Jump to content

Oppskrift på god svinepølse


Mauser68
 Share

Recommended Posts

Her er oppskrift på ei god svinepølse. Dette er ein slags bratwurst type som dei som har vært i Tyskland sikkert kan sikkert glede seg over.

I Tyskland har dei ei lita artig pølse som ofte er å finne på hotell til frukost. Det er rost bratwurst. Dei ser ut som små sossiser, men er laga i innerskinnet på svinetarmen. Dette er ein tarm som er vanskelig å få tak i her i landet. Så eg bruker kun vanlig kroktarm eller svinetarm ( den tynnere typen )

 

7 Kg svinekjøtt

3 kg usalta spekk

12 egg

12 toppa ss salt

1 toppa ss kverna sort pepper

2 toppa ss kverna karve

1 glass estragon ( 10 gram )

5 dl vatn

12 toppa ss potetmel.

 

Kroktarm ca 1,5 meter pr. kilo ferdig pølsedeig.

Eventuelt tynn svinetarm Ca 2 - 2,5 meter pr. kilo ferdig pølsedeig .

 

Hvis du skal lage til som ein test og berre lage et par kilo med pølser, så anbefaler eg å bruke litt fløte ( kremfløte ) i deigen Kanskje 0,5 dl pr kilo deig. Dette kan du ha i sammen med krafta eller vatnet. Men skal pølsa frysast og ein skal lage ein del som du skal ha ei stund, ikkje bruk fløte i den.

 

Hvis du har muligheit er det greitt å laga ei god kraft av bein, med dei 5 dl med vatn, du kan då bruke litt meir vatn, det fordamper litt under koking. Då tar du alt krydderet i den krafta, slik at den får godgjere seg. Du kan også ta halvparten av saltet i lag med krydderet. Men resten må du kna i kjøttet.

 

Ellers så blander du kjøtt og spekk i ein balje. Strø alt saltet over og bland deigen godt. Så blander du inn alt krydderet. Viktig at etter kvar gong du har hatt i ingredienser at du blander det skikkelig i deigen.

Så tar du alle egga og knakker det i ein bolle. Sjå at du ikkje får med eggeskall og visp det lett i bollen. Dette heller du over deigen og blander godt.

Til slutt tar du krafta eller vatnet og visper i potetmel. Pass på og rør heile tida, ellers så vil potetmelet samle seg i bunn og blir vanskelig å få ut. Bland deigen godt.

 

Så tar du å prøvesteiker ei karbonadekake av deigen. Hvis du syns at den smaker litt salt, så er dette heilt normalt. Den skal smake litt salt når du steiker den slik. Men når du har lagt den i tarm og kokt den, så er den passe.

 

Deigen skal stå kjølig til neste dag, før du pølser den.

 

Før du set i gang med pølsing, skyll gjennom tarmen med lunka vatn. Legg tarmen i ein liten bolle med lunka vatn etterpå. la dette ligge 10 - 15 minutt før du begynner pølsinga.

 

Eg pølser med ei Kenwood kjøkkenmaskin med kvern og pølsetuter, og det fungerer stort sett greitt i små kvanta. Er det større porsjoner, så låner eg ei større kjøttkvern med pølsetuter eller ei pølsepresse. Men det er ein fordel å være et par stykker når ein pølser.

 

Så er det berre å få deigen tarmen og knyte med fin husholdnings hyssing. Du kan lage pølsene i den størrelsen du sjølv vil, men eg har laga den i størrelsen som ein vanlig ring med Vossakorv ved bruk av kroktarm, eller ca 15 - 16 cm lange pølser med bruk av tynn svinetarm.

 

Etter pølsinga er ferdig, så frys den ned i passelige posjoner. Denne pølsa skal i utgangspunktet ikkje røykjast, men du kan godt gjere det som ein variant, det skader ikkje. Har ikkje testa det sjølv, men å røyke dei, trur eg skal gå veldig fint. Men ikkje røyk dei for mykje. Kun lettrøykt vil eg anbefale på desse pølsene.

 

Desse pølsene syns eg er best stekt, men dei er umulig å få steikt uten at skinnet sprekker og det er betre å koke dei.

 

Tilbehør når du tilbereder pølsene er heimelaga potetmos, masse surkål, og ein fin brun saus.

Link to comment
Share on other sites

  • 4 years later...

Bruk krydder du i utgangspunktet liker på ei svinekotelett eller nakkekotelett når du steiker den. Eventuelt prøv deg fram med andre typer som karri, chili, salvie, basilikum osv. Det er ingen fasit på krydder, test deg fram og lag d eige oppskrift, kanskje den blir ein slager?? :smile:

Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Testproduskjon i dag;

 

3,2 kg svinekjøtt (familieribbe)

1,5 kg oksebog

6ss salt

1 ss pepper

1 ss paprika

6 ss potetmel

6 egg

0,5liter kraft (av svor og bein fra ribba og bein fra bogen)

 

Kjøtte ble kvernet og eltet skikkelig

Salt, mel og krydder blandet godt inn i krafta (stavmikser) og eltet inn i deigen.

Vispet samme egg og eltet inn i deigen.

Salt kaldt et døgn, stappet i 36mm svinetarm. Trukket i buljong ved ca 85grader i 25min.

 

Ser veldig bra ut; de blir nok "kjedelige" i smaken men det er litt av målet; en god, allround middagspølse.

Link to comment
Share on other sites

Ja, den virka ein smule trist den blandinga der Chiefen, men for all del, ikkje sikkert at dei blir dårlige av den grunn, av og til er det kjekt å kunne verifisere innholdet av det ein smeller i kjeften også, eg har brukt kun salt og pepper i eit par hjortepølser, blei knallgodt det, viltsmaken kom iallefall til sin rett.. :)

 

Personlig ikkje veldig glad i overdreven bruk av koriander, meinar at Coop sine prisbelønnte gourmet pølser, hadde eit mektig innslag av koriander, det var rett å slett ikkje særlig gode pølser, attpåtil minimalt fettinnhold i dei, som gjorde dei veldig tørre og kjedelige..

 

Har testa ut karve, estragon, karri, laurbærblad, kvit pepper ( pføy..) rød pepper, ulike grillkrydder, chili, merian og sikkert eit par til eg ikkje husker i slengen..

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Share

×
×
  • Create New...