Var ein tur på våpen-søilen i dag og kikka litt. Mossberg MVp hadde dei ikkje inne, men etter alt eg har sett og lest om den har eg tatt den ut av lista. Ruger american gjekk det visst mykje av, og den virka grei nok. men merker at låsekasse og sluttstykke ikkje har samme kvalitet som f.eks ein tikka T3. Men så er T3 litt over min prisklasse (som ny) då...
Det eg ikkje hadde rekna med, var at det låg ein liten "lekkerbisken" på disken som eg ikkje hadde tatt med i berekninga, nemlig ein Ruger Scout Rifle i 5.56. Passe vekt, behagelig kolbe, virker som den er bygd for å tåla ein støyt, ja, den traff alle kriterier bortsett frå prisen og at den var links. Fekk óg beskjed om det ikkje var mulig, eller iallefall vanskeleg, å oppdrive nye i dette kaliberet.
Pokker.
Når det er sagt, så er det ikkje so mykje som skiller den frå dei andre, so med mindre det dukker opp ein på bruktmarkedet snart ser det ut som det vert enten ein ny ruger american eller ein brukt tikka t3.
Eller kanskje ein Winchester XPR Stealth? Kom over den tilfeldig, og så langt eg har lest vert den sammenligna med kvaliteten til ein tikka t3. Veldig hyggeleg pris i so fall. Nokon som har erfaringer med denne?
Fekk ellers tatt med den gamle Mauseren (.308) og bestilte ny lyddempar til den, meiner det var ein A-tec H2. Snopa meg óg ein våpenbag, 2-fot og bore-snake til den, so no bør den være happy ei stund Denne er tung som eit anker, med baneløp og solid trekolbe, så denne kjem til å verte posteringsrifle. Har planer om å skaffa meg ein ny .308 i hundefører-utgave om ei stund for driv-/krypjakt.