Jump to content

Ærleg frå Papi: Double Alpha Academy PDR Low-Ride holster


Papi

Recommended Posts

Produsent, og modell? Double Alpha Academy PDR Low-Ride holster. Mitt var kjøpt som ein pakkedeal frå DAA, til min start innanfor IPSC.

 

Link til konkret produkt: http://www.doublealpha.biz/ipsc-holster ... de_Holster" target="_blank" target="_blank" target="_blank" target="_blank

 

Kva fulgte med? Hylster med ymse smådelar til justering.

 

Kjøpt hos, og pris? Ca. 70 Euro, om ein kjøper det frå DAA sine heimesider. Vil forøvrig sei at det gjekk SNYTA kjapt å få det tilsendt frå Nederland.

 

Bruk? Ein kan sei at hylsteret består av tre deler; sjølve hylsteret, ein justeringsskinne, og beltefestet. Dette i sin sameining gjer at ein i hovudsak kan justere hylsteret til mange små personlige preferansar.

 

Hylsteret er laga av kydex, med ein foring i skinn. På denne måten sparar ein finishen, men det vert naturleg nok litt meir friksjon. I tillegg er det ein justeringsskrue for å tighte/løyse opp sidlengs friksjon. Denne kan du skrue for hand. Er endå ein skrue her også, som ein må bruke stjarnejarn til.

 

Justeringsskinna festar du fyrst i hylsteret. Her kan du justere tiltinga på pistolen, om du vil trekke den rett ovanfrå, eller vil tilte den nokre få grader fram- eller bakover. Då tightar ein med tre skruar med stjarnehovud. Verkar tight og fin, med solide skruar og masse.

 

Beltefestet er finurleg. Her er det siste ein må justere på. Her kan du justere om du vil ha beltet "høgt" eller "lågt", samt at du kan skifte ut "spaceren", til ein som er tynnare. Det er denne som er "i" beltefestet. Under beltehempene, ser ein kor skinna på hylsteret skal. Her er det mange forskjellige justeringsmoglegheiter. Det går i utgongspunktet to skruar "nede" i skinna, samt ein litt lengre skrue under der beltet blir, for å justere sidlengs justering ut eller inn frå kroppen. Her er det også litt justeringsmoglegheiter for den som ynskjer dette.

 

20140220_002523_zps29f4b513.jpg

 

20140220_002515_zpsb42d68c4.jpg

 

20140220_002809_zpsafa8f9ae.jpg

 

20140220_002818_zps23529405.jpg

 

Siste kommentar? Eg har .300" høgt framsikte på min Glock 17. Dette vert eit problem i tenestehylster, men det er meget god klaring på dette konkuransehylsteret. Elles kan det verte litt trongt i beltefestet, men ein har moglegheit til å skifte ut "plastspaceren" til ein tynnare, noko som føl med i pakken. Føl med litt reservedeler også. Eg kjøpte ein DAA-belte i same pakken, noko som gjorde at det var umåtelig trongt, men det er vel slik det skal vere. Verkar solid, og ein har litt justeringsmoglegheiter for å kome inn i dette. Likevel ikkje for avansert for ein som er fersk innan dette.

 

20140219_234111_zpsfc5cf5ff.jpg

(ved bruk av eit breiare belte, kan ein bruke det plastinnlegget som ein ser på papiret, framfor det breie som per no står i beltefesta i dei andre bileta)

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...