Jump to content

Bjornepappa

Members
  • Posts

    134
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Bjornepappa

  1. Beiterett har ingenting med jaktrett å gjøre. Ring kommunens Utmarksråd (eller tilsvarende instans). De bør kunne svare deg på hvem som har jaktretten. Noen ganger er det Valdet/Viltstellområdet som sitter på jaktretten til både storvilt og småvilt uten å bry seg med småviltjakten.

    Det har du heilt sikkert rett i, men i mange tilfeller er det grunneigar eller eit grunneigarlag som sit med både beite- og jaktrett. Det er det vanlegaste her i området, og med stor sannsynlegheit også gjeldande for det aktuelle området.

     

    Sent fra min D6603 via Tapatalk

  2. Lurer litt på dette. Er det fritt fram og jakte småvilt i allmenning, der det ikkje er jaktkort? Eller er det noko form for felleskort som dekkar allmenningar som ikkje har spesifikke kort?

    Vi har hytte i ein slik, og har i alle fall ikkje funne noko jaktkort som gjeld spesifikt for denne.

     

    Takk for gode svar!

     

    Sent fra min D6603 via Tapatalk

  3. US6 er fin størrelse, har sjøl kjøpt Saga Heavy 34 gr. i den størrelsen på XXL (5 kr/stk) og Fiocchi PL 34 til 7 kr/stk i samme butikk og prøveskutt på papp, begge gav fin samling, men ein anelse betre samling med førstnevnte. Vel og merke ikkje med den hagla, men det bør ikkje vere store forskjellen. Kan anbefale begge to.

     

    Sent fra min D6603 via Tapatalk

  4. Enig i siste innlegg om Altay Classic. Kjøpte den sjølv for eit år sidan, og har vore bra fornøgd med den. Enkel og grei hagle, smell når den skal og har ikkje hatt eitt einaste klikk så langt. Har gått nokså mange hundre leirduepatroner gjennom den, ikkje fullt så mange jaktpatroner enn så lenge.

     

    Eg kjøpte den uten å prøve, så no er den under ombygging for å få justerbar kolbekam. Om du har muligheit er det ein stor fordel å prøve på forhånd, ombygging kostar fort nokre tusenlappar ekstra.

     

    6000 kr for eksemplaret er forøvrig meir enn eg betalte for mi (splitter nye) i fjor på denne tida, om du sjekkar med div forhandlarar kan det hende du får ny hagle minst like billig, ev kan du prøve å prute litt. Mi vart kjøpt hos Rygge Våpen.

  5. Då er hagle bestilt. Fekk prøvd ei Altay 2 (nesten lik den eg linka til over), den passa bra. Fekk den til 5000, så då slo eg til. Skal bli artig å prøve den, forhåpentligvis i neste veke :-)

     

    Sent fra min GT-I9300 via Tapatalk

  6. Her var det mange gode tilbakemeldingar, takk for det! Ser det er flest som har erfaring med Baikal. Har prøvd den hos ein lokal forhandlar, den synstest eg passa greit. Har ikkje fått prøvd Altay, men hr fått ein forhandlar til å måle kolben, og den var omtrent lik ei hagle eg brukar på skytebana, så slik sett bør også den passe greit.

     

    Kom gjerne med fleire synspunkt, er glad for alle meiningar :-)

     

    Sent fra min GT-I9300 via Tapatalk

  7. Hei

    Skal til å kjøpe mi første hagle, så er nok litt i startgropa. Har eit par kandidater, men er open for andre gode forslag.

    Har sett på hagler i prisklassen 4-6000 kr, og funne eit par kandidatar:

    Baikal:

    http://www.wingevapen.no/index.php?do=product&id=637

    Altay Classic: http://www.wingevapen.no/index.php?do=product&id=4009

     

    Nokon som har tips og erfaringar?

    Har forstått det slik at Baikal er gode "bruksvåpen" som er laga for å bli brukte men uten å vere eksklusive på nokon måte. Altay kjenner eg ikkje til...

     

    Kom gjerne med gode og dårlige tilbakemeldingar, er glad for alle svar :-)

     

    Sent fra min GT-I9300 via Tapatalk

×
×
  • Create New...