Jump to content

frontier

Members
  • Posts

    866
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by frontier

  1. Når du kjem så langt som til presisjonsjakta, så er mi erfaring at kuler under 170 grain er vanskelege i M21. F. eks går Norma jaktmatch i hytt og pine og held såvidt minute of papptallerken på 100 meter. Har derimot god erfaring frå 185 grain (Partizan Grom) og opp til 200 grains (S. Hammerhead). Best presisjon har eg fått med 180 grains Hornady GMX, men litt skuffande fart har gjort at eg valde bort blyfritt. Brukar 196 grains Oryx som jaktkule no, evt. Grom. Heilt ok begge to. 203-b eller N150-krutt.

  2. Ja, det stemmer. Hold meg gjerne oppdatert på stokkprosjektet, har vurdert det samme sjølv. Men ein evt syntstokk må vere av lettvektsklassen, til mitt bruk. Slik mi rifle er rigga, så klokker den inn på 3,1 kg med Aimpoint, med 60 cm pipe. Bra det for ein snart 70 år gammal "mauser" :-)

  3. Avtrekkar for langt framme, ja, i forhold til vinkel på pistpolgrepet. Eg satte på eit Timney justert til ein kilo. Heilt ok. Ein kompis valde Recknagel på sin M21; det er nok hakket bedre - men dobbel pris også. Uansett er dette irreversibelt, du må frese ut i stålet og kan ikkje bytte tilbake til originalt etterpå. Våpenloftet gjorde jobben på min. Kan sende bilder viss det er av interesse.

  4. Originalt er moro, men eg enda likevel med å skifte avtrekk også, då snellertavtrekket på min var ustabilt og til dels farlig. Elles har vi no fire stk M21 i sving på jaktlaget vårt, så vi må vel reknast som i overkant interesserte i gammalt tsjekkisk stål. :-)

  5. Skulle du ende opp med ikkje å finne zg-sikring, så fungerer Recknagel sin "M70-type" bra. Eg har bytta muffe/sikring på min M21 til ein slik. Ikkje lenger original då, men til bruk som smygvåpen i skogen er rifla no merkbart betre.

  6. Er ikkje så sikker på det. Både langholdsskyttarar og dfs-arar operer ofte med ulik innskyting vinter og sommar. Har sjølv opplevd treffpunktavvik ved vinterjakt i 25 minus, sjølv med lommevarm ammo. At eigensvinging i pipe skal vere heilt lik om du tar rifla di rett ut av fryseboksen ville vel vere meir rart enn naturleg?

  7. Viss TS er like uheldig som meg - og mange med meg, ifølge div. trådar og forum - så kan utfordringa med å lade .308 win med CFE-kruttet fort komme til å handle om presisjon, ikkje fart og komprimering.

     

    Farten er der, uomtvisteleg. I begge mine .308-rifler har eg målt mellom 50-80 m/s raskare utgangshastigheit enn f. eks med N11 eller N150. Men det nyttar lite når du går frå 10-20 mm samlingar og opp til i beste fall snusbokssamlingar på 100 meter.

     

    Eg har prøvd div. kuler, laange ladestigar, variert settedjupn på kula, utan å kome i mål med CFE 223. Har gitt opp.

  8. Har lest at ein ikkje bør bruke kva som helst av olje på laminatstokkar. Thumbhole-stokkar frå Boyds, er dei lakka eller olja frå fabrikk? Har ein slik på ein Rem 700, men har aldri studert finishen så nøye på denne slarkepurka. Gitt at den er olja, kva lurium bør ein bruke på slike?

  9. Har reist nokre gonger med Veidemanns reiser. Dei har mykje spennande på Balkan; vilsvin, hjort, rådyr, muflon, gemse. Strålande drivjakt på villsvin i opne terreng (ikkje hegn), vi dreg på ny tur 11.-15. januar.

  10. Det var no ein voldsom påstand. Grom er tilgjengeleg i 7 mm, .30 og 8 mm, med forholdsvis tunge, lange kuler med stor bæreflate og som bygger ein del trykk. Viss du skulle vere avhengig av så høg utgangshastigheit som det blir påstått her, så er det neimen ikkje mange kaliber denne kula ville vere eigna for.

  11. Eg har høyrt rykta, og det er vel forlengst klart at det som har skjedd vil bli teke opp som eiga sak på årsmøtet i Indre Sogn Kippar-laug. Med tanke på at underteikna fekk påpakning for å bruke ein Blaser-patronhaldar på ein Merkel-kipp, så fryktar eg det verste.

     

    Det skal også vere sendt ut bekymringsmeldingar både til Yorkshire og andre potensielt utsette område.

×
×
  • Create New...