Jump to content

Maabren

Members
  • Posts

    28
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Maabren

  1. Syns ikkje damping er noko man skal bedrive på skytebane. Unødvendig sjenanse overfor andre skyttere og regelverket er ganske så klart på det punktet.
  2. Maabren

    Airgunworld.org

    Det som ikkje er kvalitetsvåpen har jo eit mulig bruksområde inna Tivoli/Sirkus. Kanskje man burde satse på eit forum der medlemmane betaler kontigent?
  3. Maabren

    Airgunworld.org

    Hadde vore fint med eit nytt forum om det gamle ikkje makter å komme seg på beina igjen. Men europeiske kvalitetsvåpen er ikkje like enkelt. Føler mykje av den kvaliteten som var ikkje er like lett å finne att i dagens luftvåpen. Heldigvis nokre hederlige unntak. Sjølv syns eg Diana sitt T01 avtrekk er noko av det betre, men det tok si tid å finne ein 48 med det. Men jo, mange luftvåpen eg sku ønske eg hadde holdt meg langt unna, men di har gitt erfaring og innsikt. Heldigvis ikkje av det dyrkjøpte slaget. Kva kriterier burde man hatt for europeiske kvalitetsvåpen?
  4. Er ikkje så verst å oppnå 15,5 ctc på 10 meter med 2240'n. Hadde dog ikkje trudd at det var mulig med Gamo-pellets. Men er nokre år sia eg testa Gamo-pellets. Hadde egentlig tenkt å hamstre inn nokre .22 fra JSB og H&N i håp om at di leverer grei samling. Lyt kansje vurdere Gamo Long Distance og. Avtrekket er vel ein av di viktigaste moddane man kan gjere uannsett luftvåpen, så sant det ikkje allereie er mulig å fininnstille til det man sjølv syns mest om.
  5. Skal noko til å huske alt. Takker for info om LGV'n. Lyt sjekke den ut litt meir ja.
  6. Kommer til å selge unna det meste av luftvåpen framover og har difor bestemt meg for å beholde/skaffe nokre av di bedre fjærvåpena, dvs minst 3 sidespennere, 3 underspennere og 3 knekkløp. Mitt første luftgevær hadde knekkløp og eg vil difor ha nokre av di betre inna den typen luftgevær i samlinga og. Hadde vore fint å funne eit godt luftgevær med knekkløp og god løpslåsing. Etter at eg la ut spørsmålet vart eg sittandes å gnage på at eg hadde sett eit nyare luftgevær med løpslåsing. Har ikkje nyaste Blue Book, så det tok meg nokre timar å leite på nett utan å vite kva for våpen eg minnast, men her er jaffal linken: http://www.wingevapen.no/index.php?do=product&id=5622 Dette er ein Walther LGV Master Pro som kom i 2012. Knekkløp med løpslåsing og mulig å få med forskjellig kraft. Har ikkje fått leita opp så veldig mykje info, men 23J-utgaven har fått ganske grei omtale. Heldigvis er det mulig å få den enda litt betre med lubetune, bytte plasttriggeren osv. Har sansen for tyske luftvåpen. Prisen er egentlig ok. Har nokre IJ22 med løpslåsing og ei kina-rifle med fungerande løpslåsing(skjønt resten er så som så). Desse når ikkje heilt opp. @evert Eg burde sikkert styre unna, men LGV'n er ganske fristande. @stricken Den løpslåsinga eg tenker på bruker ein hendel for å frigi løpet. Tipper dog at løpet på Sport'n din er på høgde med knekkriflene til HW. Dvs at løpet sitter der det skal når man skyter.
  7. Prøver å finne ut kva eg har å velje blant. Gode luftgevær med knekkløp og løpslåsing er det ikkje mykje av. Nokon som har tips?
  8. Riktig smurning, nødvendig polering og minimalt med tune gjev ofte ganske bra resultat. Hadde vore moro med litt info om korleis Sport'n liker di forskjellige pellets etter kvart som du får testa.
  9. Yepp, fleire søknader pr gebyr var det. Så da må man søke om løp og deler nett som med våpen. Da fekk eg svar på det.
  10. Fekk du bytta luffa? Syns og det var rart at du ikkje fekk det våpenet du var førespeila. Eg hadde jaffal ikkje godteke det.
  11. Trur det går greit med fleire våpen på ein søknad, men lurer sjølv på om det er mulig å legge inn i søknaden ekstra løp, oppgraderinger osv?
  12. Kva for pellets testa du på Sport'n? Har hørt at den liker pellets mellom 7 og 8 grain.
  13. Våpenskapet er ikkje noko problem. Har god plass. Liker og at 2240 har såpass greit med oppgraderinger. Er mulig å få ein ganske ok pistol for ein billig penge samtidig som man har satt sitt eget preg. Kva ammo fungerer best i din 2240, treffsikkerhet og fps? HW40 er mykje pistol for pengane. Fin til trening. Poster gjerne vidare her om 2240 når eg får di inn.
  14. Crossman 2240 er ein pistol eg har sikla på lenge. Kan oppnå mykje ved å bytte ut plastikken. Syns samtidig at alt over 12" løp blir i meste laget på denne. 10" løp er og eit alternativ. Litt usikker på korleis bestille både pistoler og ekstra løp i forhold til søknaden hjå politiet.
  15. Har du sjans til å få prøve desse luftgeværa før kjøp, så vil nok det gi deg di beste svara. Elles er første tanken min at desse luftgeværa er ganske ulike. Ville sjølv valgt eit match våpen til 10 meter blink-skyting, gjerne med dioptersikte. HW50S med kikkertsikte er mest moro til skyting rundt 25-30 meter, men funker sjølvsagt til 10 meter. Ganske godt avtrekk på HW50S. FWB 300 er nærmast rekylfri.
  16. Har kome fram til det samme som deg evert. For min egen del har eg gitt opp å lage avansert innmat da det er for lite å vinne på det. Einaste eg kan tenke meg som har noko for seg er å finne ut kva volum som må til med eit "HW"-oppsett for å dempe di forskjellige joule, dvs omkretsen på demper og kor mange kammer man trenger.
  17. Ganske rart at HW sin demper skal være såpass bra når man kikker på innmaten. Meiner å huske det var 3 stk hullete "plasthårruller" med dempematte rundt. To skiver delte vel desse av slik at man fekk eit kort kammer i midten og to lengre kammer i endane. Veldig enkelt laga. Nesten så man kan lure på om det er verdt å lage avanserte dempere til luffer.
  18. Phoxx Twister er grei med at man kan skyte inn luffa på blink og deretter trene på snurreblinkande. 10 treff på rad så er eg storfornøgd med både meg sjølv og luffa. Bruker 10 m, 25 m og 50 m hold alt etter luffe.
  19. Syns 10 meter er minste avstand det er verdt å trene på. Men innomhus trening med luftvåpen krever gjerne litt lydreduserende tiltak. Som stille kulesamler samt lyddemper på våpen.
  20. Maabren

    AirGunWorld

    Da dukker det vel opp epost og aktivering gangnam style @evert Ska sjekke ut desse foruma du linker til, og sjå kor mykje eg rekker rundt i di
  21. Maabren

    AirGunWorld

    Takker! Gjekk fint å få aktivert konto her på kammeret.no Prøvde samtidig å få aktivert konto hjå AirGunWorld(AGW) som er eit forum for luftvåpen. Var problemet rundt den aktiveringa eg lurte på med denne tråden. Kan jo være nokon fra AGW-forumet som er her på kammeret.no og kan sette meg i kontakt med ein administrator hjå AGW. Tenkte det passa greit å spørre her i luftvåpen avdelinga.
  22. Maabren

    AirGunWorld

    Prøvde å melde meg inn i forumet og fekk ei velkomstmelding i slutten av september, men har ikkje fått noko epost tilbake om at kontoen er aktivert av forumadministrator. Prøvde og å kontakte administrator utan å få svar. Nokon som kjenner til AGW og eventuellt kven man kan kontakte for å få aktivert kontoen?
  23. Vart det noko mekking? Har kikka litt på denne sjølv. Vurderer å hanke inn eit par til skytetrening. CP-1 bør jo være snadder til Metallsilhuett med garantert 40 skudd pr cO2 patron og grei egenvekt. Ser dog for meg at ein såpass billig plinker muligens trenger litt ekstra omtanke.
  24. Joda, kunne brukt sammenmontering, ser den. Takk for tilbakemelding! Har streka under forandringa og håper det høres betre ut: "For verdiskap er forankring presisert med blant anna punkt 4.2 som forklarer at sikkerhetsskap med egenvekt under 150 kg skal forankres. Det står dog ikkje nærmare forklart kva sikkerhetsskapet skal forankres i og eg tolker det da som greit å sammenmontere eit sikkerhetsskap i eit anna sikkerhetsskap viss desse da får ei samla totalvekt på 150 kg eller meir. Punkt 4.3 understreker at man søker å oppnå vekt på 150 kg eller meir for å slippe forankring. Rustfrie bolter i samme dimensjon som orginale hull i våpenskapa burde difor være ein god måte å sammenmontere 2 våpenskap. Nesten ein fordel om skapa står med ryggen mot kvarandre da di ikkje velter like lett når ei av dørene svinger ut samt at man slipper å forblende hulla i ryggen."
  25. Godt eg fann denne. Ser at våpenskap er ein nødvendighet for privat oppbevaring av våpen og ut fra Våpenforskriften §79 må våpenskapet være FG godkjent. Hjå FG er det da sikkerhetskap og verdiskap man kan velge mellom. Har sjølv ikkje mulighet for forankring av våpenskap og etter å ha lest fram og tilbake rundt om fann eg at FG-520:1 og FG-530:1 ga sånn ca dette svaret for privat oppbevaring: For sikkerhetsskap må forankring være i henhold til fabrikantens spesifikasjoner og man må benytte di hull som eksisterer samt forblende di hull som ikkje blir nytta. Dette vil og gjelde verdiskap. For verdiskap er forankring presisert med blant anna punkt 4.2 som forklarer at sikkerhetsskap med egenvekt under 150 kg skal forankres. Det står dog ikkje nærmare forklart kva sikkerhetsskapet skal forankres i og eg tolker det da som greit å forankre eit sikkerhetsskap i eit anna sikkerhetsskap viss desse da får ein samla totalvekt på 150 kg eller meir. Punkt 4.3 understreker at man søker å oppnå vekt på 150 kg eller meir for å slippe forankring. Rustfrie bolter i samme dimensjon som orginale hull i våpenskapa burde difor være ein god måte å forankre 2 våpenskap. Nesten ein fordel om skapa står med ryggen mot kvarandre da di ikkje velter like lett når ei av dørene svinger ut.
×
×
  • Create New...