Jump to content
Mauser68

Tråden om pølsemaking

Recommended Posts

Ja, då er helvete i gang igjen... Kjøkkenet ser ut som et bomba horehus i Bagdad, kjerringa klager over at tarmen ( ikkje min tarm :twisted: ) lukter reine helsiken, samtidig som ho maser om at dette rotet får eg værsegod ordne opp i sjøl, og eg står og koser meg med å lage til lekker mat til vinteren. Det er tid for pølser !! :mrgreen:

 

Fekk eit anonymt tips, om at eg skulle ha laga ein tråd, der eg beskriv korleis ein lager pølser. Det er ikkje så veldig vanskelig, men ein lærer stadig nye ting undervegs, så den perfekte pølsa er nok ikkje alltid ein får til. Men dei duger og er mykje meir mat enn ordinære kjøpe pølser og du kjenner at det er kjøtt i dei. Det er ikkje noko du må lure på...

 

Men å ta bilder av alle ting ein gjer, uten å omtrent vannskade kameraet er ikkje heilt lett. Så desverre så er det et par bilder eg kunne tenkt meg å ha illustrert meir, men skal prøve å forklare.

 

For å sei det slik, så er eg ikkje pølsemaker, men har ein lidenskapelig interesse med å lage mat. Det som eg beskriv her, er mine erfaringer, tips eg har fått av pølsemakere og min gode gamle bestemor på 95 år, som har laga pølser i ein mannsalder.

Så ta forbehold om eventuelle feil i forhold til kva som er godkjent og anbefalt av pølsemakere.

 

Først må du ha litt utstyr, som kjøkken maskin med kjøttkvern og pølsetuter. Ei slik kjøkken maskin, har sine begrensinger, men den duger til småskala produksjon, som er det sjiktet eg opererer i. Eg lager mellom 5 og 10 Kg med pølser i slengen. Ulempen med kjøkkenmaskina er at den er litt treig, bråker som ei illsint bjørn og lager desverre litt luft i tarmen ved pølsestappinga. Kverna derimot, er faktisk heilt grei, og det tar ikkje så lang tid å kverne 10 kg med ei slik maskin.

 

Ellers så er vel ei dugelig kjøttkvern, eltemaskin( hakker ) og ein pølsestapper greitt å ha for større skala.

Så må du ha ein god skarp kniv, skjærebrett, hyssing til å knyte igjen pølsene, og et par gode boller/trau til å ha kjøtt, deig og pølser i. Her er i allefall den maskina eg bruker, med utstyret.

Pylse1.jpg

 

Kutt kjøttet og spekk opp i strimler på ca 2x2 cm, og i 10-15 cm lengder ( gjerne lengre også, det forenkler kverninga ) Her er det hjortekjøtt og spekk som eg kverner.

Pylse2.jpg

 

Eg har i ca 25-30 % spekk i lag med hjort og vilt. Det må ha bra med spekk i lag med viltkjøtt, ellers så blir pølsene veldig tørre, dårlige på smak og du får problemer med å få god konsistens.

Pylse3.jpg

 

Her er det svinekjøtt og litt spekk, som eg kverner opp. Svinet har godt med fett og spekk, så avskjæret frå svinet, er ikkje problematisk å få nok spekk i. I svinepølsene mine, så er det nok ca 30 % spekk også.

Pylse4.jpg

 

Etter du har kverna opp kjøtt og spekk, så må du ha i salt og krydder, og elte dette godt inn i deigen. Så pleier eg å ha i ca 1 -2 egg pr. kg med kjøtt. Når dette er elta inn, så har eg kraft på lur, som i dette tilfelle er også godt krydra med estragon, karve, salt og pepper. Krafta visper eg inn potetmel i, sånn at det er lettere å få bindemiddelet godt rundt i deigen. Så blander eg deigen veldig godt og slutter av å elte, når eg kjenner at deigen begynner å bli seig. Deigen skal være fast, som vanlig karbonade/kjøttkake deig, men ikkje hard som betong, då blir pølsestappinga et lite helsiken og pølsene blir for faste. Her er svinedeigen ferdig elta og klar til prøvesmaking.

Pylse5.jpg

 

Her er hjortedeigen ferdig og klar til prøvesmaking.

Pylse6.jpg

 

 

Ja prøvesmaking er et must når ein lager pølsedeig. Ta ein god klatt og kjør i steikepanna. Då får du testa ut 2 ting. Det eine er om smaken er som den skal, det andre er om konsistensen er sånn som du vil ha den. Ved prøvesteiking, så skal deigen være godt smakfull og den skal føles godt salta. Den skal td. være mykje saltere enn vanlige karbonader/kjøttkaker du lager. Dette er fordi at når den ligg i tarmen og trekker salt i kjøttet, så blir den mildere, det samme er når du trekker den i panna, då blir ein del salt/smak borte. Så stikkord er at den må være godt salt, men ikkje ubehagelig salt.

Pylse7.jpg

 

Når pølsedeigen er ferdig elta og smaken/konsistensen er riktig, så pleier eg å la den ligge i kjøleskap eller ein kald kjeller, til neste dag. Dette er fordi at kald/kjølig deig er lettere å pølse, det andre er at deigen får trekke til seg alle smakene av krydderene. Men dette er litt opp til den enkelte. Det er mulig også å pølse den samme dag. Når du skal pølse så treng du tarm. Eg kjøper tarm på den lokale Meny eller Coop butikken. Tarmen er i bunter på ca 50 meter. Eg har ikkje målt kor mykje du treng, men meiner å huske ca 1 kg pr meter tarm. Men eg trur eg bruker litt meir enn det, så pass på at du får nok tarm. Det er kjedelig å sitte med 2 kg deig igjen og ingen tarm. Tarmen skal legges i lunka vatn i 10-15 minutter, og så skal du skylle tarmen innvendig med lunka vatn, sånn at du får ut avfallstoff og salt som er inni tarmen.

Pylse10.jpg

 

 

Så tar du tarmen og trer innpå pølsehornet. Tre på så masse som du klarer å få innpå, eller lag deg ein mal på kor store pølser du skal lage og ta mål av lengda på tarmen som du trer innpå.

Pylse12.jpg

 

 

Eg pleier å tre på så masse tarm på tuten, at eg må nesten holde igjen, for at tarmen ikkje skal falle av. Men i begynnelsen, så ta mindre på, sånn at du får litt følelsen med det.

Pylse8.jpg

 

 

Her har eg nettopp tredd på meir tarm, og laga knute i enden. Og her ligger ein haug med ferdige svinepølser. Jummi... :)

Pylse9.jpg

 

Her er eit lite knippe med hjortepølser, som er ferdige.

Pylse13.jpg

 

Her er første svinepølsa, som eg trekte og laga til middag dagen etter den blei pølsa. Ingenting er som heilt ferske pølser, med godt tilbehør. Dei svinepølsene har eg potetmos, fløte/brun saus, sennep, og surkål. Svinepølsa er meir som ein slags Bratwurst og den røyker eg ikkje.

Pylse14.jpg

 

 

Her heng hjortepølsene til tørking i kjellertrappa. Det er veldig viktig at ting som skal røykes ikkje er fuktige, for då vil dei ikkje ta til seg røyken skikkelig. Så eg pleier å la dei henge 1 døgn med vifte, som sirkulerer lufta. Det hjelper. Hvis du ser på bildet, så er dei øverste pølsene mørkere enn dei som er nederst. Dei som er fuktige er nærmast tarmfarge på, mens dei som er ferdig tørka, er nesten gjennomsiktige og du ser kjøttet gjennom tarmen og blir derfor mørkere. Desse pølsene heng no i røykehuset mitt og blir røykt. Eg bruker tørr orrespon ( older ) når eg røyker. Det er ein stor fordel å røyke med tørr ved kontra fuktig ved. Ellers så stig dampen opp og kjøttet blir fuktig igjen og du må røyke mykje meir for å få smak på kjøttet.

Pylse15.jpg

 

Og i dag, så har eg tatt ned pølsene frå røykehuset, og som de ser på fargen, så er den blitt ein del mørkere på farge. Det var nesten -10 grader i går når eg røykte, men tross det, så fekk dei ca 8 timar med effektiv røyking. Dei var heller ikkje frosne, når eg henta dei ned i dag, etter å ha hengt i heile natt og dag i ca 8-9 minusgrader. No ska dei henge i kjelleren, til i morgen, så skal den testes... :mrgreen:

Pylse16.jpg

 

Tok et anna bilde av noko tjafs eg fann i røykehuset også. Ser ikkje så aller værst ut det heller, he, he... :mrgreen:

Flesk.jpg

 

Og i dag, så tok eg å laga til et par hjortepølser, som har hengt i røykehuset et døgn, og i kjelleren et døgn. No har røykesmaken fått trengt inn i pølsene. Dei er no klar til å frysast ned i porsjoner.

Pylse17.jpg

 

Og jaggu havna ikkje det hjortepølser på middagsbordet i dag, med heimelaga potetstappe av mandelpoteter, smør, salt, pepper og fløte. Av alle ting, så klarte eg den store bragden å kjøpe kaffifløte istadenfor matfløte. Men heile boksen gjekk oppi gryta alikevel, og smaken var ingenting å sei på... :mrgreen:

Pylse18.jpg

 

Til slutt vil eg oppsummere eit par viktige momenter :

 

- Når kjøttet er til kverning og elting, så pass på å få gjort dette kjapt, sånn at du ikkje får høg temperatur på kjøttet. Ikkje somle og reis i stua og sjå på tv, fordi det går ein bra serie. Då tar du i tilfelle å sett det kaldt før du gjer andre ting.

- Pass på at du er nøye med håndvask og at alle ting som du bruker i produksjonen er godt vaska.

- Ikkje fyll i tarmen for mykje. Det skal ikkje være stramt skinn, velfylt men litt slapp i "fisken" skal den være. Ellers så får du sprekker i pølsene under trekking i vatn, dei utvider seg.

- La det alltid være ca 1,5 - 2 cm med tarm etter knuten. Sånn at når pølsa heng til tørking/røyking og utvider seg under koking, ikkje får knuten til å bli pressa av. Det er kjedelig å plukke pølser opp av gulvet i røykehuset. Bruk vanlig bomullshyssing, som er å få kjøpt i dagligvarehandelen. Den holder greitt og er grei å jobbe med.

- Lag alltid ein vanlig knute, så tar du enden av tarmen og legg over knuten, og så knyter du ein dobbel knute over der igjen. På pølser som ikkje skal henge eller røykes, så er ikkje knuten så viktig, så der held det normalt med ein vanlig dobbelknute.

- Det blir alltid litt luft i tarmen under pølsinga. Ta ein tynn knappenål og stikk på dei største luftlommene, men ikkje punkter heile pølsa. Maks 8 - 10 hull. Og vær forsiktig i enden der som knuten er, sånn at ikkje det hullet blir strekt og tarmen rivner under henging.

- Du blir ikkje ekspert på 1-2-3, så ta å lag små porsjoner i slengen og prøv deg fram. Når du først har laga ei god pølse, så lurer du på, kvifor du ikkje har gjort dette tidligere. Det er kjekt å lage god mat sjølv, og du får alltid eit godt resultat dersom du bruker litt sunt bondevett og litt tid. Du kan utforske og bruke forskjellig krydder og heimedyrka urter, og få spennande og gode pølser. Men små porsjoner og test ut først, før du tar den store serien som skal holde middagen til familien vinteren over.

 

Og hvis enkelte som har kjøkkenmaskin og litt interesse for mat, har lyst til å prøve ut denne ideen, så send gjerne ein PM, dersom du har spørsmål utover det som eg har skreve her. Det er garantert et eller anna eg har glømt her, så eg kjem sikkert til å oppdatere den seinere. Nei, no må eg ut å kaste på litt spon i røykehuset igjen, og i morgen er det ferske hjortepølser til middag !!! :mrgreen:

Edited by Guest

Share this post


Link to post
Share on other sites

Sjå der ja Mauser,detta er tråden sin,for oss som likar heimlaga mat :D:D

 

eg og brygger kompisen min driv og lagar pølser,i fjor var eg med og nødslakta ei herford ku og som betaling fekk eg 5 kg kjøttdeig som eg laga pølser av.min erfaring er att ein kan lage pølser av det meste ein har av tigjengeleg kjøtt,bare ein har litt svine fett og blande med,så blir pølsene gode uannsett.

flott trå Mauser :D

Share this post


Link to post
Share on other sites

Takk for det folkens. Berre hyggjeleg å lage både pølser og tråden, sjølv om den blei laaaaannnng...

 

La Linea, joda eg har ofte blanda forskjellige typer kjøtt i pølsene mine. Eg lager stort sett fast den svinepølsa, den synst eg er smakfull og god. Og ikkje akkurat som alle andre pølser.

I år så laga eg ei rein hjortepølse, fordi det har eg ikkje laga tidligare. Eg har alltid hatt blanding av hjort, svin og får i mine pølser. Dette fordi eg skyt/eller er med å jakte på ein hjort i året. Så det havner ein halv hjort her, og så kjøper eg som regel et halvt svin og et lam om høsten.

Men i år, så villeg eg prøve å lage den av rein hjort. Har ein kompis som lager nydelege hjorte pølser, så eg tenkte eg skulle prøve det i år.

 

Så blanding går heilt fint. Eg bruker stort sett 1/4 av kvar med hjort, svin, får og spekk. Det og litt krydder gjer deg ei god pølse iallefall. :D

Share this post


Link to post
Share on other sites

Kjempetråd. God inspirasjon til matelskere. Jeg har aldri lagd pølser, men en vakker dag.....

 

Helge Hagen har forresten kommet med en ny bok. Tema denne gang er pølsemaking og ølbrygging. Kanskje du allerde har skaffet deg denne ? Maltølet er båret opp, så nå mangler bare gode pølser :D

Share this post


Link to post
Share on other sites

Hepp

 

Har sett den boka i Bokklubben, men har ikkje kjøpt den. Men det er ikkje heilt umulig at den kjem til å havne i bokhylla her. 8)

 

Men ølbrygging blei det ikkje tid til, før jul. Den einaste helga eg hadde anledning, så var desverre utstyret ikkje ledig. Så det får vente på seg. Kanskje på nyåret eller til våren. :)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Har laget mørpølse for første gang i år,blir spennende å se om den blir bra :)

Fant noen kilo med kjøtt tiltenkt til oppmaling i frysen,ca 7 kg hjort,et par kilo rådyr,og så spedde jeg på med en del svinekjøtt og spekk,ca 6 kg,tilsammen nesten 15 kg. Krydret med salt,pepper,nellik og en dæsh sirup.

Kjøpte tarm og stappet i vei... Henger til tørk nå,og det ryktes at den er nesten tørr,så det skal smakes snart :D Får vel ta en test med en smule øl til..

Blir iallefall spennende å se om den er spiselig, eller om den egner seg best til reveåte :roll:

Share this post


Link to post
Share on other sites

Trur neppe den havner på åta. Når du først har brukt masse tid på den, så spiser du den på trass alikevel, he, he... :mrgreen:

Det går nok bra skal du sjå. Artig det der med morrpølser, det er skikkelig snacks. :)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Hepp

 

Har sett den boka i Bokklubben, men har ikkje kjøpt den. Men det er ikkje heilt umulig at den kjem til å havne i bokhylla her. 8)

 

Men ølbrygging blei det ikkje tid til, før jul. Den einaste helga eg hadde anledning, så var desverre utstyret ikkje ledig. Så det får vente på seg. Kanskje på nyåret eller til våren. :)

 

Men men fekk ikkje tid til og lage øl :shock: :shoc korleis skall du koma deg gjennom jula då??

eller må me til med ein innsamlings aksjon og sende noko malt øl til deg :mrgreen::mrgreen:

Share this post


Link to post
Share on other sites

HB skreiv :

Men men fekk ikkje tid til og lage øl :shock: :shoc korleis skall du koma deg gjennom jula då??

eller må me til med ein innsamlings aksjon og sende noko malt øl til deg :mrgreen: :mrgreen:

 

He, he, eg skal nok klare å sikre meg, det er nok av dei som brygger her. Til helga så går det lokale VM i heimabrygg her, då er det vel ein mellom 20-40 lokale produsenter som stiller med smaksprøver og ein skal kåre vinnaren av årets juleøl.

Så då er det å få sett på lista der og finne ut kor ein skal gå for å tigge.. :mrgreen:

Men det hadde vært artig å smake brygget ditt HB, så hvis du har muligheit, så kunne du ha sendt ein smaksprøve vestover.. 8)

 

Revejeger71, det var då endå godt at den var godkjent, kjekt med heimelaga ting som ikkje smaker papp og mjøl... :mrgreen:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest

Er jo bare å bestille gode tråder fra denne vossingen jo!

 

Gleder meg til smaksprøver:-)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Likte denne tråden, ja. Og den kom som bestillt!

Leste også i lørdagens VG om pølselaging, noe jeg har hatt lyst til å starte med lenge.

Fikk ikke kjøkkenmaskinen vi ønska oss til bryllupet, men svigermor (Gud velsigne henne)

rykka ut og kjøpte Majoren med største motor og stålboller så den får vi til jul :D

Så jeg tenker der skal produseres noen forsøkspølser i romjula!

Siden vi driver matbutikk vil jeg stadig kunne sikre meg varer som går ut på dato,

og som jeg kan bruke i pølseproduksjon. Slikt som er for godt til å kaste.

Har også et ønske om å utnytte viltet vi får bedre, så dette blir spennende.

Mulig jeg kommer til å mase og spørre litt når jeg får begynt! :lol::oops:

Share this post


Link to post
Share on other sites

Tunderbrd, det er berre å mase og spørre det veit du. Så det er klart at når du driv matbutikk og får litt "leftovers" så er det flott å stappe pølser av det. Du skulle berre vist kva som blir putta i dei pølsene du kjøper i butikken, så hadde du fått bakoverseis av og til.

Lykke til, og send PM om du treng hjelp. Majoren er grei den, har ei plastbolle og ein stålbolle til den min. Men eg elter stort sett for hånd. Tok ein runde med den hjortepølsa og elta den berre litt med veske i bollen, men grovarbeidet blir gjort med god gammeldags tresleiv. :D

Share this post


Link to post
Share on other sites

MAUSER! :evil:

Er du nødt til å lage sånne tråder som dette, hunden holdt på å rasere lapptoppen når jeg åpna tråden din, og nå må jeg skifte skjorte fordi den er helt blaut.... (sikkle - sikkle) :oops:

 

:lol::lol::D:D

 

Kjempemessig tråd, du har taket på pølsemakinga, det ser jeg. Blir helt misunnelig altså....

 

Jeg har såvidt forsøkt litt i samme leia som du, men det blir jo helt amatørmessig i forhold til dine proffsysler.

Men jeg har lyst å bli bedre på emnet, at det er en matnyttig hobby henger det vel liten tvil om.

 

Jeg gjorde et lite forsøk på spekepølse her i elgjakttia, og de har hengt på mørkloftet til speking siden oktober.

Der heng også noe tørka og røykakjøtt av rådyr og elg, samt julemiddagen, pinnekjøtt av villsau fra egen hobbydrift...

Tipper jeg kan teste/prøvesmake einerøkt spekepølse i romjula, eller hva mener du?

 

Her er bilder fra kverninga av elgkjøttet.

 

image15-1.jpg

 

image16-1.jpg

 

Og her har jeg stappa ei pølse for hånd...

 

image17-1.jpg

 

Røykakjøtt av elg er faktisk meget nammis, slenger på ett å..

 

image21-1.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites

Helge Hagen har forresten kommet med en ny bok. Tema denne gang er pølsemaking og ølbrygging. Kanskje du allerde har skaffet deg denne ? Maltølet er båret opp, så nå mangler bare gode pølser :D

 

Noen som har en link til hvor denne kan kjøpes? Jeg prøvde å søke litt på nettet men fant den ikke.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Egil skreiv :

MAUSER! :evil:

Er du nødt til å lage sånne tråder som dette, hunden holdt på å rasere lapptoppen når jeg åpna tråden din, og nå må jeg skifte skjorte fordi den er helt blaut.... (sikkle - sikkle) :oops:

 

Unnskyld Egil, det var verkjeleg ikkje meininga å ødelegge pc`en din.... :oops:

 

:twisted: ( Å JODA !!! )

 

He, he, ser ikkje akkurat ut som du lever i nøden, når det gjelder mat heller... Men er i grunn einig i som Sako 30-06 skriv, livet er for kort til å spise dårlig mat. Er vel 1 promille nærmere et rimelig feitt hjerteinfarkt, kvar gong ein et eit skikkelig måltid, på ei anna side, men eg kaller det å nyte livet. :mrgreen:

 

Tispa, takk for det, det er berre å sveive i gang kverna, du hadde vel prøvd det før hvis eg ikkje husker feil ? :)

 

Edit : La ut et par bilder til i kveld. :)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Skal ikkje motseie deg på om den er verd pengane, og at pølsemaking er minst like godt skildra i den gamle boka til husstellærarinna.

 

Men han spurde etter ein link til boka :wink:

 

Vart spurd her for ein månad sidan av ein dameklubb om det var mogeleg å få eit lite kurs i pølselaging. Så då var det berre å pakke kvern og pølsekanon og møte fram.

 

Omlag 50 kjøt vart oppmalt. Kvar dame/mann hadde med seg 3 kg hjortekjøt. Sau, svin, krydder og litt å spe med hadde eg med meg.

M%C3%A5rp%C3%B8lsekurs_med_Tor-Erik_12_11_08__004a.jpg

 

Alle fekk male opp det kjøtet som dei skulle nytte til pølsene, og då kunne jo eg halde litt morro med dei andre damene medan ein venta :wink:

M%C3%A5rp%C3%B8lsekurs_med_Tor-Erik_12_11_08__008a.jpg

 

Litt demonstrering av korleis ein brukar pølsestapparen

M%C3%A5rp%C3%B8lsekurs_med_Tor-Erik_12_11_08__014a.jpg

 

Dermed var ein klar til å prøve sjøl

M%C3%A5rp%C3%B8lsekurs_med_Tor-Erik_12_11_08__018a.jpg

 

Alle bytte på å sveive og fylle i tarmar, slik at alle fekk prøve heile prossessen med skjering av kjøt, maling, blanding av kjøt med krydder for hand og stapping av eigne pølser

M%C3%A5rp%C3%B8lsekurs_med_Tor-Erik_12_11_08__020a.jpg

 

Kvelden vart utruleg vellukka, og nytt pølsekurs er på trappene etter nyttår. Då skal vi lage spekepølser

Share this post


Link to post
Share on other sites

Hjortejeger, ikkje værst tiltak det der, flotte bilder !! :D

 

Og den pølsestapperen der, kunne eg godt ha tenkt meg å hatt ei helg i året, he, he... :mrgreen:

 

Edit : Lite spørsmål, den kjøttkverna der, er det ein Italiensk Trespade ? Har lånt ei sånn av ein kompis ein del gonger, og den er fantastisk bra i grunn. Får kjøpt den for ca 3.000.- med pølsetuter og alt. Den er faktisk ok å stappe med også, blir lite luft med den.

Edited by Guest

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest

Har link til pølsestappere fra et engelsk firma til veldig overkommelig pris, poster den her snart (håper jeg..)

Share this post


Link to post
Share on other sites
Hjortejeger, ikkje værst tiltak det der, flotte bilder !! :D

 

Og den pølsestapperen der, kunne eg godt ha tenkt meg å hatt ei helg i året, he, he... :mrgreen:

 

Edit : Lite spørsmål, den kjøttkverna der, er det ein Italiensk Trespade ? Har lånt ei sånn av ein kompis ein del gonger, og den er fantastisk bra i grunn. Får kjøpt den for ca 3.000.- med pølsetuter og alt. Den er faktisk ok å stappe med også, blir lite luft med den.

 

Det er ein italiensk Tre Spade, ja. Kjøpt hjå naboen til svigermor mi på Saltrød ved Arendal. Kostar ca 3800,-

Eg brukar berre pølsekanona til å stappe pølser med. Der er det berre å fylle inn 25 kg kjøtdeig og sveive til det er slutt på tarmen.

 

Kverna arbeider like fort som du putter opp i, og pølsestapparen er effektiv. Så om ein er ein gjeng ei helg, så kan ein lage fleire hundrede kilo pølser. Men då må du ha juleølet ferdig 8)

Share this post


Link to post
Share on other sites

Flott tråd detta. Har laga nesten tre kilo med dampepølse av hjort i kveld.

I deigen er de litt fløyte, nokon som veit korleis de er å speka pølse som de er fløyte i? Kan de surna pga fløyten?

Share this post


Link to post
Share on other sites

Ok, den såg ganske lik ut den kverna ja. Men då er det nok "storebroren" til den kverna som eg har lånt. Men gode kverner er det i allefall.

He, he, ja det går salig unna med den stapperen der. Har vel pølsa mellom 25-30 kg på det meste, men det eg fant ut var at, eg og familien åt ca 8-10 kg med pølser i året. Og resten blei gitt bort på våren og sommaren fordi ein ikkje klarte å ete det opp. Så i dei siste åra har eg laga sånn at eg klarer meg + litt til presanger.

 

Gjekk desverre shit med juleølet i år, har ikkje hatt tid. Men definitivt siste året eg ikkje skal brygge til jul. Det er kjipt å måtte kjøpe seg øl, når ein lager det ein likar best sjølv. Men du får snakke til om du reiser forbi i området her, så skal eg alltids ordne med ein smaksprøve. 8):)

 

Fos, eg ville ikkje hatt fløte i spekepølser. Heller ikkje fløte i ting som skal fryses over tid, det blir ikkje så bra. Men hjortejeger veit nok meir om dette kanskje ?

Share this post


Link to post
Share on other sites

Eg ville ikkje brukt fløyte i spekepølser, nei.

Pølser som skal spekast treng ein egentlig ikkje væske i. Går berre lenger tid å få dei tørre. Men eg bruker cognac og rødvin i for smaken sin del i mine spekepølser :wink:

 

Når det gjeld prøvesmaking av pølser og øl. så reiser eg stort sett gjennom Voss på veg sørover kvar sommar.

Så kanskje ein skulle legge seg inn på Fleicher ei natt om dei er ferdig med etterslokkinga

Share this post


Link to post
Share on other sites

Det får du heller ta og gjere. Er du snill, så kan du sleppe Fleischers og ligge på gjesterommet mitt. Halvparten så dyrt og dobbelt så morro. :mrgreen:

Share this post


Link to post
Share on other sites

Den kverna jeg posta bilde av kjøpte jeg på KBK Jakt og fritid for 5-6 år sia, betalte 4200,-

Dette er også en trespade, og i reklamen stod det at kapasiteten var på 250 kg i timen.

Bruker å si at vi setter ho bare på enden av drevet, å så jager vi elgen gjennom :mrgreen:

Har vert litt plaga med mi etter andre året, den går full av hinner å skjærer dårlig, har prøvd å skifte huset men trur det er skruen det kan ha skjedd noe med, virker som det er kast i den..

Har jo 6 kniver å de er kvass og fine, så dem er det ikke...

Noen som har erfaring med sånne?

Share this post


Link to post
Share on other sites

Egil, kor samler hinnene seg ? Som regel har eg sett at dersom eg ikkje strammer skruen i front skikkelig, så blir det et ørlite mellomrom i front mellom akslingen på skruen og kniven. Då går kverna ei stund, så hoper det seg opp der.

Det kan ha blitt kanskje slitasje i huset, sånn at skruen kan vandre litt og det blir rom for at det blir hinnene får plass.

Så sjekk dette, eller sjå om du kan få laga deg ein shims eller pakning, som går mellom skruhylsa og hullskiva.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Då eg kjøpte kverna mi hjå KBK, sa dei at ein berre skulle skrue låseringen inntil. Ikkje bruke makt i det heile. Hinner og sener har aldri vore noko problem med mi kvern i alle fall. Det einaste eg kunne tenkt meg forandra, er at fóringane er av bronse i staden for plast. Men det er nok flisespikkeri. Kverna er i alle fall utruleg god til mitt bruk

Share this post


Link to post
Share on other sites

Stemmer det, ein skal ikkje bruke rå makt, men du må snøre den godt inntil. Det gjer at kniven sitt dønn mot hullskiva, sånn at den også blir slipt, medan den går. Og eg pleier å kjøre maskina mi på laveste hastigheit og gje den ein liten stramming ekstra, for den pleier å bli ein liten slark i etter nokon omdreiningar. Hvis du derimot kjører kjøtt i den med ein gong, så vil kjøttet lage press i kvernhuset og den sitt dønn fast.

Men eg snakker ikkje om å snøre kjempehardt, kun snøre den inntil godt.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Oppdaterte tråden i dag, etter magen har fått kvila seg litt.. Til min store forbauselse, så var hjortepølsene godkjent av kjerringa også, ho har vært litt lei dei pølsene ei stund. Og eg er heilt einig, dei blei skikkelig gode. Skal legge ut oppskrift av pølsene, i ein post seinere, så kan dei som vil få prøve seg på det.

 

Svinepølsene som eg lager ligg det oppskrift av i denne tråden her : http://kammeret.no/forum/viewtopic.php?f=5&t=440

 

Den blei posta rett etter kammeret kom i gang i fjor, så eg ser på antall visninger at ikkje så mange har fått den med seg. Men denne kan trygt anbefales, den er svinaktig god. :mrgreen:

Share this post


Link to post
Share on other sites

Pølsene såg kjempe gode ut,skall prøve oppskrifta men då med elg.men er det ringnes julebrus du har i glaset?? :mrgreen::mrgreen::mrgreen:

Share this post


Link to post
Share on other sites

Joda, hinnene samler seg i senter rundt kniven, men når jeg skrur skikkelig hardt til blir det litt greiere.

Jeg er nødt til å smøre plastforinga i bakenden med soyaolje, ellers blir denne varm, dette er lurt for at den skal holde lengre. (viktig)

 

På kværna mi er det littegranne kast i skruen, og det tror jeg kan være en årsak til problemet.

 

Hullskiva stikker nok utenfor kanten på kvernhuset, så shims er unødvendig tror jeg.

 

Når jeg har gjort kverna rein etter bruk smører jeg jengene med soyaolje, ellers kan de ruste...

 

Mauser! topp tråd dette... Og matnyttig!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Den er fin Egil. Matolje er ikkje så dumt faktisk, burde smøre systemet det. 8)

 

Jepp, dette er tråd for oss som liker GOD MAT..( ref : villsaufårikål.... 8) ) :mrgreen:

Share this post


Link to post
Share on other sites
Oppdaterte tråden i dag, etter magen har fått kvila seg litt.. Til min store forbauselse, så var hjortepølsene godkjent av kjerringa også, ho har vært litt lei dei pølsene ei stund. Og eg er heilt einig, dei blei skikkelig gode. Skal legge ut oppskrift av pølsene, i ein post seinere, så kan dei som vil få prøve seg på det.

 

:

 

Ventar spent på oppskrifta, tenker eg får plundre litt med pølsing i romjula.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Då kjem oppskrifta på den hjortepølsa som eg laga i år.

 

4.2 kg hjortekjøt

1.3 kg svinespekk

8 toppa spiseskjeier salt

2 strøkne spiseskjeier finmalt pepper

2 strøkne spiseskjeier koriander

5 supertoppa spiseskjeier potetmel

1.2 liter kraft eller vann

6 egg

 

Bland kjøtt og spekk med salt og krydder. Bland i eggene, visp potetmelet i krafta/vatnet og tilsett tilslutt. Deigen skal eltes til den er seig og fin.

Share this post


Link to post
Share on other sites

Ein kamerat av meg som hadde smakt pølsene våre, og ville ha oppskrifta.

Fadern skreiv ned fjorårets oppskrift, og eg sendte den til han på mail.

Traff han dagen etterpå, spurte om han hadde fått mailen.

"Jo takk! Før æ har jo sæksåførtti kilo med kjøtt læggandes..."

 

:mrgreen:

Share this post


Link to post
Share on other sites

Super tråd.

Jeg har 5 kilo reinkjøtt i fryseren som skal bli pølse på nyåret. :) Gleder meg veldig til å smake den. Dette året må jeg ty til hyttenaboer for å få dem røkt, men til sommeren blir det forhåpentligvis eget røykeri også.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest

7,5kg hjortekjøtt og i overkant av 3kg gris ble til pølser i dag. Grisepølsa prøvesmakt til middag-kjempesnadder.

Prøver oss på litt spekepølse i morgen kveld-der blir det litt lengere å vente på smaksprøve..

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


×
×
  • Create New...