Jump to content

Bjornepappa

Members
  • Posts

    134
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Bjornepappa

  1. Som du sikkert har sett er dette diskusjonstema. Den er merka med 144 MHz, det er ganske så nær kanal 1,3 og 5. Så der bør den fungere bra. Men kom gjerne med tilbakemelding når du har fått prøvd den! Litt om såkalte skogsantenner: Dette er kvartbølgeantenner, litt teori her: https://no.m.wikipedia.org/wiki/Kvartbølgeantenne Jaktfrekvensane går frå ca 139 til 143 MHz, så ei antenne tilpassa desse bør trimmast til ca 141 MHz. Ut frå formelen bør denne altså klippast på ca 505 mm. Det er altså ikkje "jo lenger jo bedre", men opp til halvmeteren gjeld dette. Ei antenne på 60 cm vil vere dårlegare enn ei på 50 cm på desse frekvensane. Mange ebay-antenner har eg sett er 40 cm, det stemmer heller ikkje med 144 MHZ, men kan hende er dette ein anna type antenne, ev ligg det ein liten spole nederst mot tilkoblinga for å kompensere manglande lengde.
  2. Du kan forresten bytte mellom frekvens, kanalnavn eller kanalnummer på meny nr. 22. Tilsvarende for kanal A på meny nr.21. Eller du kan endre i Chirp.
  3. Du kan lytte på to kanalar samtidig, og du bytter mellom kven av dei du pratar på med A/B knappen. Derimot satte eg opp B-kanalen til å vise frekvens framfor kanalnavn, og den står difor fast på denne frekvensen til du bytter med pilene.
  4. Stort sett kan du legge ved beskjed til selgeren på ebay om at du vil ha europeisk "round pin" powersupply. Det gjorde eg, og fekk korrekt type. Eg har kun erfaring med Baofeng UV5R og denne gjer akkurat det den skal. Har leitt etter ei god piskantenne, så langt utan hell, men den medfølgande fungerer heilt greitt og like bra som standardantenner på mange andre radioar til tidobbel pris. Den er ikkje klassifisert som vanntett, men sprutsikker er den i alle fall. Tåler også det den har fått av juling så langt. Som reserveradio er den topp, du får den til ca 200 kr. Men skulle eg kjøpt ein radio i denne kategorien i dag hadde eg vurdert denne her http://m.ebay.com/itm/DE-Baofeng-GT-3WP ... nav=SEARCH Den kostar det doble av UV5R, men er fortsatt ganske billig. Og den er vanntett og virkar generelt meir robust. Har derimot ingen erfaring med den.
  5. Søk gjerne også på Google og YouTube så finn du det du treng.
  6. Det var lurt. Om du sø ker på f.eks "chirp baofeng" på YouTube finn du masse. Antakeleg må du forresten installere driver manuelt. Denne filmen gir ein brukbar innføring:
  7. Har du kjøpt usb-kabel og lasta ned Chirp? Eller vil du kose deg litt ekstra?
  8. Chirp er nettopp eit program for å legge inn kanalar osv på bl.a. Baofeng men også svært mange andre radioar. Gratis og enkelt å bruke. PMR446: https://en.m.wikipedia.org/wiki/PMR446
  9. Eg kjøpte ein "fuktsluker" på Biltema og satte inni skapet. Trur det er ein stor pose silicagel. Har ikkje opplevd rust på våpena mine på tross av at eg nok kunne vore flinkere å pusse og at skapet står på eit kaldt rom.
  10. Det går jo an å oppføre seg som folk på tross av at ein er uenig om saker og ting, dette er eit diskusjonsforum. Uansett, med din ekspertise, kanskje du kan vere konstruktiv og anbefale ei (pisk)antenne som faktisk er tilpassa til og dekker jakt- og sikringsfrekvensane brukbart?
  11. Enig med meut! Den sit bra på når den først er på plass, men litt kinkig å ta av og på.
  12. Du har nok meir peiling på dette enn meg óg, men: Antenna mi er stempla med 144 MHz (og 433, påstått dualbander). Jaktfrekvensane strekker seg frå 138,75 til 143,35 MHz, sikring og sank er innanfor samme område. Antenna er nok ikkje perfekt, men temmelig nær, spesielt for dei høgaste frekvensane. Uansett, er ikkje dette nærme nok til at den burde fungere ganske bra?
  13. Eg veit ikkje kva eg snakkar om (samanlikna med andre), men har erfart at den medfølgende er ganske så bra til jaktbruk. Ikkje på høgde med ei god piskantenne, men betre enn mange antenner som følger med andre radioar.
  14. Eg har også ei NA771 som var altfor billig, den er stempla med 144 MHz (som er temmeleg nær jaktfrekvensane), men er for kort til å vere kvartbølgeantenne på den frekvensen. Uansett, den er elendig på både sending og mottak til å vere ei slik piskantenne. Originalen på knapt halve lengden er langt betre. Det er nok ein dårlig kopi av det som nok er ei bra antenne.
  15. Eg kjøpte ein "original" Baofeng monofon, den var lite å skryte av. Kjøpte så denne http://m.ebay.com/itm/142019005436?_mwBanner=1 og er kjempefornøyd med den. Den har 3,5 mm utgang til øyrepropp/hørselvern.
  16. Då var ny brukerkonto (med norsk oppsett) på plass, og Chirp startar og fungerer heilt perfekt! Tusen takk for god hjelp!!!
  17. Jepp. Endra ikkje region, berre språk. Samt nede til høgre ved klokka. Det skal være nok? Nei, får ikkje starta i det heile tatt. Får opp ein feilmelding ved forsøk på oppstart, men programmet kjem aldri i gang.
  18. Var ikkje hjelp i det heller gitt. Endra språk og restarta pc utan hell.
  19. Du kan også prøve å slette chirp.config filen hvis den er blitt korrupt. Chirp lager en ny automatisk ved oppstart. Kunne ikkje finne denne fila... Men i alle fall: har endra både maskinnavn og brukernavn til å ikkje inneholde æøå, samt avinstallert og reinstallert Chirp, men uten bedring.
  20. Bjornepappa

    Haglereim?

    Trur det må vere denne, kan brukes til både hagle og rifle http://m.ebay.com/itm/Tourbon-Neoprene- ... nav=SEARCH
  21. Bjornepappa

    Haglereim?

    Kan anbefale neoprenreim. Dei er veldig gode å bære, litt breiere enn vanlige og veldig godt grep på skuldera. I mange er det litt stretch også. Eg kjøpte på ebay, du finn til ganske ok pris der...
  22. Noko sånt kanskje http://m.ebay.com/itm/Transparent-Water ... nav=SEARCH Men då mistar du moglegheit til å bruke monofon/ekstern mikrofon.
  23. Eg har også ø! Og har samme problem på ei win7 maskin som heiter noko med Bjørn, men ikkje arbeidsmaskina med Win7. Takk for tipset, skal prøve å endre frå ø til o og sjå om det funkar!
  24. Vart litt nysgjerrig på dette. Ifølge manual som eg finn på nettet (finn ikkje igjen min eigen) er UV-5R godkjent iht bl.a. EN 301 489-1 og -5, der -5 betyr at det er ein PMR-radio og som dermed kan programmerast innanfor frekvensspekteret den er laga for, for VHF er dette 136-174 MHz. Om eg har forstått rett skal amatørradioar vere godkjent iht EN 301 489-15, og ikkje -5. Har eg misforstått dette?
×
×
  • Create New...