Jump to content

Pjakken

Members
  • Posts

    13
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Pjakken

  1. Etter å ha skote ein del hjort med 6,5, i eit jaktlag som stort sett brukar 308 og 30-06 så har eg hatt mogelegheiten til å samanlikne ein del slakt og sjå på kjøttødeleggelsane. Eg kan ikkje seie at eg har sett noko forskjell på øydeleggelse med desse kalibera. Kor mykje skade dei gjer kjem stort sett an på treff (bein inn/bein ut) og kulevalg. Eg har kun jakta med fabrikklada Oryx, men må seie meg godt fornøgd med denne, ikkje eit einaste problem, kanskje litt stiv pris berre. Bruk det du har for handa! :)

    PS: Ein stor fordel med 6,5x55 er treningsammoen du får kjøpe gjennom skytterlaga: Lapua til ein meget hyggelig pris :)

  2. I jaktlaget vårt har vi mogelegheiten til å ha ein svært lav årskontingent. Vi leiger jakta gratis av grunneigarlaget, men grunneigarlaget skal ha ein viss del av kjøtet. Både jegerar og grunneigarar betaler same pris for kjøtet. Kort sagt: alle er godt fornøgd :)

    Når eg byrja å jakte her, som innflyttar midt i 20-åra, var kravet (og er fortsatt) at nye jegerar er med på lik linje første året, men utan våpen. Dette til tross for å ha jakta fast i anna terreng på førehand. Eg betalte full kontingent, fekk min del av kjøtet og var med rundt på post for å lære terrenget å kjenne, ei heilt super ordning synest eg.

    Alt dette er regulert internt i jaktlaget, eller i samarbeid med grunneigarlaget.

     

    Enig med Stykkjunkeren: "Spørsmålet bør nok stilles til jaktleder, jaktlag eller utleier."

  3. Kjøttet var heilt fint, vi skar reint litt meir enn normalt rundt inngong/utgongshol, men ellers var det bra. Etter kun 5 minutt på bøen før skotet gjekk, så var det heller ikkje noko problem med trykk i vomma. Det er ikkje tvil om at vi hadde funne kolla med ein gong om vi hadde hatt mogelegheit til å bruke lys, men slik er no eingong lovverket. Eg ser både fordelar og ulemper med dette, men vel å tru at det blir færre hendingar i "gråsonen" av regelverket med eit totalforbod. Jaktlaget har ein veldig god statistikk med få ettersøk, så vi får sjå det positive i opplevelsen: laget fekk vist at vi greier å gjennomføre eit ettersøk nøyaktig etter boka :)

  4. Ser bra ut detta Rsubsonic! Nydeleg ver i fine omgivelsar. Hadde sjølv ikkje anledning til å stille i år, då eg tilbrakte helga med 95 km gjørmebryting i Lillehammerområdet. Får kome sterkare tilbake neste gong!

  5. Hei godtfolk!

    Har eit spørsmål eg kanskje kan få svar på her. Har ein skalle frå ein spissbukk liggande. Det er vel nærast som å banne i kirka, å fortelje at etter jakta vart den berre hengande bak garasjen og tørke inn, med hud og hår. Skallen er eit år gamal, og skinnet er no heilt inntørka og laust. Kraniet er ganske grått av farge.

    Er det noko håp for denne skallen? Skinnet skal vere lett å fjerne, men bør eg koke han for å få fjerna restar innvendig? Er det i det heile tatt håp om å greie å bleike ein så tørr skalle?

  6. Det der var ein kjempefin spissbukk :) Eit prakteksempel av ein avlsbukk som sikkert hadde blitt ein fryktesløs stor-kar i eit harem om nokre år....;) Vekt?

     

    Takker og bukker! Biletet av spissbukken er nok eit par år gamalt, så eg huskar ikkje vekta heilt. Det var det einaste biletet eg greide å linke direkte til. Felt på øya Longva, der eg er jaktledar. Kjekt å drive forvaltning på ei øy, der ein har så god kontroll over den totale stammen.

    Neste helg skal eg jakte på heimterrenget mitt, satse på at månen er brukbar :D

×
×
  • Create New...