Jump to content

skytestillinger


TEXAS TEN

Recommended Posts

Kva er det du slit med? Kan du definere problemet så kan me jo prøve å guide deg fram...

 

Her er ei oppskrift:

 

Start med å plassere føtene ca parallelt, kanskje med lett "V-stil". Prøv å tilnærme deg den vinkelen du har på føtene når du går! Ei tenkt linje gjennom skotuppane bør i utgangspunktet peike rett mot skiva, men det kan hende du må justere når du er ferdig med å bygge opp stillinga.

 

Plasser hofta rett over hælane. Dette er viktig, og der flest skyttarar slurvar: hofta SKAL stå rett over hælane, slik at ei tenkt linje gjennom hoftekammane går parallelt med linja gjennom skotuppane.

 

Slepp overkroppen bakover (for å balansere vekta av våpenet) og vri overkroppen lett mot skiva. Skyt evt hofta litt mot skiva (litt meir vekt på venstre bein for høgreskyttar) men hugs: IKKJE VRI I HOFTA!

 

Plasser kolbekappa i armkroken (øvst på overarmen, ikkje i skuldra). Flytt gjerne kolbekappa til nedre stilling.

 

Plasser venstre alboge ved å søke mot hoftekammen. Finn ein måte å halde børsa i venstre hand som gjer siktet fell naturleg i blinken. Her er det mange måtar å gjera det på, og "ingen" er feil. Prøv deg gjerne fram etter å ha sett på korleis gode skyttarar gjer det - det er sannsynlegvis mange ulike venstrehandsgrep i dei fleste kongelag :-)

 

No er det tid for eventuelt å flytte stillinga litt sidevegs om børsa peikar til høgre eller venstre for skiva. Hugs å vri heile stillinga - det gjeld for all sidejustering i alle skytestillingar. Tenk deg at du står på ei svingskive!

 

Fast grep i høgre hand. Slapp av i venstre arm og høgre skulder. Auk presset på avtrekkaren mens du pustar ut, held pusten og finsiktar. Stol på at haldeområdet ditt er godt nok og press avtrekkaren gjennom - hugs ettertrykk/etterhalding. Vent på anvisning :-)

 

Lykke til!

Link to comment
Share on other sites

takkar for hjelpa hk ein veldig tankevekande måte du formulerte innleget på :wink:

Takk for det! Håpar det kan vera til hjelp.

 

Eg ser det gikk litt fort, og eg gløymte å seie noko om hovudet: det bør plasserast mest mogeleg uanstrengt med "passe" trykk på kinnstøtta. Prøv å halde hovudet rett - skakking på hovudet gjer at balansen kan bli forstyrra.

 

Hugs at gode stillingar gjerne kan trenast inn på kjøkkengolvet - skarpe skot er ein forstyrrande faktor i oppbygging av stillinga!

Link to comment
Share on other sites

  • 3 weeks later...

Når du har funnet skytestillingen er det viktig at du har børsa i blinken, den skal da ligge der helt uanstrengt.

Hvis du må presse inn børsa fra en side står du feil, korriger vinkelen.

Hvis en må presse inn skudda blir det fort niere eller værre. :wink:

 

Når dette sitter gjenstår bare trening, trening og atter trening..

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...