Jump to content

Ærleg frå Papi: Dawson Precision FO-frontsikte til Glock


Papi

Recommended Posts

20140129_213629_zps3d5ee046.jpg

 

Kva er kjøpt? Dawson Precision fiberoptisk frontsikte til Glock-modeller.

 

Produsent, og modell? Dawson Precision Glock Front-sight, .300" tall, .125" wide, Black serrated with red/green fiberoptic. Kan IKKJE brukast saman med originalt frontsikte. Sjå link under, toppen av sida, for samanlikning av dei forskjellige breiddene av frontsiktet.

 

Link til konkret produkt: https://www.dawsonprecision.com/ProductDetail.jsp?LISTID=80001771-1388518377"%20target="_blank"%20target="_blank

 

Kva fulgte med? Glock frontsikte med premontert raud fo-stav, samt ekstra grøn, og raude stavar, monteringsanvisning, samt monteringsverkty, eit enkelt skrujarn.

 

Kjøpt hos, og pris? Kjøpt hos PVAS, for 469,-.

 

Montering?

 

Straight-forward, svært enkelt. Ta av slide, ta vekk recoilspringen og løpet, og du ser skrua du skal ta vekk. Bruk skrujarnet som fulgte med, skru ut, fest på det nye, og stram til. Legg det gamle siktet i posen til siktet du nett har bestilt, så du ikkje misser dette. Om du vil skifte ut det som allereie står på, treng du i tillegg ein lighter, og ein skarp kniv/barberblad.

 

20140129_213755_zpsac77eff4.jpg

 

Bruk?

 

- Hylstring: Du må enten modde det hylsteret du har, eller sørgje for at du kjøper eit hylster som aksepterar ein pistol med såpass høgt sikte. Reint utav boksen ser ikkje det stort ut, men eg måtte fjerne eindel plast frå Fobus-hylsteret mitt. I eit konkuransehylster med større "botn", skal ikkje dette vere noko problem.

 

20140129_224243_zps85610675.jpg

 

20140129_224220_zpsd60eda63.jpg

 

- Target acquisition: (dette er då meint i forhold til praktisk skyting) Med raud/grøn fiberstav, går det utruleg fort å finne målet ditt. Det er serratert flate med ein liten fiberprikk, og for mange som slit med reint svart sikte, eller svart sikte med kvit prikk, vil dette hjelpe utruleg når ein sikter med begge auger opne. Med det ikkje-dominante auget er det i grunn ingen problem, men du ser fort fordelen om du skyt med begge auger opne, og kroppen i tidlegare tilfeller har måtta "arbeide" for å bruke det dominante auget.

 

Siste kommentar?

 

I mitt tilfelle kunne eg tenkt meg at sjølve fiberprikken var ein smule mindre. Prikken er liten i utgongspunktet, men eg tykkjer at prikken vert litt dominerande i siktebiletet mitt. Fungerar kjempebra til prikkskyting, men kunne tenkt meg ein litt mindre prikk. For best mogleg bruk, bruk eit tilsvarande høgt baksikte.

 

20140129_213645_zps976e0297.jpg

(Originalt sikte, med svarttusja prikk)

 

20140129_213945_zps92b4fc6b.jpg

(nytt sikte)

 

20140129_215855_zps22486077.jpg

(påmontert DP justerbart baksikte)

 

Link til kortreview av justerbart baksikte: http://www.kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=15&t=98891&p=1022646#p1022646

Link to comment
Share on other sites

Det er ikkje ofte eg kjøper nytt til nokon av våpna mine, så dei få gongane eg faktisk kjøper noko, kan eg lage ein liten kort gjennomgong av produkta, men då ynskjer eg innspel frå andre. Er det noko eg burde inkludere/ekskludere/gjere annsleis med desse reviewsa? Då set eg pris på å få høyre det. :)

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...