Jump to content

Korp. Gopher

Members
  • Posts

    12
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Korp. Gopher

  1. Jaja, etter mykje om og men har beslutninger blitt tatt, på tross av resultatet ikkje heilt samsvarar med utgangspunktet. Har gått vekk frå 5.56 etter gjentatte oppfordringer (trusler og ørefiker) og landet på .17 HMR istedet. Blitt anbefalt å begynne med ein CZ 455, så har sendt søknad på den. Er jo greit at den kan kombinerast med .22 løp i tillegg. Ellers har eg fått låne ein Ruger GSR i .308. med syntetisk stokk. Dette var eit redskap i ein heilt annen liga enn kva eg er vant med frå tidlegare. Einaste eg kunne pirke på var litt tungt avtrekk og at avstandsstykkene til kolben verker billege. Sett bort frå det var den midt i blinken for meg, so søknad er sendt på den også. So kjem neste utfordring, optikk! Trur eg lager ein ny tråd på dette under optikk, etter eg har lest meg opp litt Takk for all info!
  2. Var ein tur på våpen-søilen i dag og kikka litt. Mossberg MVp hadde dei ikkje inne, men etter alt eg har sett og lest om den har eg tatt den ut av lista. Ruger american gjekk det visst mykje av, og den virka grei nok. men merker at låsekasse og sluttstykke ikkje har samme kvalitet som f.eks ein tikka T3. Men så er T3 litt over min prisklasse (som ny) då... Det eg ikkje hadde rekna med, var at det låg ein liten "lekkerbisken" på disken som eg ikkje hadde tatt med i berekninga, nemlig ein Ruger Scout Rifle i 5.56. Passe vekt, behagelig kolbe, virker som den er bygd for å tåla ein støyt, ja, den traff alle kriterier bortsett frå prisen og at den var links. Fekk óg beskjed om det ikkje var mulig, eller iallefall vanskeleg, å oppdrive nye i dette kaliberet. Pokker. Når det er sagt, så er det ikkje so mykje som skiller den frå dei andre, so med mindre det dukker opp ein på bruktmarkedet snart ser det ut som det vert enten ein ny ruger american eller ein brukt tikka t3. Eller kanskje ein Winchester XPR Stealth? Kom over den tilfeldig, og så langt eg har lest vert den sammenligna med kvaliteten til ein tikka t3. Veldig hyggeleg pris i so fall. Nokon som har erfaringer med denne? Fekk ellers tatt med den gamle Mauseren (.308) og bestilte ny lyddempar til den, meiner det var ein A-tec H2. Snopa meg óg ein våpenbag, 2-fot og bore-snake til den, so no bør den være happy ei stund Denne er tung som eit anker, med baneløp og solid trekolbe, så denne kjem til å verte posteringsrifle. Har planer om å skaffa meg ein ny .308 i hundefører-utgave om ei stund for driv-/krypjakt.
  3. Aha, ja kjem nok til å halda meg på 55gr+ så 1:8 er nok passelegt for meg. Fant videoen til 260 rips, etter det eg forstod fekk han bedre presisjon på lange hold med ammunisjonen han brukte (korriger meg gjerne ). Wylde... Er dette noko som børsemakar enkelt lagar til, eller er det like greit å kjøpe eit nytt løp som har det? Og er det kun løpet dette gjelder? Ein fin fordel med både Ruger'n og Mossberg'en er at dei er kompatible med STANAG magasin, som gjer utvalget (etter min meining) mykje større og rimelegare. 10-skudds magasin til ein T3 ligger vel i overkant av ein høvding? Greit å kunne ha eit magasin til einkvar anledning Blir nok tur til våpensøylen neste helg, og kjenne litt på utvalget der. Har visst god tid på meg ettersom politiet har stengt ned kundetjenester i desse tider... Tips til andre rifler som kan være verdt å sjå på?
  4. Oi, dette var jo interessant. Skal finne eit bedre kamera og legge ut bedre bilder. Nummeret er 41160. Ser ingen løvestempel rundt låsekassa, skal finne frem sluttstykket og sjekka den òg. Om eg husker kor eg gøymde den sist då...
  5. Vel, om tikka går god for 5.56 i sine rifler er utvalget større ja. Modifiseringsmuligheter er alltids kjekt, usikker på om eg går for kikkert eller rødpunkt. Det er så tettgrodd rundt her at det er sjelden noko blir skutt på over 100m. T3 lite såg jo kjekk ut, samme vekt som Ruger'n. M67, er det ein spesiell utgave av T3? Fant berre picatinny-rail montasje når eg søkte på det. Riflestigning er eit kapittel som er ukjent for meg. Ser eg får begynne å dykke litt ned i forumet og utdanna meg litt
  6. Her er Krag'en min, arva etter bestefar. Veit fint lite om den, regner med det var tjenestevåpenet hans i IR9. Ser komplett ut, alle nr. stemmer overens. Er stemplet 1898 på toppen. Er det vanlegt med tre siktemiddel på desse riflane? Lufter den av og til på skytebana, med litt tilvenning er dette eit veldig kjekt våpen å skyta med
  7. Er sjølvsagt åpen for forslag og ikkje minst kunnskap! Det aller viktigste for meg er våpenet fungerer som det skal, og er pålitelig i forskjellige miljøer. Utseende betyr lite, dette blir eit bruksvåpen Om ikkje ladegrepet sitter på eit oppfølgingsskudd er det takk og farvel til den. Mitt budsjett er maks 12 høvdinger, uten tillegg som bl.a. sikte. Om moderne .223 rifler fint tåler 5.56 åpner jo utvalget seg litt
  8. Er litt fastlåst på 5.56, då eg har muligheten til å være med militære på skytebana av og til. Greit å kunne ha mulighet til å bruke samme ammo som 416. I tillegg er det eit fint kaliber for nybegynnere, fruen er interessert i å ta jaktprøva. Har forstått det sånn at å lade .223 i ei rifle kamra for 5.56 er tjo og hei, mens omvendt er fy-fy. I Mossberg'en kunne man bruke AR-magasin, er ikkje det tilfelle med Ruger'n òg? Må vel være kurant å bytte ut det originale magasinet med eit bedre ett? Howa'en såg bra ut den, men er vel kamra for .223? Får planlegge ein tur til våpensøylen, ser dei har begge for salg.
  9. Her inne er det stort sett gamle HV-mausere og lee-enfielder det går i, kanskje ein og annen tikka eller sako. So utvalget er heller magert Akkurat no ser eg etter ein enkel og grei 5.56 rifle tiltenkt mikkel, har lagt ut ein ny post under "rifler".
  10. Hei, har endelig sett meg lei av besøk frå Mikkel her på garden, men syns det vert litt overkill med .308 uten lyddemper. Det vil nok òg naboane seie seg enige i. Har konkludert med at eg trenger noko nytt i samlinga, ein US-karabin hadde vært å foretrekke men lovverket synes nok ikkje det. Kriterier: - Rimelig - Lettvekt - Kamra for 5.56 nato - Kort løp - Enkelt stell og vedlikehald - Montasje for lyddemper og gjerne picatinny-rail Har so langt sett meg ut to alternativ, Ruger American Ranch og Mossberg MVP Patrol. Er det nokon som har erfaringer med nokon av desse? Har sett litt på youtube om desse, og det ser ut for meg at sluttstykket på Mossbergen er veldig vinglete, og det er sjelden det er fin flyt i ladinga. Men det kan jo òg være brukerfeil? Takker for alle svar! Martin.
  11. Hei, nytt medlem frå vestlandet her. Har jakta i 15-20 år so langt, og kun brukt arva utstyr. Men no som årene er so vidt begynt å merkast, er det ikkje like kjekt å dra med seg den gamle kanonen til fatter`n i stupbratt hjorteterreng. Pluss at den er litt grov å bruke på ein viss Mikkel som har begynt å forsyne seg av diverse smådyr her på garden... Ettersom eg ikkje har erfaring med jaktvåpen produsert etter '45 tenkte eg å høyra med folk som gjerne har fulgt litt med i moderne tider Besitter for øyeblikket: .308 Mauser, med "custom" trestokk, baneløp og eit gammalt Bushnell Sportview kikkertsikte. Usikker på opprinnelse, er stempla inn vz.24 på sida og ser ut som det står noko på tjekkisk under siktefoten. Brukes til hjortejakt eller som lodd 6.5 Krag-Jørgensen 1894, ser heilt original ut. Regner med det er det gamle tjenestevåpenet til bestefar. Lang som eit vondt år og kan nesten brukes som flaggstang. Brukes kun på skytebana for litt presisjonsskyting. Martin.
×
×
  • Create New...