Jump to content

catoh

Members
  • Posts

    25
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by catoh

  1. Er det nokon som har ladedata ved bruk av N560 til Oryx i cal 6.5x55?

     

    Mangen som skriv at dette kruttet egner seg bra, men eg har ikkje funne noko data på det. Bruker N160 no, men synest at det samler for dårlig.

  2. Låner denne tråden litt da overskrifta passar fint til mitt spm..

     

    Eg er ein fyrstegongslader og trenger ein bekreftelse på at eg har korrekte ladedata.

     

    Skal lade Sierra 120gr HPBT match king, og Norma Oryx 10.1gr

    Har kjøpt Vithavuori N-160, og planlegg å bruke dette kruttet på begge kulene.

     

    Oryx´en er oppført i Ladeboka med denne krutttypen så den er ganske grei, minimum 42grain maks 44 grain.

    Sierra´en som er oppført i ladeboka heiter ProHunter, og eg er litt usikker på om eg kan bruke ladedataen som er oppført, min 46 grain maks 48 grain.

    Har funnet ladedata på laupa sine sider: http://www.lapua.com/upload/downloads/b ... ed9eng.pdf" target="_blank

    Her er den samme kula som eg har valgt oppgitt med min 45,8grain maks 50,7 grain. Dei fleste ladningen som er oppført i ladeboka er 2 grain i forskjell frå min til maks. Men Laupa sine data på denne kula er 3,9 grain. Nokon formeining om kva data eg skal følge på sierra kula?

     

    Planen min er å lage testladning med 42grain på Oryx. Sierra´en planlegg eg å starte på 46grain. Evt øke med 0,5grain i intervaller dersom det ikkje er nokon teikn til høgt trykk.

    Høyrest dette greit ut?

  3. Takk for tips!

     

    Ser ut til at den skinna det vart linka til vil passe. Her er eit utdrag frå ein som har gitt tilbakemelding:

     

    I have two of these rails, one on a CZ 452FS in 22LR, and one on a CZ Special Trainer in 17HMR. I use the rail with a Weaver-based Centra rear aperture sight on the FS, and with a Clearridge scope/Leupold QRW Quick Release rings on the Trainer.

     

    Då er det berre å bestilla aimpoint :)

  4. Nokon som veit om det finnest leupold qrw baser som passer på cz 455 american?

    fann ikkje noko som tyda på det på leupold sine sider..

     

    Har ein zeiss classic på min remington 700 med qrw system, og skal no gå til innkjøp av ein aimpoint 9000L til denne. Vurderer derfor å bytte montasje til qrw på cz'en, slik at eg kan benytta aimpoint'en på denne og.

  5. Jakter du rype så bør du vurdere å stoppe på Saltfjellet og gå deg en tur der (husk jaktkort på iNatur). Meldes om godt med rype. Det kjekke med Saltfjellet er at E6 går i 600 m høyde over Saltfjellet, så du har snaufjellet utafor veien, samt noen områder med vier og fjellbjørk. Saltfjellet er delt mellom Saltdal kommune (nordre del) og Rana kommune.

     

    Dette er eit svar eg liker! Takk! :D

  6. Fann ein Blaser R93 til 15000, og Swarovski Z6i 2-12*50 til 14000 i går på den nettsida. Swaro'en fann eg ikkje igjen no.

    Skulle kansje tatt ein tlf til dei, for å høyra om dei virka som ein seriøs bedrift, og om prisane er oppdatert.

  7. Var innom HH i går, stort utvalg og god betjening! Diverre var ingenting av det eg skulle ha rimligare enn kva eg får tak i heime i fedrelandet.. Kikka på Zeiss, Swarovski, CZ tilbehør ++ Nokon tips til kva eg kan kjøpa her som er billigare? :roll:

     

    Bur tidvis i København, dermed greit å veta om noko er vert å ta med heim..

     

    Kom over ein annan dansk nettbutikk, som såg ut til å ha nokon gode prisar http://www.jagtdanmark.dk/" target="_blank

     

    Har ingen erfaring med handel frå dei.

  8. Det var vel en her på kammeret som akkurat ville selge en 2008 Victory 2,5-10 med lys for 10.000? Da slipper du å lure på om det finnes noe bedre.

     

    Har sett den anonnsa, ligg ute for salg endå. Såg det var retikkel 40 på den, kunne tenkt meg eit retikkel 60 istadenfor..

     

    Ligg ein ubrukt Swarovski 1,7-10*42 på finn som er litt interessant og..

  9. Skal ha meg nytt kikkertsikte, nett no står valget mellom Zeiss classic diavari 2,5-10*50 med lys, og Docter unipoint 2,5-10*50

    Zeiss'en får eg på xxl for 9000, Docter'en får eg i frå England for ca 8300 (Bur i danmark, og impoterer den dermed tollfritt)

     

    Kom med tips, meiningar og erfaringar!

  10. Er det lov å spørre om kva det pristilbudet er?

     

    Eg har bestemt meg for 455 med .17hmr og .22lr. Men er svært usikker på kva modell eg skal gå for, heller mest i mot thumbhole, men vurderer og varmint.

    Nokon synspunkter rundt modellvalg? Rifla vert i hovudsak brukt til jakt..

  11. Hei!

     

    Er ny på forumet, og relativt fersk på våpen fronten.

    Har søkt litt angående Hardcore demperen, og er usikker på kva for ein eg skal velja. Håper på nokon gode tips her i frå..

     

    Har overtatt ein Remington 700 i 30.06, med løpslengde på 61cm.

    Rifla vert brukt til jakt og treningsskyting, 200-300 skot i året.

     

    Skal eg gå for tmd 35 eller 45? frister mest med minst mulig vekt og størrelse, men ikkje dersom det er ein vesentlig forskjell i dempinga.

     

    Mitt andre spm er er angående kapping av løpet. Kor mykje kan eg kappe det utan at det går utover hastighet og presisjon?

     

    Takkar for svar!

     

    Cato

×
×
  • Create New...