Jump to content

Min nye allrounder


magnum_mauser

Recommended Posts

Eg har i mange år prioritert å være laksefisker fremfor jeger. Dvs eg har fiska heile sommaren/tidleg haust og jakta litt på hausten, kombinert med å være ettersøksjeger.

 

Men kombinasjonen av at laksestammen stadig blir truga på ulike hold, og det sakte men sikkert går til hel.... med villaksen, og at det blir forventa at far er meir heime på sommaren med barn i hus - har fått meg til å revurdere mine prioritringer, eg vil fiske mindre og jakte meir.

 

Dermed enda eg opp med å skape eit behov for enda ei børse 😳

Eg har ei blaser r93 frå før, som eg har satt på ein  kkc-stokk med kappa  pipe i 308, ein gammal a-tec maxim og på toppen står det ein svær zeiss eller ein liten rødpunkt- alt etter om eg går ettersøk eller går på jakt. Eg synes denne børsa er optimal på ettersøk i den forstand at den er kompakt og robust med compactpoint'n. Og når eg setter på 3-12x56'n og går på måneskinnsjakt er det også ein solid rigg til det bruket.

 

Men, når eg går på fjellet - og eg hadde synskirrurgi for nokre år sidan, som tok knekken på nattesynet mitt, so eg trivast betydelig bedre med alle andre jaktformer enn jakt på natta, då synes eg at børsa er både upraktisk i den forstand at den er for klumpete og tung - og bruksgleden er ikkje der den bør være. For mangen kan det kanskje virke rart, men i mine auger er dette eit reint bruksvåpen som ikkje ser ut i måneskinn! laminatstokk, rail's til ettersøkslykt, alt for digert sikte og eit kjedelig kaliber, børsa er superpraktisk, men den gir meg minimalt med eigar/bruksglede. Eg bestemte meg for at denne børsa kan eg bruke til ettersøk og dei gangane eg skal ut å jakte hjort i måneskinn - men eg ville ha eit allroundvåpen som ikkje framkalte fekale brekninger. 

 

Etter litt snoking kom eg over ein butikk med 2 stk r93 deluxe på lager, med oppgraderte skjefter og eg fekk kjøpe den eine utan pipe - noko som passa perfekt då eg hadde eit løp til overs. 

No er det mangen delte meininger om både blaser og spesielt r93 - har du eit virkelig behov for å føle deg unik, våger du ikkje eingang å skyte med ei r93.

 

Men, eg liker r93 godt og er komfortabel med den. Av og til savner eg å ha magasin, men eg er vant til denne løysinga og ser ikkje det som eit stort problem.  So etter å ha studert bilder av begge børsene som sto i butikken, valgte eg den med mørkast treverk, den lyse av dei hadde veldig fine tegninger/struktur på eine sida av skjeftet, men ikkje på andre sida - den mørkaste hadde jevnt over god kvalitet.

 

Eg har som nevnt eit løp i 308, og eg har eit i 9,3x62. Eg vurderte om eg skulle bruke 9,3 løpet på ettersøks/bø-rifla og 308 på allround rifla. Men eg har brukt 9,3 som allrounder for ein del år tilbake, og var i utgangspunktet kjempefornøgd med det, so dermed blir 9,3 pipa satt på den nye blaseren når den er i hus.

 

Pipa eg har, er kappa til 52 cm og gjenga for demper og eg har kjøpt ein a-tec Hertz. Eg hadde maxim på den forrige 9,3 pipa og forhandler hevda hardnakka at eg skulle oppleve betydelig betre demping av både lyd og rekyl med ein hertz kontra ein maxim - so det gjennstår å sjå. 

 

So kom eg til optikk og her måtte eg gruble ein del. Eg kunne satt zeiss'n min på den, men på ei allroundbørse, synes eg 56 mm objektiv er for stort. Eg vurderte ein klassisk 1-6x42, som er eit alternativ. Men det var to ting som gjorde at eg valgte denne vekk, og det er forstørrelse og skumringsegenskaper. Eg jakter primært hjort og i mitt terreng blir det ofte snakk om dryyyyge hold, og personlig synes eg x6 blir litt for lite.

Og sjølv om ein tysk/østerisk kikkert med gode linser er brukbart under dårlige lysforhold, er den heilt minimal for ein jeger med dårlig nattesyn og sjølv om eg jakter betydelig meir i utmark enn på bøen, er det gjerne i skumringstimen det skjer - og ein med 42 mm objektiv blir for veik for meg.

 

So etter tips her på forumet, enda eg opp med ein Zeiss varipoint 2,5-10x50 med  ASV. For mitt vedkommande blir den omtrent perfekt som ein allrounder, her har eg gode optiske egenskaper, forstørring til dei lange holda og og ein størrelse/vekt som er til å leve med. og asv synes eg er topp, eg har brukt det i eit par år no og er betydelig meir komfortabel på dei lange holda no, en tidligare då eg skaut inn med overslag - og ekstra greit er det med 9,3x62, som ikkje har den sprekaste kulebana.

 

So min allrounder blir ei r93 lux i 9,3x62, tidligare lada eg min gamle 9,3 med 250grns barnes tsx. Etter vi kjøpte nytt hus er eg ikkje komt i gang med lading enda, men eg kom over eit parti med fabrikkammo lada med 286 grns Nosler, som eg fekk relativt rimelig. Hvis desse går nokolunde greit i børsa (som eg forventer) blir dette kula som blir brukt til eg er komt igang med lading igjen. Tsx'n gav flotte slakt, dyra rusla skjelden meir enn 2 meter og presisjonen var upåklagelig. Eg forventer litt meir søl av Nosler, men det blir spennande å sjå kor "ille" det blir - det blir hjort og forhåpentligvis villsvin til hausten som blir første ildprøven til denne kula. 

 

Eg har tatt med meg familien og rømt til Spania denne vinteren, børsa og dei andre komponentane har blitt kjøpt no når eg er vekke og eg gleder meg til å komme heim til Norge i mars og sette sammen riggen :D 

 

Berre for å understreke min forfengelighet har eg kjøpt ei grepsplate med hjortemotiv som skal monterast :D og fleire av mine tvilsomme kompiser velger våpen etter rambo-prinsippet - det må være supertaktisk og coolt for å duge. Eg er hellig overbevist om at denne grepsplata kombinert med treverket på børsa vil være grobunn for rikelig med krangling i uoverskuelig framtid:D

 

1626965572_Screenshot_20200117-212406_SamsungInternet.jpg.0e20812088345778845e55b22e270089.jpg

 

 

 

 

 

IMG_201411.jpg

IMG_201611.jpg

Edited by magnum_mauser
  • Like 8
Link to comment
Share on other sites

1 time siden, magnum_mauser skrev:

No er det mangen delte meininger om både blaser og spesielt r93 - har du eit virkelig behov for å føle deg unik, våger du ikkje eingang å skyte med ei r93.

 

Ehhhhh  -  det er vel enkelte som har våget et skudd for mye med R93 som har fått et heller "unikt" utseende - men det er det nok ikke tillatt å skrive her inne!

 

Men en ting skal Blaser ha: De har en enestående tilgang til flott treverk! Hvis ikke disse skjeftene fordyrer våpnene med masse 10-tusener, er det virkelig gode kjøp!

Link to comment
Share on other sites

13 timer siden, Jegermeistern skrev:

 

Ehhhhh  -  det er vel enkelte som har våget et skudd for mye med R93 som har fått et heller "unikt" utseende - men det er det nok ikke tillatt å skrive her inne!

Den har ein svakheit, men eg synes likevell det blir "nusselig" når enkelte poengterer at dei ikkje tørr å skyte med ei r93 😂 Men det skal dei få lov å meine ;-)

Sitat

 

Men en ting skal Blaser ha: De har en enestående tilgang til flott treverk! Hvis ikke disse skjeftene fordyrer våpnene med masse 10-tusener, er det virkelig gode kjøp!

Nei, prisen var veldig bra! Med tanke på kor mangen tusen ein i utgangspunktet må ut med for oppgraderinga av treverk til Blaser, har eg gjort eit røverkjøp!

 

Det skal seiast at eg har kjøpt våpenet av ein kjede som siste året har operert med raude tall og som desperat forsøker å redusere varelageret sitt - eg misstenker at det er grunnen til prisreduksjonen.

Edited by magnum_mauser
  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

  • 1 month later...

Då er børsa omsider her! Eg er godt fornøgd og vi skal nok bli gode venner 😃

Men treverket trenger desverre litt omsorg, det forbauser meg at sopass kostbarevåpen og pent treverk ikkje er skikkelig behandla med porefyller. So der er ein jobb som skal gjerast.

 

I tillegg fekk eg hakeslepp når eg skulle klargjere siktet for innskyting og opna ASV'n, forrige eigar har mest truleg vridd på tårnet uten å løfte det først - begge stålpinnane som står inni der var kraftig bøgde. Dermed har siktet fått seg ein sopass kraftig påkjenning at eg ville ha det testa og reparert - og det der ut som selgar tar ansvar og skal sende det til Zeiss. 

 

20200314_182056.jpg

20200313_132309.jpg

IMG_20200313_132948_796.jpg

  • Like 6
Link to comment
Share on other sites

  • 5 months later...

Sendte børsa frå meg for å få justerbar kinnstøtte og ny finish på stokken. Jobben skulle ta 4-6 veker, dvs eg skulle hatt rifla tilbake i slutten av mai. Når eg sporer pakken, so seier posten at den skal komme onsdag 2 september- so ein ørliten sprekk på tidsestimat frå børsemaker 😆 Frykter han har gnidd og olja so mykje på den, at han kjem til å utvikle traumer. Men det blir kjekt å reise på jakt igjen med ei børse som eg verkeleg gleder meg over å eige, i eit kaliber eg synes er rett og slett supert! Det gledes 😃

  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

Då kom børsa omsider. Calix'n virker veldig bra, ryddig og pent uten skruer. Den raude kolbekappa synes eg gjorde seg godt på rifla. Han har slitt med finishen, det var svært djupe porer i treverket og han har ikkje klart å fylle alt. Men stokkem er blitt veldig bra og han tilbydde seg å ta tiobake børsa når jakta er over, og fortsette på jobben, til resultatet var 100% - uten meirkostnad for min del. So solangt er eg fornøgd.

20200901_185142.jpg

  • Like 5
Link to comment
Share on other sites

1 minute ago, Ranger#44 said:

Gratulerer! Veldig fin! Irriterer meg også over manglende porebehandling hos Blaser, men noe skal man jo gjøre om vinteren. 

Er dette eit gjenntakande problem? Dette er eir skjefte som er gradert til grade 8, og prisen er i utgangspunktet deretter. Det forbauser meg litt at ein selger eit eksklusivt produkt, halvferdig?

Link to comment
Share on other sites

Eg hadde skutt inn rifla før eg sendte den frå meg. Pipe og sikte låg igjen heime, børsemakeren fekk berre stokken. Eg reiste på bana og skulle kontrollskyte. Eg skaut tre 3-skuddsgrupper og såg at høgden var perfekt, men samtlige grupper satt 4 cm til venstre. Eg skrudde 4 knepp og då satt dei 3 neste gruppene perfekt. Dette er i 9.3x62 og eg skaut 18,5 grams kuler. Det var frisk vind frå høgre i dag, ikkje stiv kuling, men temmelig friskt.

Eg lurte på om det var mogleg at vinden kunne gje so stort avvik på 100 meter?

Og samlingane var konstante, men vinden varierte jo.

 

Det andre som kan ha påvirka det her, er at den orginale og harde kolbekappa er bytta ut med ei tjukkare og blautare kappe. Det andre er at når eg skaut inn våpenet første gangen, hadde eg ikkje justerbar kolbe, eg vart liggande som ein giraff å strekke hals - no har eg justerbar kolbe og skikkelig kinnkontakt.

 

Kan det være endringer i rekylopptak pga kolbekappen og justerbart kinnstykke som førte til treffpunktforandringa?

 

No er ikkje 4 cm allverden, men i løpet av dei 15 åra eg tilsammen har eigd blasera med zeiss på toppen, har eg aldri opplevd treffpunktforandringer og har heller ikkje måtte justert eit einaste knepp. Derfor klarer eg ikkje heilt å slå meg til ro med det som skjedde i dag 😂

Link to comment
Share on other sites

5 hours ago, magnum_mauser said:

Er dette eit gjenntakande problem? Dette er eir skjefte som er gradert til grade 8, og prisen er i utgangspunktet deretter. Det forbauser meg litt at ein selger eit eksklusivt produkt, halvferdig?

 

Som Skaubjønn skriver, så gjelder det de fleste. Men jeg synes Blaser synder ekstra mye, spesielt på de høyere av gradene, der en burde forvente skikkelig oljebehandling. 

Link to comment
Share on other sites

8 hours ago, magnum_mauser said:

Dette er i 9.3x62 og eg skaut 18,5 grams kuler. Det var frisk vind frå høgre i dag, ikkje stiv kuling, men temmelig friskt.

Eg lurte på om det var mogleg at vinden kunne gje so stort avvik på 100 meter?

 

Absolutt! Jeg prøvde i appen "Ballistic" på iPhone. Fabrikkpatron Lapua Mega 18,5 gram. Trengs faktisk ikke mer enn 4-5 sekundmeter for å flytte kula 4 cm på 100 m. Det er ca. lett bris ifølge https://nn.wikipedia.org/wiki/Beaufortskalaen

"Lauv og småkvistar rører seg, vinden strekker lette flagg og vimplar."

Link to comment
Share on other sites

Eg reiste på bana igjen i dag, no var vinden ikkje ein faktor. Etter å ha skutt litt, enda eg opp med å stille eit knepp tilbake mot høgre og dermed var eg i senter. 

 

Eg trur vinden kan ha påvirka det eine kneppet, men at grunnen til at eg opplevde treffpunktforandring i all hovudsak skuldast ny rekylkappe og den justerbare kinnstøtta - rett og slett forandring i rekylopptak.

Link to comment
Share on other sites

30 minutes ago, Casey Jones said:

Ett knepp? Hmm, det er ikke mye. Ca. én kulediameter. Klarer du og våpenet så nøyaktig skyting? Tror du har rett i at rekylopptaket har mest å si her.

Eg skaut fleire 3 skuddsgrupper frå benk og tendensen var at samlingane sto ørlite til venstre, når eg justerte for den og skaut 3 nye grupper - satt gruppene der dei skulle.

 

Det er jo egentlig flisespikkeri, det er storviltjakt eg driver med og det har null praktisk betydning om eg ser tendenser til at gjennomsnittet av skuddgrupper i benk sitter ørlite til den eine eller andre sida - men noko må ein jo henge seg opp i 😂

Link to comment
Share on other sites

Når du skyter flere 3-skuddere så er jeg med. Da er det jo faktisk mulig å se en tendens. Hadde jeg hatt ei krone for hver gang jeg spikka fliser når det gjelder skyting... :) F.eks. brotsjer jeg tennkanalen på hylser jeg bruker på elgjakt 🤷‍♂️

Det eneste vi kan være sikre på med skyting er at vi treffer IKKE der vi sikter. Det er alltid et avvik.

 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

10 hours ago, magnum_mauser said:

Det er jo egentlig flisespikkeri, det er storviltjakt eg driver med og det har null praktisk betydning...

Flisespikkeri er trivelig og tilfredsstillende😁 Verifisering før jakt med både stor- og småviltviltrifla foregår hos meg over en 3-4 runder (forskjellige dager) på en feltskytebane med avstander fra 100 til 350m. Jeg fotograferer og evaluerer før jeg på siste runden kanskje stiller ett knepp.... Vind må selvfølgelig evalueres nøye. Jeg bytter "aldri" kule eller ladning og jeg tar "aldri" av kikkertsikte. Alt skal være så likt som mulig fra gang til gang og fra sesong til sesong. Meningsløst... tja.. Det er i hvert fall en variabel under jakt jeg har mulighet til å ha kontroll på. Har sett nok av de som justerer siktet hver gang de er på banen, i stede for å ta ett gjennomsnitt av hva de faktisk klarer fra gang til gang under forskjellige forhold/stillinger.

 

On topic: Flott børse!  

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...