Jump to content

Hjortejakta 2021


Ellingskapteinen

Recommended Posts

Sidan me har trådar for både bukkejakta, reinsjakta, revejakta, og synst eg det er heilt på sin plass med ein tråd for hjortejakta og.

 

I morgon er altso premiera (med unntak av somne områder som har tjuvstarta.)

sjølv må eg stå over dei fyste 3 vekene, og må derfor leve på andres opplevingar enn so lenge. Del gjerne både historier, bilder, og erfaringar. Kanskje skal de prøve ei ny måte å jakte på i år? Eit nytt område? Nytt utstyr? Det er møkje å gle seg til! 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

4 hours ago, Chiefen.v-2 said:

Kjører i ettermiddag, 3 dager med gode kamerater.

 

Været er tilbake til normalt hjortejaktvær etter noen år med T-skjortejakt, det blir vått og brått.

 

IMG_20200905_122143217.jpg.416019c9be04d40749839d1603619c4f.jpg

Då er du heldig! 😂 Her er det julivær, dvs 20 grader, sol og tørt som fa@$.

 

Med nylig godkjent ettersøkshund, hadde det vore veldig greit å få skutt eit dyr eller to på bøen som unghunden kunne få gått "ettersøk" på. Men med temperaturen og manglande tilgang på kjøl - er det utfordrande.

Link to comment
Share on other sites

Då er jakta i gang! Eg hadde egentlig ikkje lyst å skyte noko på grunn av været og mangelen på kjøl. Men når unghunden nettopp vart godkjent som ettersøkshund, hadde eg fryktelig lyst å kunne gå eit kontrollert "ettersøk" med den, på eit dyr eg hadde skutt. Dermed tok eg meg ein tur i dag, og tre ungdyr gjekk igjen etter det lysna, fjordbukken eg hadde sett meg ut, ville aldri stille seg opp aleine og til slutt var den komt farlig nærme steingarden og eg måtte derfor skyte den når den sto litt skrått frå meg. Men skuddet satt fint, bukken baksa seg nokre meter og vart deretter liggande å sparke, den låg slik til at eg ikkje fekk skutt på den, før den eventuelt reiste seg. Eg låg derfor klar og sikta på den leeeenge, faktisk so lenge at eg fekk ein telefon om eit ettersøk og fekk vidareformidla det - før eg fant ut at her er det berre å rykke fram. Eg sprang rundt ein stor haug med rundballer for å komme i posisjon og i mellomtida hadde den reist seg og var på vei vekk frå bøen, det vart derfor eit oppfølgingsskudd på løpande dyr med særs høg puls og skotet havna desverre litt langt bak - men dyret gjekk ned i smellen. Men han var langt frå dau og sprella, sparka og baksa so ille at eg enda opp med å springe bort for å deretter avlive den med eit nakkeskot på kloss hold - 3! skot i ein fjordbukk 😶😶😶😶

 

Det første hadde gått inn bogen og hadde gått skrått gjennom bogen og stoppa i skinnet framme i bringa. Skudd nr to hadde vore oppe i ryggen, langt bak - hol i vomba men heldigvis var det lite søl. Skot nr 3, som avslutta det heile gjekk tvers gjennom nakkesøyla. 160 grns barnes ttsx i 308

 

Den mest seigliva hjorten eg har skote nokon gang, ein guffen opplevelse. 

 

Men, unghunden fekk gå eit "søk", og han gjorde alt rett og viste stor interesse på fallet - han ragga og kosa seg. So det er nok ein god investering til neste gang ettersøkstelefonen ringer.

 

 

IMG_20210901_111119_515.jpg

20210901_094713.jpg

  • Like 8
Link to comment
Share on other sites

  • 3 weeks later...

Lite aktivitet her, håpar det er fordi folket er for opptatt med slakting til å kunne skrive her inne 😊

 

Eg hadde god uttelling første veka i jakta og fekk skutt eit knippe dyr. Men so har det vert litt pause på grunn av laksefiske og deretter hadde eg fleire turer prega av uflaks og dårlige beslutninger - eg gleder meg til den gangen eg omsider lærer å smyge sakte nok!

 

Men forleden kveld klaffa alt og eg fekk ein fin spissbukk, 110 meters hold og blaser'n i 9,3x62 ladd med 286 grns nosler - vart både effektivt og ryddig. Han snudde seg rundt etter smellen og rusla 2 meter tilbake der han kom frå før det var slutt. 

 

Ein plass eg har skutt masse hjort, det er ein god post men det er eit umenneskelig slit å få hjorten der ifrå! Dette var om kvelden so frå skuddet smalt var det ein kamp mot klokka for å få hjorten ned til skogsvegen før det vart mørkt. I det eg og hjorten kom snublane ned i skogsvegen og eg vart ståande på kne og albogar og kaste opp, kom bonden køyrande med traktoren. Han spurte meg forsiktig om kva det var med hjortejakt i vårt terreng eg eigentleg fant appelerande 😂

Men når eg kom meg bort i bekken og fekk i meg ein liter vann og deretter litt sjokolade og nøtter - var eg klar til resten av jobben.

 

Men alder er oppskrytt! Tidligare kunne eg ha slike kraftanstrengelser og restituere på eit godt måltid og ei god natts søvn. Men no henger ein slik dag i kroppen i fleire dagar 😶👴

IMG_20210926_234727_902.jpg

  • Like 9
  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

"Spøkelseshjort" er eit snodig fenomen. Reiste til fjells og satt nokre timer på post i eit helv@#$% vær og gjekk nedover igjen i so god tid at eg fekk med meg utmarksbeita før det vart mørkt. Kom nedover og ser eit fjorddyr som går rolig å beiter 180 meter frå meg. Eg kom på ein skogsveg og hadde vegetasjon foran og bak meg og det blåste godt, vegitasjonen bevega seg i vinden so i praksis skulle eg være godt skjult, i tillegg var det ei elv mellom oss som brusa godt - so eg tenkte at "dette blir bankers". Eg gjekk rolig 1 meter fram, slik at eg var heilt i skjul bak eit tre, tok av meg ryggsekken og gjekk ein meter fram og monterte skytestokken og la rifla i anlegg - men kor er dyret? Når eg såg på det sist, beita det roleg og eg gjorde ein ørliten forflytning der eg var kamuflert på alle måter, vinden var perfekt - 30 sekunder etterpå var dyret forsvunne. Eg vart ståande å saumfare beitet med kikkert til det vart mørkt, men såg ikkje snurten av det. 

 

Bedre lukke neste gang. 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

  • 3 weeks later...

Hjortejaktfølelsen kom ikkje før vi var kome litt ut i oktober. 

Mogeleg at 20 varmegrader og solskin drap litt av haustfølelsen.

September var ingen jaktmånad hos oss.

I år unna eg meg ei heil ferieveke i oktober. Så det vart ein del smygjakt og turar i lia.

IMG_20211017_205806_205.jpg.fb077cc827bb1bad9f374ca7cb23d309.jpg

Gå sakte, speide, gå sakte vidare.

IMG_20211011_215946_622.jpg.391193c44dea3f317b4324e61073c566.jpg

Være på rett plass til feil tid.

IMG_20211011_215946_671.jpg.73157ed3d41ca2697562cf534fd29259.jpg

Vellukka smygjakt. Ei bondstrike i 6,5 Creedmoor var effektiv. 

IMG_20211011_215946_681.jpg.cb2dcef07f723c4a5c60a0e2d33d4b58.jpg

Når jaktgudinna omsider sjenkar, då drikk eg 😉

 

 

  • Like 6
Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Da ble det hjortejakt i år også. Jaktet med dreveren min i 3 dager, og sånn gikk det:

Dag1 fikk vi en bukk kort tid etter uttak. 4 tagger på ene siden, men dessverre knekt på andre siden.

Dag2 fikk vi los på kolle med kalv, men ingen realistisk skuddsjanse. Det turet rundt i over 2 timer før det ble tap.

Dag3 fikk vi ei kolle etter et langt søk og kort los etter uttak.

Kaliber og kule: 8x57IS og 180gr Etip.

Flott tur, og gleder meg til neste gang 🙂

20211029_093200.jpg

20211031_092806.jpg

  • Like 5
Link to comment
Share on other sites

Det er ikkje akkurat slik at me snublar i hjort her langs kysten av Aust-Agder, men eg var heldig nok til å få felle min andre hjort no i år. Falt ein tidleg septembermorgon under posteringsjakt. Skaut min fyrste under jakt med hund i fjor, ca 300m unna der denne ramla.

 

 

Hjort.jpg

  • Like 4
Link to comment
Share on other sites

Endeleg full klaff for tyskern, skaut double for ho i går👌 ungkolle og kalv, høgt oppi lia i Bøverdalen, lengst vest i Lom. Vore mykje stang ut og træling i haust ifht å få felling for bikkja i år,  så endeleg stang inn. Hjort nr 14 & 15 i år for vår del, samt 3 elg.

 

Etter mye stang ut i høst, så ble det endelig klaff for meg og Spurven! Høgt på post i dag, brodern tok med seg bikkja til andre sia av lia, oppe i tregrensa og slapp der. Bikkja gjorde seg en svingom 150m fra han og var inne att, da det plutselig kom joggende 4 dyr forbi de. Vart sjølvsagt eit helvetes leven og losen byrja å gå, musikk!🙂 dro rett nordover mot meg, knotete postere der jeg satt i andre enden av lia, litt på lykke og fromme ifht å treffe rette plassen. Hørte godt losen nærma seg, takke være den så klarte eg omtrent å vite høgda det kom i, flaksen gjorde at eg vrei hodet litt opp mot venstre. Skimta ørene på dyra i det dei drog oppover og nordover ovafor meg. 3 dyr, kolle, kalv og ungdyr. Da var det bare å begynne bakerst, først datt ungkolla, så fekk eg tak på kalven👌 bikkja kom rett på fallet, DET var ein herlig følelse etter at vi fram til i dag ikkje hadde fått fall for bikkja tidligare i haust!

 

20211106_130223.jpg

Edited by YnStee
  • Like 6
Link to comment
Share on other sites

Vi var vel 4 på drev med 1 hund og 10 på post. Første gangen det smalt hadde jeg knapt rukket å sette meg ned på posten og drevet var ikke satt i gang. Deretter gikk det slag i slag og drevet varte vel i ca 1.5 time. Alle dyra må dras ned med håndmakt til nærmeste vei og var nesten glad vi ikke hadde enda flere å bakse med. Men stemningen var upåklagelig, selv om det ble seine kvelden før vi hadde flådd det siste dyret. Kan nevne at vi har ca 30 dyr på kvoten, men dette var vel "pers" på ett drev. 

  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

  • 4 weeks later...

Endeleg, klarte å overliste den vesle kalven, litt på overtid. 

Har vore nære på, og har brukt "litt" tid på denne kalven. Nesten gitt opp. 
Hadde med rifla på mårfellesjekk, oppdagar plutseleg ungdyr og denne kalven. Då gjekk det over til intens og spanande smygjakt med suksess til slutt 📯

 

20211212_112805.jpg.4ab697a00d14c5dfeb3dc83d1aaf0dd8.jpg

 

Norma Bondstrike i 6,5Creedmoor.

 

20211212_110015.jpg.b683075f03de127a12ef41779d7b3ffb.jpg

 

22kg var vekta. 

  • Like 7
Link to comment
Share on other sites

Det ser så flatt ut der dere jakter 😀

 

Jeg har ennå ikke nok erfaring til å tenke på å ta så fine bilder, men her er ett fra skuddplassen.

Stilken kom oppover bakken og ble skutt ca 3 meter til venstre for bildekanten. Skuddhold ca 20 meter. Dyret stivnet til i skuddøyeblikket, snudde og gikk nedover bakken et par steg før den segnet om.

 

image.png.3c664b0fbca0bdc890031de6c9734c2c.png

 

 

Jeg er glad stilken datt slik og ikke rullet ned i slukta og ble til kjøttdeig.

 

image.png.5b995fb990cb1e540af3f7300dd70eeb.png

 

 

(.308, Federal Trophy Copper)

 

  • Like 8
Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Då er hjortejakta over for i år! For min del har det vore ein seig haust med mykje jobb pr felte dyr. Bestanden er minkande samt i september og oktober var det unormalt varmt og vått, det vart mange turar uten å sjå snurten av dyr - noko som er unormalt i mine terreng. 
 

Men eg fekk sopass med dyr til slutt at både eg og grunneigarane har kjøtt i frysen til neste haust 😉 Og til tross for lite dyr har det vore mangen fine turer og opplevelser, fekk skutt to dyr for unghunden og det var stas! Eg brukte 308’n med rws sin evelution green, den er eg veldig fornøgd med, sofremt ikkje holda er veldig korte. Eg skaut også eit par dyr med 160 grns ttsx, som også gjorde jobben - men eg er alltid litt nervøs med tanke på ekspansjon når eg bruker den kula. Utover det fekk 9,3’n også lufta seg. Eg skaut 2 dyr med 286 grns partiton, og her vart det som forventa knall&fall og fine slakt. Eg skaut 1 dyr med 220 grns fox, det slaktet såg ut som det var skutt med granat 😳 men eg skulder på at dyret var stressa før det vart skutt, samt det var svært kort hold (20 meter) og ei 220 grns kule i 9,3 går relativt fort på slike avstander. Eg skal prøve den igjen til neste haust og forhåpentligvis ser slakta litt betre ut.

 

Ellers prøver eg alltid å reflektere litt over kva eg kan lære av hausten som har vert, og kva eg kan gjere betre til neste haust. Og i år har rett og slett psyken og innstillinga mi til jakta påvirka utøvelsen i negativ forstand. Eg merker det at eg blir påvirka av å sjå mykje mindre dyr enn eg normalt gjere, eg mista dermed litt trua på det eg heldt på med, og jakta dermed ikkje so effektivt. Eg bevegde meg litt for fort i terrenget og var ikkje flink nok til å bruke kikkerten. Og det er kanskje spesielt i slike situasjoner, der ein virkelig bør ta vare på alle sjanser ein får, at det ikkje er rom for å slurve! 
 

God jul godtfolk, no kan vi glede oss til neste haust!

  • Like 8
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...