Jump to content

30-30 win..


The Kid

Recommended Posts

30-30 Imp. Ackley er ein versjon som gir meir hastighet. Du må brotsja opp. Denne har du 99,99% ikkje og kan sjå bort frå den

 

Cip og sami er 2 forskjellige trykk standarar. Kem du bruke er egentlig hip som hap, men eg bruke som oftas sami sin. Den er 300 bar under cip sin i 30-30.

 

Eg trur Sami og Cip måle trykket ulikt, men da vett eg ikkje. Fulmenn eller noken andre med god peilig får ta seg av den forklaringen. Eg har gjort så godt eg kan :D

Link to comment
Share on other sites

Skal du berre handla patroner til Winchester M94en din? Sjå kortversjon i siste avsnitt. Du vil kanskje ha svar på det andre du spør om og. Det er litt meir omfattande.

 

I følgje Ladeboken så er forskjellen på CIP og SAAMI mest at CIP i hovudsak brukar forbora hylser og stukningssylindrar medan SAAMI brukar både den metoden og piezoelektriske strekklappar. Likevel ser ein i Vihtavuori si bok (3. utg., 2000) oppgåver for Max. CIP piezo pressure. Trykkverdiar målt med den eine metoden kan ikkje utan vidare samanliknast med kvarandre. Dessutan ser ein somme tider at amerikanske kruttprodusentar oppgir PSI for somme patroner og CUP for andre. Eg er sikker på at eg har ein gammal Hodgdon ladetabell der det er oppgitt somme ladningar i PSI og andre ladningar i CUP sjølv for same kaliber. I Europa brukar ein vel mest Bar og MPa no til dags.

 

No spelar det eigentleg ingen rolle, anna enn at ein kan konkludera frå Vihtavuori si bok at forskjellige Weatherbypatroner er oppgitt til eit høgt trykk, medan 30-30 Winchester er oppgitt til eit nokså moderat trykk.

 

30-30 Imp. Ackley er eit navn som førekjem i lister over customdier. I slike lister hender det at det finst såkalla improvedversjonar av patroner med ulike skuldervinklar, eller patroner som er "improva" i fleire forskjellige grader. Difor skriv ein Imp. først, og så måten patrona er "improva" på. Viss du googlar etter meir informasjon så kan du bruka søkestrengen 30-30 AI. Til vanleg (i den grad ho er vanleg) kallar me patrona tredve-tredve Ackley Improved. Eg trur neppe du har eit slikt kammer i geværet ditt. Viss du har det så ser du det på at tomhylsene ser nokså annleis ut i skuldra og halsen samanlikna med før du skaut dei. Dei vil verta større, og det er nettopp det som er poenget med Improved-patroner. Viss det skulle henda at du har Improved-kammer, noko eg kan vedda eit heilt spekehjerta imot, så kjøper du likevel vanlege 30-30-patroner. Improved-kammer er laga for at du skal kunna skyta standard kjøpepatroner i dei.

 

Kjært barn har mange navn. Dei fleste skriv 30-30 Winchester, men då patronen kom på marknaden i 1895 heitte ho 30 Winchester Center Fire. Somme, til og med velkjende ekspertar som Frank C. Barnes (COTW), hevdar at patronen heiter 7,62x51R her i Europa. Dette navnet har eg aldri sett anna enn i parantes. Viss du står i butikken og skal handla til Winchesteren din kjem du sikkert lengst med å sei tredve-tredve.

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...