Jump to content

Julekveld i ladebua


Linduvarri

Recommended Posts

Endeleg kom pakka eg venta på: 4 ulike sortar med Woodleigh Weldcore som no skal ladast og testast. Har så vidt byrja ladinga, ferdig med 6,5x55 og 30-06.

 

Sjølv om jaktpressa ofte skriv at supertunge kuler for kaliberet er gått av moten, er eg usamd. I alle fall når målet er gode, lodda kuler med maksimal vekt for å sikra god djupverknad og stor ekspansjon. Og fine slakt for den saks skuld. Mange "superkuler" med lettare vekt (140-180 grains) går etter mi meining ikkje alltid djupt nok i viltet. Og ja, eg har forkasta Ballistic Tip teorien på elg - optimale skot rett bak bogen er lett å få til bak tastaturet, men verre i skogen :? .

 

Kulene skal testast i 6,5x55 (10,4 gram), .270wsm (11,7 gram), 30-06 (14,2 gram) og 300 win mag (15,5 gram).

 

Eg kjem tilbake med testresultat av kulebane, fart, presisjon og inntrenging når dette er klart. Truleg ikkje før det har blitt litt mildare i veret og kjekkare å skyta.

 

God helg til alle :)

Lindu

 

PS; vedlagt sitat frå nokre jegerar over there som har nytta nokre kombinasjonar av tunge woodleigh og 30-06/.300wby:

-----------

240 grains

Jack Renaud of Allen Park, MI

Date posted: 5/30/2009

Used this bullet on a Moose and it blew right through both shoulders. Hand loads are just above 2400fps. and the bullet was recovered and maintained 94% of its weight and opened up to just shy of double its original diameter. Its a heavy for caliber bullet but hits like a wrecking ball. Test shots went through 6 phone books and left a hole I could put my fist through. Awesome bullet.

 

Mike Price of Picayune, MS

Date posted: 6/30/2007

I bought these to provide my 30-06 with a heavy bullet that would open up at 30-06 velocities and at the same time hold together and penetrate deep or go all the way through. I was able to reach velocities of just over 2400fps which was amazing and with no excessive pressures. So I tried it in my 300WBY and was able to reach with MRP 2764fps and even though these bullets were designed for the 30-06 when I hit the test media they also held together and were extremely accurate. You talk about put a large hog down in his tracks. This bullet is like Thor's Hammer! Great bullet and quality is amazing.

-------------

220 grains

Bob Faucett of Houston, TX

Date posted: 1/13/2004

I used this bullet in Sept. 2002 for a plains game hunt in the Limpopo Province of South Africa. This is bushveld country where the shots are usually fairly close (50 to 150 yards). My .30-06 load was 52.0 grs of IMR-4350 in W-W cases with WLR primers (Ruger M77 MkII rifle). Chronographed average velocity of 2460 fps for 10 shots. With a 150 yard zero this load shoots plenty flat out to 200 yards or so. 3 shot groups in my rifle run around 1.0 to 1.5 inches at 100 yards. I took five animals on the trip; Impala, Warthog, Steenbok, Bushbuck and Red Hartebeest. Bullet performance with the Woodleigh was great. All animals didn’t move far after being hit. Complete penetration even on the Hartebeest and Warthog. Even my PH was impressed with the way my .30-06 “hammered” the Hartebeest. I will definitely use this bullet again.

Link to comment
Share on other sites

Då var første kula så vidt testa. 270wsm med 180 grain og 55,5 grains MRP bak.

Ingen teikn på overtrykk. Fekk 56 grains som tilrådd maksladning frå Woodleigh og la meg for ordens skuld 0,5 grain lågare. Dette skal gje rundt 800 m/sek.

 

Skaut i is for å testa ekspansjon på 60 meters avstand. Det lova godt, frontdiameter på 18x15millimeter, lengde 15 millimeter og restvekt 10,3 gram av opprinnelege 11,7 på den kula eg fann att. Det vart berre med to skot, då issvullen vart sundskoten og skyteskivene flagra til dunders.

 

Eg skal leggje ut bilete og litt meir systematiskedata når presisjon, fart, samt andre kaliber er prøveskotne med tunge woodleigh kuler. Dersom nokon har interesse av det då, utanom meg sjølv :wink:

 

Mvh Lindu

Link to comment
Share on other sites

Så kom fyrste nedturen, var og prøvde presisjonen på 180 grains i 270wsm'en i dag. Kulene blei for lange til at rifla klarte stabilisera dei, fekk 3-skotsamling på 100 meter på vel 40 cm (!) med avlange hol i skiva. Rifla er ei Rem 700 xcr og eg meiner riflestigninga er oppgjeven til 1:10 på Remington.com. Så her lyt eg berre innsjå at 150 grains kule er maks vekt.

 

Får elles kanonpresisjon med 100-130-140 og 150 grains kuler i børsa, så her vart det rett og slett for tung/lang kule. Det einaste eg ville nytta denne kombinasjonen til, måtte vera lisensjakt på ulv i Agder (sorry, kunne ikkje dy meg, men skal halda fred med ulvejegrane frametter) 8)

 

Neste prosjekt blir 240 grains i 300 win mag, vonar det lukkast betre med å få presisjon i Browningen.

 

Mvh Lindu

Link to comment
Share on other sites

Ikkje prøvd denne enno, men ladd opp med 64 grains MRP (igjen tilrådd ladning frå woodleigh).

 

Men har tidlegare prøvd 14,2 grams kula (RN) frå woodleigh i magnumen, fekk glimrande presisjon og fenomenal sopp/inntrenging med denne. Av ein eller annan grunn brukte eg desse skota på prøveskyting og gav vekk resten, så eg fekk ikkje prøvd dei på vilt.

 

No er 14,2 grams ladd opp i 30-06 med 53 grains MRP, og dei skal og testast. Dersom 15,6 grammarane vert for tunge/ustabile i 300 magnumen, er 14,2 grams kula den eg i så fall vil nytta der og.

 

Men først skal det testast om ikkje 15,6 grams kula gjer susen :)

Link to comment
Share on other sites

  • 2 weeks later...

Då vart det endeleg opptur.

 

Testa litt med 15,6 grams kule (240 grains) Woodleigh Weldcore som vart laga i samband med 100 års jubileet til 30-06 sprf. i 2006. Men som og sjølvsagt kan nyttast i magnum.

 

Ladedata 64 grains MRP og Federal magnumhetter. Våpen: Browning A bolt kal 300 win mag.

 

Presisjonen var god, med halvgodt anlegg og mot villreinskive skaut eg 25mm toskotssamlingar på vel 50 meters hald. (Fleire gonger mens eg skaut inn børsa).

 

Ei kule skoten i is på vel 20 meters hald gjekk kring 50 cm inn i issvullen. Rett nok var denne ikkje gjennomfrosen inst inne, her var det kombinasjon av vatn og issørpe. Fasongen var upåklageleg, skal leggja ut bilde når eg har testa 6,5 og 30-06 og. Slik at det blir ein ryddig tabell med bilete, presisjon, ekspansjon og fart på kulene.

 

Diameter på kula var ca 16x16 mm, lengd 15mm, diameteren målt øvst på kula. Den var større lengre ned ettersom flikane hang nedetter kula som "greiner". Restvekt 13,26 gram som gjev omlag 85%. Så det bør vera god elg- og hjortemedisin på normale hald.

 

Framleis god adventstid.

 

mvh Lindu

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...