Papi Posted February 21, 2014 Share Posted February 21, 2014 Kva er kjøpt? Maglula UpLula, 9mm til .45-patroner. Desse får du forøvrig tak i til alt frå .22 til .223-patroner. No har dei også begynt å levere uplula i rosa, kult! Link til konkret produkt: http://www.maglula.com/PistolMagLoaders/UpLULA%E2%84%A29mmto45ACPmags.aspx Kva fulgte med? Ingenting anna, hurtigladaren er ein enkel einheit. Kjøpt hos, og pris? Desse kan bestillast kvar som helst. Eg fekk min som ein del av ein hylster- og magasintaskeløysing, men prisane varierar alt frå ca. 200 kroner og oppover. Bruk? Lås opp, ta ladaren i høgre handa, "tre" den utanpå eit magasin, klem til og press ned, legg i ein patron, og løys opp neven. Gjer dette til du har lada opp ynskja antal patroner. (Passar også til fleire størrelsar på magasina, Glock-magasinet her er pressa lengst mogleg ned, og til venstre i uplulaen) Siste kommentar? Såre tomlar? INGEN problem! Maglula Uplula er vel det fyrste du bør kjøpe deg om du har ein 9mm eller større, etter at du har kjøpt pistol, magasin, og ammunisjon. For oss som har pistolar med stor magasinkapasitet, kan sjølve ladinga i seg sjølv verte eit problem, men her har du løysinga på alle slike problem. Bye-bye, såre tomlar! 1 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.