Jump to content

sunnfjording

Members
  • Posts

    132
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by sunnfjording

  1. Svarthunden blir fire år. Syns sjølv eg har vore flink med sosialiseringa, men når han nærma seg to år var det full krangel med så godt som alt av hannhunder. Ein kamerat har ein GS hann som han går fint i lag med, og ein anna kamerat har ein IS hann som han går greit i lag med under tilsyn. Andre spisshunder betyr bråk, kvar gang. Har skjønt på folk i elghund miljøet at dette er eit vanleg problem med hannhunder.

     

    Har sett på Vorsteher også, og liker korthårsvarianten godt. Problemet er at vi driv med sau og eg har blitt fraråda å kjøpe Vorseher på grunn av at dei er vanskelegare å få sauereine. Derfor er det Pointer som er mest nærliggande per no, men både Irsk og Engelsk Setter skal vurderast nærmare. Har høyrt at Pointeren skal vere noko enklare å dressere og ikkje treng so mykje repetisjon som ein Setter.

  2. Det er vel det som fort blir resultatet. Har tenkt litt på trekk og kløv eigenskapane, og då vil ein grov hanne vere bedre enn ei tispe. Men har ikkje konkludert verken når det kjem til verken valg av rase eller kjønn. Sjølv om det er ei Pointer tispe det er størst sjans for nett no.

  3. Har ein dominant hannhund som går dårleg i lag med andre hannhundar. No er eg begynt å spekulere på å skaffe meg ei bikkje til. Det eg lurer på er korleis det vil gå dersom eg skaffer ein hannhund til. Noken som har erfaringar med det? Den bikkja eg har no er ein elghund og neste blir ein setter eller pointer.

  4. De store næringene vi hadde tidligere som skaffet landet inntekter (skipsfart, industri, fiskeri, treforedling, bygg&anlegg, hvalfangst) har blitt behandlet med en helt annen brutalitet. Resultatet er et omstillingvillig og våkent næringsliv som har gitt oss den velstanden vi har idag.

     

    Det at vi har bygd ned næringer som skipsfart, rasert industrien, fiskeforedlinga osv. er vel strengt tatt ingen solskinnshistorie og noko å trekke fram som positivt? Ein nasjon burde ha fleire bein å stå på enn oljekrana i Nordsjøen.

     

    Stikkordet for å få til ei fornuftig rovdyrforvaltning er lokal forvaltning. Ein må ta omsyn til lokalt næringsliv, tradisjon og kultur. Dette være seg beitedyr, jakt eller anna. Storsamfunnet kan ikkje berre overkøyre folk i distriktet. Slik det er no forsvinn tilliten til forvaltningar fortare og fortare for kvart år. Det burde ikkje vere ein rett for byfolk å pålegg oss i distrikta den byrda dei store rovdyr er.

     

    Overskrifta på denne tråden kunne godt stått utan ?.

  5. Du kan halde muflon sau på lik linje med anna sau. Sjekk opp korleis reglane er for å halde villsau. Dei har muflon på Langedrag og nokre få andre plasser. Kjenner ein kar som har nokre mufloner. Det er ekstremt vanskeleg å få tillatelse til å hente nye dyr/flytte dyr over sone/fylkesgrensene, så å få tak i dyr er vanskeleg. Du kan fint krysse dei med vanleg sau så vidt eg har forstått.

  6. I enkelt områder er det mykje verre enn 5%. Her i området observerer eg mykje mindre dyr no enn for nokre år sidan. (Toppåra 2007-2009). Så kan vi diskutere kva som er ein riktig bestand, men at her er mykje mindre hjort er iallefall eit faktum.

  7. Forvaltninga ligger på etterskudd. Toppen er over, men jakttidene blir stadig auka. Hadde vore artig å sett korleis avskytinga hadde vore med gode gamle jakttider frå 10 sept til 15 nov, med fredning i brunsten. Då trur eg vi hadde sett heilt andre resultat.

×
×
  • Create New...