Jump to content

protto

Members
  • Posts

    74
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by protto

  1. https://photos.app.goo.gl/c4cFmwDvYjgyFXUE9

    Heisann. Ein bekjent har ei slik hagle som omtrent ikkje har vore avfyrt. Sikringen hadde satt seg, men er no reparert.

    Løpa er merka choke 17,6 og 17,8. Det er diverse stemplingar under kammerblokka som eg ikkje veit kva betyr.

    Det eg lurer på er sjølvsagt om det går greit å skyte leirdueammo i stål med den. Nokon som kan meine litt om det?

  2. Har sjølv løsna løpet på rifla mi slik at den no kan skiftast med håndmakt. Trur ikkje presisjonen lider av det. Men har ein følelse av at ei godt tilpassa muffe med maskinerte styringar både aksialt og radialt vil kunne sørge for bedre repeterbarheit, altså likt fra gang til gang. Men det er kansje berre overtru?

     

    Savage har jo ein patent eg i utgangspunktet ville vore skeptisk til (kontramutter), men det er sikkert dei som vinn konkuransar med slike rifler og :)

  3. Er 1:10 tvist for slapt til dette kaliberet, om ein vil bruke tunge kuler i sub-hastigheit? Ser Brownells har pipeemner til hyggeleg pris, men kun 1:10.

    Går å drøymer om ein Remington model seven, med muffe og iallefall ei 338 fed. pipe :)

  4. Howa/weatherby laga nok låskassen utvendig lik rem700 med vilje, slik at stæsj til verdens mest solgte og "customiserbare" rifle, også ville passe deira modell. Det er nok små forskjellar likevel, trur utkastaropningen på howaen er litt lenger enn 700, utan at det har betydning for om skinna passar eller ikkje. Høgden på bakre og fremre bru er lik og likeeins skruehola til montasjen. Vanguarden kjem ferdig bora og gjenga for montasje, trur Howaen også er det.

  5. Min Vanguard (som er samme rifle) har ein Nikon Monarch med 50mm linse i medium QRW (30mm mellomrøyr) på ei picatinny skinne som eigentleg er til Remington 700 (men som passar på Howa/Vanguard)

    Her er det god klaring, og det hadde gått fint med lave ringar av samme sort iom skinna bygger ein del. Men det er sikkert forskjellige høgder på forskjellige fabrikat av ringar og skinner reknar eg med.

     

     

    Endra:

     

    Denne skinna er det eg har: https://www.brownells.no/epages/Norge.s ... /080000392

     

    Og som sagt, medium QRW 30mm.

  6. Personleg hadde eg styrt unna magnumpatroner pga pris, varmgang, smell og rekyl. Går du for 308w får du ein litt kortare og lettare låskasse. Men lang kasse i 30-06 eller 6,5x55 er like bra til jakt. Rem 700 er vel den rifla det fins mest stæsj til så du får aldri problem med å få tak i ting og tang til den. Alternativt Rem model seven. Ikkje fullt så vanleg men er ein litt smekkrare variant av 700 kort kasse.

  7. Mottok i dag stokken etter ca eit halvt år... :) Den er lekker, skikkeleg lekker er den. Einaste problemet er at den er innletta for feil børse. Eg skulle hatt stokk til Howa/Vanguard og fekk til Kongsberg 393... Litt forskjell.

     

    Den går i retur over helga om det ikkje skulle melde seg ein med behov for ny stokk til gamal Kongsberg.

     

     

    Svart med gullaktige striper.

    https://goo.gl/photos/bXoEEbDCPiM3EHu17" target="_blank

    bXoEEbDCPiM3EHu17

  8. Så 30-06 er like god LH-patron som 308w, med samme butikkjøpte matchkule, med potensiale til å bli suveren 308w om ein perfeksjonerer den med eigne ladningar. Må jo bli ein 30-60 då.... ;) Og så kan ein jo kamre om til 30-06AI når ein har begynt med heimelading :)

  9. Artig lesning, mange råd...:)

     

    Nesten ingen som har nevnt 30-06 sprg. Er det ikkje brukandes til LH kansje? Fins iallefall billige jaktrifler i det fantastiske kaliberet til meeeget oppegåandes prisar. Søk på Finn etter howa 1500, eller sjekk xxl.no for weaterby vanguard. Du får dei for 3500,- sist eg sjekka. Kanske ikkje premiumvåpen men med ei klam hånd, litt aralditt og sandpapir blir det bra. Og så er det relativt kurrante børser å stashe opp med så tunge og upraktiske tilbehøyr som ein måtte ønske. Tiltskinner og glassfiberstokkar og alt som er.

     

    Ellers ville eg gått for ein STR200 I 6,5X55 om ein skulle hatt noko som virka rett ut av eska.

     

    Har du perverse interesser og dreiebenk (som meg) hadde eg kjøpt billig howa/vanguard/rem700 i eitelleranna kaliber og jobba derifrå ( som sikkert endar opp med å bli dyrt og gøy og lærerikt).

     

    Heimeladning kan ein alltids lære seg seinare når ein har lært seg andre essensielle ting som å konvertere fra fraksjons tommar til millimetet, moa til millimeter pr 100m (og forskjellen på BSP og NPT for den saks skuld) og mange andre ting.

     

    Men no har ikkje eg peiling på skyting eigentleg (eller økonomi) :)

  10. Er det noen som har tips til modifisering av Vanguard original stokk?

     

    Ja :)

     

    Du bør sette i søyler i hola til sjefteskruene. Samt ein klatt beddemasse under og bak rekylklakken. Så spikkar/filer/pussar du vekk plast i løpskanalen.

     

    Utan søyler og/eller bedding vil du berre snøre løp og låskasse lenger nedi stokken etterkvart som du tar ut av løpskanalen. På min var det 2-3mm klaring under rekylklakken mot flata i stokken der fremre sjefteskrue går.

×
×
  • Create New...