Jump to content

Laushund på hjortejakt, uten postjegere - kan det lukkast?


magnum_mauser

Recommended Posts

Eg har ein tjt som viser svært lovande tendenser som laushund. Enorm jaktlyst og han henger lett på eit par kilometer, til tross for ung alder og lite erfaring. 

 

Eg har eit terreng som er skapt for denne jaktformen, det er innerst i ei bygd og oppover dalen mot toppen på fjellet er det gjenngrodde utmarksbeiter og granfelt, som hjorten bruker som dagleier, etter å ha beita nede i bygda om natta. Og dei gangane eg har slept hunden, har hunden komt inn på dyra den veien dyra har komt inn i dagleiet sitt, dvs hunden blir slept "nedom" dyra og dyra vil oppover dalen og inn på fjellet - so godt som bankers at der kjem dyr om ein poster på toppen.

 

Men vi er 2 stk i det jaktfeltet som jakter, og han andre har ingen erfaring med jakthund, men som dei fleste andre inngrodde sunnfjordinger har han høyrt at ein hund kan tømme eit område for hjort - og det går halve hausten før der kjem dyr igjen. So derfor er han skeptisk og eg får han ikkje med meg på denne jaktformen. Eg har derfor fått bekjente til å være hundefører og so har eg posta aleine. 

 

Men er det mogleg å sleppe hunden aleine, og fortsatt få skutt? Eg opplever skjeldent at hjorten turer, min erfaring i det terrenget tilseier at hjorten trekker opp og innover i fjellet.

Eg har alltid tenkt det som opplagt å sleppe hunden "bak" hjorten og poste over den, i trekket vidare innover fjellet. Men kva kan eg forvente skjer, dersom eg går inn på fjellet og sender hunden nedover, mot hjorten - vil den fortsatt komme innover fjellet? Den har eit alternativ og det er å trekke nedover mot bygda framfor å komme opp, men då innover ei svært bratt og gjenngrodd fjellside der det kan stå dyr i dagleie - men dei har ikkje mangen moglegheiter til å komme seg vekk derfrå.

 

Eg vil gjerne halde trykket opp, og la hunden få jage so mykje som mogleg. Det beste hadde vert å komt seg inn på eit jaktlag som trenger ein hundefører, men slik det er pr i dag - kan det sjå ut som eg må jakte mest med han aleine. Og då er eg litt usikker på korleis strategi eg skal velge.

Link to comment
Share on other sites

Går bra det. Skjøt 2 hjort og 4-5 rådyr for egen hund i fjor. Ene hjorten var etter en lengre los mens den andre var i en stålos. Rådyrene var en kombo av losdyr i uttak, dyr som går ut i losen men lurer seg unna og returnerer til uttaket eller dyr i los. Bikkja mi er temmelig løs i målet noe som jeg tror er en fordel ettersom uttakene ikke blir så harde.

Link to comment
Share on other sites

Noko av det likaste etter mi erfraring når eg jakter aleine(eller med andre for den del) med min TJT, er å sleppe frå oppe på fint overvær, dvs når temperaturen er stigande og lufta går oppover....da å sette seg ved løypa der ein veit hjorten vil gå for å komme til fjells. Da er det meget god sjans for suksess. Ein kan jo godt vere fleire til å postere, når terrenget og været er slik at postering forgår ovafor dyra og dei vil opp, så er det kanskje størst sjans for fall etter mi erfaring.

 

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...