Jump to content

Nutta

Members
  • Posts

    163
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Nutta

  1. Hei

     

    Får ikke kontakt med min Astro 320 via WebUpdater .

    Får beskjed om at Grensesnittet i GPS`n må stå på Garmin???? Hvor gjør jeg disse innstillinger?

     

    Terje

    Koble fra og restart pc. Opne webupdate, koble til astro og søk etter enheten. Ikkje ha det travelt kan ta eit par minutt.

  2. Stemmer vel ikkje at det ikkje har kome oppdatering til dc50 endå. Fekk trøbbel med bandet vårt rundt 10. Sept og då måtte eg oppdatere for å få det i gang att. Var support hos Garmin som sa det. Og det funka.

  3. Du kan inn på innstillinger og velge om du vil at "hundeikonet" skal visast. Eg brukar å ha hund som ikon, og brukar også å ha hundenavnet synleg, då vi ofte slepper to bikkjer.

     

    Er veldig godt fornøgd med 320. Mykje lengre rekkevidde, kjappare på alle vis. Finn fortare hundedelen når ein slår på. Nokre endringar i menyen, men ikkje verre enn at ein blir vant til det. Er vel alltid litt uvant med nytt, anten det er peilar, telefon eller tv for den del:)

     

    Har kjøpt eit DC50 band no i haust. Det gjev endå betre rekkevidde enn DC40. Fordel for oss som jaktar mellom berg og dalar og ofte er uten kontakt med hundedelen om vi ikkje står stand by på ein fjelltopp.

     

    Når det gjeld kartet som snur feil veg så opplever eg også det av og til, men det brukar å ordne seg med å kalibrere innimellom.

  4. Oppdatering er ikkje oppskrytt!

     

    Har Astro 220 og DC30. Astron er ein del år nå, hugsar ikkje heilt kor mange, men var ein av dei fyrste som kjøpte frå USA, så må vel vere 5 år i allefall. Fjuska litt i fjor haust. Då eg sleppte nå på måndag var det null kontakt mellom band og mottakar. Rekna med at NÅ hadde den teke kvelden. Men etter oppdatering ser alt ut til å virke! Så kanskje den held denne sesongen også :wink:

  5. Har ein del med betong og ein med singel i bikkjegarden. Tispa har ein dum tendens til å pisse på betongen (der er det tak over...) Eg har helt over ei bøtte med zalo og vatn. Rikeleg med den blågrønne zaloen (antibakteriell), skura litt med kosten og så skylt med reint vatn. Det tek det meste av lukt.

  6. hei. takk for beskrivelsen, men jeg får det fortsatt ikke til! :trist:

    Med en gang jeg kobler håndenheten til pcèn så kan jeg ikke gjøre noe inne på den! akkorat som den blir låst!

     

    Opne mapsource

    koble til håndenheten. Den slår seg då på. Men du skal ikkje gjere noko med håndenheten!

    Så går du til "motta frå enhet" i menyen øverst (ikon som ser ut som liggende håndenhet med pil opp)

    Vent til programmet har finni håndenheten.

    Huk av for det du vil laste ned

    og vips så har du det.

     

    Lykke til

  7. Vil prøve å bytte ut antenna på hundedelen, for å sjå om vi kan bli kvitt "fjuskinga". Er det nokon som veit kva antenna heiter og kvar eg kan bestille? Har amerikansk utgave. DC30.

  8. Ingen av mine har mista jaktlyst av sauedressur i allefall. Har strauma dei før dei er innjaga ( 7-8 mnd) for å få strauma dei så tidleg som råd (jamthund). Viktig med ein som KAN. Har aldri merka at dei fobinder peilar med sauedressur. Båe fekk straum fyrste gongen, eit par smellar. Tispa fekk ein smell andre gongen også. Testar kvart år, har aldri vist interesse etterpå.

  9. Hjelp. Fekk litt trøbbel med at bikkja "datt ut" på slutten av jakta i fjor. Kortare og lengre tid. Men så plutseleg virka det att. Sleppte no her om kvelden og byrja å fuske med ei gang. Bare spørsmålsteikn, endå eg høyrde bikkja og veit at ho ikkje var langt unda. Fekk peila ho hatt når ho kom inn att (på 130 m). Har rekna med at det er den håndholdte og opna i dag for å sjekke loddinga. Men lat ser greit ut. Kva er neste eg må sjekke.

     

    Håndenheten er amerikansk utgåve, og kjøpt fyrste åre Astro'n kom, så trur det er 5. hausten den er i bruk. Har aldri vore noko tull med den. Oppdateringar er gjort.

     

    Kan det vere noko med DC30? Bør eg ta opp denne også?

  10. Ser at forhandlerane her i landet har starta utsending av den nye versjonen. Eg vil ha amerikansk versjon, slik at eg kan kombinere med den eg har frå før. Har tidlegare kjøpt frå American's Pet store, men dei får ikkje inn før i slutten av august. Er det nokon som veit nokon plass ein kan bestille amerikansk versjon NÅ :winke1:

  11. Har også Jerven Termo Hunter. Den er med på jakt om hausten, både til meg sjølv og om eg har ungar med. Vinterstid er den også med på heia. Fin å putte ungane i på skutersleden og populær å krype inn i om det bles litt i heia. Om vi sit ute vår/sommar kjem den ofte fram då også om det er litt kaldt :D

  12. Har sjølv to jämthundar og syns det blir litt i overkant å ha dei lause inne noko særleg. Dei står ute i garden heile dagen men er inne om natta. Tek dei inn i bur/band i gangen kvar kveld. I jakta eller når vi trenar såpass at dei er slitne (og dermed rolege :winke1: ) har eg dei lause inne i huset. Syns det fungerar supert, og har veldig fornøgde hundar :D

     

    Hugs at om du vil ha utehund er der krav til storleik på bikkjegarden. Trur det er mattilsynet som har sett slike krav.

  13. Nutta! Hvor i landet bor du??

     

    Telemark:)

     

    Den fyrste versjonen av halsband mekka eg litt på sjølv. Men har ikkje lyst til å opne DC30 sjølv, og nå lurar eg på om den håndholdte også burde hatt ein sjekk. Om det må loddas kanskje... Så då lura eg på om det var nokon som ville ha sett over den :smile:

  14. Kjedene har det nok i sortimentet sitt, så bør gå an å få nærbutikken til å ta inn noen bokser for deg. Da slipper du lete etter en butikk som lagerfører blod. :wink:

     

    Hadde det vore så vel. Har spurt på alle matvareforretningane her i bygda (3 stk). Dei kan ikkje skaffe sei dei.

  15. Skulle gjerne hatt nokon til å kikka over både hundedel og handdel før sesongen startar. Har ikkje lyst til å skru frå kvarandre sjølv :winke1: Er det nokon som veit om nokon som gjer dette. Amerikansk versjon. Har vore "hardt" bruka fleire sesongar no, og syns det vart litt tull med signal som datt ut på slutten av jakta i fjor. Så vil gjerne sjekke om alle ledningar er festa osv...

  16. Lagrer bare opp til 10 tusen punkt så da forsvinner di første osv. Men alt er lagra på hundeenheten og kan lastes over derfra.

     

    Ok. Skjønner. Det er altså ikke mulig å gjøre noe med ? Hadde vært nyttig å sett losens gang på morgenen for posteringspunkter lenger utpå dagen..

     

    Jau dette kan du gjere noko med. Hugsar ikkje ekstakte tal men trur fabrikkoppsett er slik at den bare lagrar 7000 punkt. Du må endre den slik at den lagrar fleire. Meiner min retta seg når eg endra til 10000. Har ikkje gps'n her så får kje sjekka. Men kluet er å sette mottakar til å lagre fleire punkt...

  17. 5. En grunneier skal la være å skyte et dyr, på sin egen grunn, når nabohunden jager på det.

     

    Skulle inderlig ønske at hundeeiere sluttet å forkynne dette. Det er ikke annet en ødeleggende for oss som driver med hundejakt.

    Å skyte for naboens hund handler ikke om dårlig jaktmoral, og har overhode ingen ting med det å gjøre. Det burde være fritt fram og skyte for andres hunder så lenge man er på egen grunn. Bare ta godt vare på bikkja på fallet.

    Hunde eiere har på ingen måte eierrett på viltet selv om det er hans/hennes hund som jager det.

     

    :D:):lol::P Hadde dette vore på facebook ville eg trykt på liker-knappen. Eg er så engig så enig. Syns det er pølsevev når bikkjeeigar hevdar slik som dette. Eg jaktar fleire stadar, og har kjempegodt samarbeid med nabolaga. Dei kjem som oftast på radioen føre dei skyt. Eg syns det er heilt topp at det blir skyti for bikkja. Men som du skriv, dei må ta vare på bikkja på ein god måte. Og det må vere eit vettugt menneske som skyt.

  18. Jamt: Som jeg skrev, ¨å er den oppdatert og slettet flere ganger og lagt inn igjen for å være på den sikre siden.

     

    Veldig surt dette, da jeg ikke finner eksempler noe sted på at noe andre har opplevd lignende.

     

    Har du prøvd å resette alt (står litt om det i denne tråden eit par innlegg før dette), for så å oppdatere på nytt? Kan vere innbillning men eg syns det har litt å sei på min at eg set på håndenheten fyrst og så bandet. Gjer dette og legg alt på biltaket mens eg ordnar med bikkje børse og sekk så brukar det å vere på nett. Bør ikkje ta særleg lengre tid

     

    Kan også vere verdt å prøve å oppdatere frå ein anna datamaskin - for å vere sikker på at det ikkje er noko galt med webupdater. Ser på forumet her at ein del får problemer etter oppdatering. Sjølv har eg oppdatert ca 10 sette med Garmin Astro i haust + nokre ekstra band, og aldri hatt problem etterpå. Det er litt rart

  19.  

    Det er om de forstyrrer hverandre jeg lurer på, ser det var uklart nå. Fins det en slags liste over hvilke sendere du kan henge på hunden sammen med Astro uten å få forstyrrelser?

     

    Nei, det går ikke.

    Gjelder dette svaret fortsatt, etter jeg har presisert spørsmålet?

     

    Jeg tolket spørsmålet som om det er mulig å peile den ene med den andre. Da er svaret nei.

     

    Om de vil forstyrre hverandre har jeg ikke prøvd, så det tør jeg ikke svare på...

     

    Fyrste sesongen eg hadde Astro køyrde eg heile tida dobbelt. Stolte vel ikkje heilt på Astron då:) Har jamthund, så det var ikkje noko problem å lesse på litt. Dette var når eg hadde DC20, så teipa denne fast til contaktbandet. Merka ingenting til at desse forstyrra kvarandre. No brukar eg bare Astro, men kjenner folk som framleis sender hunden ut med båe peilarane på. Dette er på hundar som har det med å bli vekk så lenge at Astron gjeng tom for straum, då er Contaktn super å ha.

  20. Har bikkjene ute i hundegård heile dagen, på natta er dei inne i gangen. Ungbikkja i bur og gamlemor i band (ho får nervøst sammenbrudd i bur inne, men kan vere i bur i bilen). Tispa som er gammal og fornuftig får gå laus inne i periodar der ho blir bruka mykje (og dermed blir veldig roleg;)) Og då er det pussig varmt i sofaen når vi kjem ned om morgonen...

     

    Men i senga kjem dei IKKJE!

×
×
  • Create New...