Jump to content

ginge

Members
  • Posts

    4
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by ginge

  1. Veldig inspirerande å sjå at det er mogeleg å gjera krag'en om til eit jaktvåpen med kikkertsikte! Eg har nettopp overteke ein ombygd banekrag med busk diopter. Eg har lyst å få kikkertsiktet litt meir sentrert enn ein oppnår med S&K montasjen, så eg ynskjer å bruka festet for busk diopteret. Er dette noko ein kan laga sjølv, eller er det børsemakararbeid uansett? Må ein borre i kassen for å feste fremre base, eller kan det løysast på ein annan måte? Håpar på nokre tips, sidan eg tydelegvis ikkje er den einaste som likar krag'en :)

  2. Hei,

     

    Eg syr slirer i norsk tradisjon, med rårandslær og bindsålelær i opphenget.

     

    Her er noko nyttig utstyr:

    - 2 stk nåler (hugsar ikkje dimensjon, men med butt spiss)

    - Eg likar best ein krum syl, som er rund

    - Ferdig voksa tråd (Sjekk Skinnlåven, dei har anbefaling angåande dimensjon)

    - Markeringshjul --> Eg brukar 3 og 4 mm alt etter størrelse på slira

    - Falsebein (til glatting av læret) med hjelpemiddel for å markera linja for sømmen

    - Kniv for tynning av lær (brukast i nederste delen av slira)

    - Stanleykniv til kutting av lær

    - Stål linjal - kutting av lær

    - Skyvelær (brukar dette for å finna tjukkaste punktet på skaftet. Beregnar lengden på slira ut frå det)

    - Holtang for evt. å laga belteoppheng av typen "Vollbakken"

×
×
  • Create New...