Jump to content

Spjek1

Members
  • Posts

    9
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Spjek1

  1. Riktig, kun bukk pga cwd. Det blir vanskelig. Lite bukk igjen, og seint i august har dei gått inn i fostringsflokkane. Ullensvang er fantastisk. Nydelig terreng og bra med dyr på vestavind. Det kan derimot være veldig folksomt, og dei lokale kan være nådelause mot utenbygdingar! Hansbu er den mest populære plassen, og der kan du sende inn utstyr med traktor som går ca ein gong i veka. Du kan og transportere ut kjøt, så det ikkje smakar helikopter . Ellers er det ofte bra rundt Litlos, det har dei og ei DNT hytte. Bjørnavassdrsget i sør kan også være ein god plass trur eg. Eg jakta der i 2020 og fekk ein bukk på Låven. Det var dyr over alt, men det store problemet var ansamlinga av andre folk. Det blei rett og slett for mykkje. Så i år blir det kanskje mindre folk, men det blir hard kamp om bukkane. Eg ville kanskje holdt med litt for meg sjølv å satsa på småflokkar eller enslige dyr dei fyrste dagane. Då kan dei stå over alt.
  2. Eg har fått to stykk bukk på Røldal. Det blir ikkje lett, men lyt prøva! Vanskelig terreng og lite bukk no seier dei. Har jakta rein på vidda i tre år no, ett på Ullensvang statsallmenning og to år på Ha4 og har fått seks dyr i sekken totalt, men aldri storbukk.
  3. I fjor var det bra jakt, då sto store flokkar i terrenget ved jaktstart og drt blei jakta hardt. Fleire eg kjenner starta fyrst jaktdagen med å fylle kvoten. Men det er ikkje slik kvart år. Det er eit røfft terreng og jakta i år blir særdeles utfordrande. Kun bukk, og det er ikkje mange igjen, og dei er vanskeleg å jakte når dei har gått inn i fostringsflokkane. Det blir nok vanskeleg over heile vidda no, men Røldal er nok ikkje det lettaste i utgangspunktet. Eg har vore der på fiske, men har aldri jakta. Eg og fekk kort i år og er i tvil, dumt at fristen er før resten blir trekt. Men eg går nok for det kjenner eg meg sjølv.
  4. Ikkje heilt sant. 2017 var det liknande forhold som i fjor. Mykkje NV og bra med dyr. Eg var der ikkje då, men i fjor var det heilt magisk. Streifdyr kan ein finne over heile vidda, men 4-5 dagar med NV så kan det være mykkje dyr og store flokkar.
  5. Hei og gratulerar med kort. Dette er eit særs kontroversielt terreng då ein heilt klart har best sjanser sør for Nordmannslågen. I fjor var det fleire tilfeller av jegerar som bevisst stoppa flokkene frå å kryssa ved Lakjen (eg høyrte det på radioen). God folkeskikk er å sleppe dyra og jakte på baktroppen av flokken, ikkke skyte dei fyrste dyra. Men lengre periodar med nord/nordvest så vil dei krysse før eller seinare. I fjor var det draumeforhold med fleire veker med rett vind og vart det jakta godt i området mellom lågen og rv7. Eg var sjølv på Ha4 og fekk tre dyr der (ved Berakupen), så Eidfjord hadde et bra år i fjor, og vi krysser fingrane for at det blir slik i år og! Som nevnt trur eg Viersla er eit veldig bra område. Då kan dyra kome fraåalle kantar. Dei trekker ofte mot Olavsdalen. Ellers er det nok ikke dumt å halde seg rundt Lakjen og håpe at Eidfjordingane er meir solidariske i år og ikke stoppar dyra fra å krysse. Eg trur oppsynet var på banen og sa i fra om at dette ikkje var greit.
  6. Nei, det er ikkje berre deg!
  7. Det er det nok ingen som veit. Men det var vel ikkje jaktstart på vidda 10.aug i 2020 då vidt eg huskar. Sidan dei ikkje fekk så mange prøver som dei ønska er det nok realistisk å anta at det blir mykkje det samme som i fjor.
  8. Har skutt både rein og hjort med oryx 165gr. Aldri hatt noe problem.
  9. Jeg hadde min første villreinjakt i fjor på Ullensvang statsalmenningog tok en enslig ungbukk på Låven på min siste jaktdag. I år var det null kort på trekning men har fått tilbud om jakt på de private valdene vest for Veigdalen og nord for Hårteigen. Er kjent i området. Langt og gå, og når jeg ser på dataen er det stort sett i sørenden og vestkanten av terrenget en kan finne dyr. Har noen erfaring fra å jakte i dette området? Tenker å komme inn via Hjølmo til Hadlaskar og starte oppe i grananutene. Evt trekke sørover mot Langgrø seinere.
×
×
  • Create New...