Jump to content

mandler

Members
  • Posts

    15
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by mandler

  1. Men ikkje alltid...denne er f. eks under vurdering.
  2. Kan nok lett bli til det, ja. Bør kanskje gå for kunstfiber-stokk i same slengen då...
  3. Er nok veldig aktuelt, ja... Kan jo mest ikkje gløyme ein skrutrekker på terrassen ein kveld, utan at han rustar i vestlandsklima, ...og då treng det ikkje regne ein gong
  4. ...blir vel kompensert litt med at ein ikkje treng vere like hissig med pussinga då, sidan ein ikkje treng pusse rust!
  5. Eg skjønar jo at ein opplagt fordel med å gå for rustfritt løp/kammer er at det ikkje rustar, ikkje like lett iallfall. Ein ulempe er jo at det gjerne kostar nokre fleire lappar. Utover dette, er det vesentlege skilnadar i eigenskapane mellom rustfritt/ikkje rustfritt, som har noko å seie for presisjon, slitasje, potensiell fare for løpssprenging, eller anna?
  6. Kanskje det, ...men så var det det med børse med stil, sjel og historie då! ...kunne jo kjøpt meg ein plastikk-mauser òg! Ser litt lekker ut den, på sitt vis... ...så kan gammelmaueren hengje på veggen
  7. Har du måtta frest ut spor i treskjeftet på rifla di, for å få plass til mount'en? Bilde frå sida med festet?
  8. Joda, absolutt ein tanke det...
  9. Såg jo riktig lekkert ut...
  10. Jo, kunne vært eit artig prosjekt det. Denne blir vel òg montert ved sida av jernsiktet (?) ...men er sikkert dei færraste mausarane som har hol for montering....og må vel til med borring då? Kva sikte har du montert? Funkar ok? Bilete av montasjen?
  11. ...ville helst unngå boring og styr, men elles ser patenten fin og smekker ut. Vil ikkje forskjellige bak-monterte kikkertsikter på desse riflene lett komme i konflikt med lading og ladearm og sånn, og rett og slett vere litt i vegen? Gje gjerne ei tilbakemelding på funksjonalitet, ...og kanskje eit bilete av rifla di med siktet påmontert når du har fått ting i orden. Eg synest eigentleg desse skinnene montert i sikte-ramma ser nokså ok, solide og diskret ut, men kor funksjonelt er det med framme-montert kikkertsikte sånn reint bruksmessig? Nokon som har erfaring frå bruk, og eventuelt tips til sikte som har gode eigenskapar for ei slik plassering?
  12. Eg har ein gammal HV-mauser (30-06) på handa, som eg kanskje vil kjøpe av eit pensjonert HV-befal, eit flott eksemplar. Tanken er at eg i så fall vil prøve ho på jakt, men då vil eg jo gjerne ha eit kikkertsikte. Likevel vil eg ikkje gjere permanente endringar på våpenet, i form av borringar og boltingar og sånn, ei heller koste på det alt for mange lappar. Nokon som har tips og erfaringar? Eg ser det er nokon nette løysingar for såkalla "scout mount", der ein demonterer jernsiktet og erstattar det med skinne for kikkertmontasje (t.d. denne). Desse kikkertane ligg jo då ganske langt framme på rifla, og har vel følgjeleg ganske smalt synsfelt. Nokon som har erfaringar med slikt? Det er jo løysingar for bakstilte sikte òg, men desse ser fælt klumsete ut, og vil vel lett kome i konflikt med lading av patronar (?)
×
×
  • Create New...