Jump to content

krunern

Members
  • Posts

    75
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by krunern

  1. Har sjølv hatt dette siktet i 3 år, med retikkel 60. Har skote ca 70 hjort og litt rein og rådyr desse åra.

    Har testa mange andre sikter i denne tida også, men må berre seie at spes. i mørket er dette heilt fabelaktig og suverent!!

    Ang. retikkelvalg enda eg på 60, og har enno ikkje angra på det, skyt på mange ulike avstandar :-)

    Elles er Swarowski sine toppmodellar også meget bra.

  2. Har hausta 24 hjort, 2 rådyr og 1 rein i haust med barnes tsx 150 grains, lada med norma 203B, ca. 820 ms.

    Nok ein sesong har kula imponert meg, og fleire og fleire av dei eg jaktar ilag med går over til denne kula, både i 308 og 3006.

     

    Får sjølvsagt eit og anna blodslått slakt dersom kula treff bogbein e.l., men stort sett flotte og godt utblødde slakt.

     

    Men det viktigaste er at dyra døyr raskt og effektivt, og det oppdraget utfører TSX perfekt!!

  3. Blir litt for lett merkelege/ useriøse innlegg her på kammeret...

    Men uansett kva service andre har, so har også Zeiss ein flott og rask service.

    Har også benytta meg av den fleire gongar etter fall o.l. i våre flotte Vestlands-fjell. :wink:

    Og alle gongar har varene blitt reparert raskt og gratis. Honnør til Zeiss med sine trivelege medarbeidarar. :!:

    So får vi kose oss vidare utover hausten med våre flotte kikkertar, JGH. Oss skal legge i bakken nokre brune til 8)

  4. So måneskinet lyser opp slik at det er forsvarleg å skyta, no om dagane.........? ( - eg meinte: NETTENE :):):)

     

    Flotte netter no ja på Vestlandet. Stor og klar måne kombinert med dugg i graset gir utruleg gode kontrastar. Og som sagt ei trygg og god jaktform.

  5. Kom i eit trongsteg og måtte bruke Norma 202 i kal 6,5. Brukte ei barnes tsx kule 130 grains. Brukte 37 grains Norma 202. Fekk ikkje målt hastigheita, men 3 skudd samla på 20mm i sentrum av blinken, avstand 100m.

    Fekk kommentarar på at 202 krutt var brukt i 6,5 x55. Er dette noko å vere skeptisk når skota går så godt, og alt er normalt...?

  6. Då er jakta 2012 slutt.

    Etter å ha avslutta i eigne jaktfelt, var det dugnad hos ein kamerat på Søre Sunnmøre. Hadde vore lite hjort i terrrenget i store deler av jakta. Hadde fullklaff på dugnaden og felte 2 bukkar og ein bukkekalv på 35 kg. So då vart det kjøt i grytene der også :)

×
×
  • Create New...