botnen på fyrst butten allereie.

    Den som har Rakafisk og reinskjøt, svelt ikkje.

  7. Hvilke saltstein er hjorten mest gira på? Har noen røde saltsteiner ute men er dårlig me trafikk der syns jeg :D

     

    Dei røde inneholder kobber og er giftig for hjorten....

     

    Kvar har du fått den infoen frå?

×
×
  • Create New...