Jump to content

Bjornepappa

Members
  • Posts

    134
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Bjornepappa

  1. Då har eg fått fasiten.

    Bilda viser treffpunktforandringen (med sandsekk som anlegg i begge tilfella). Litt forandring vart det, den nyaste batchen (bilde nr.2) gjekk litt lenger til høgre og litt lågare, men godt nok til jaktbruk.

    Har bevisst skote inn litt lågt med anlegg, då eg erfaringsvis får litt høgare treffpunkt utan skikkeleg anlegg (som det fort blir på jakt).

    gammal batch.jpg

    ny batch.jpg

  2. Eit tips kan være å sjekke finn.no. Der kan du gjere ein del bra kjøp.

    Eg var I same situasjon som deg, og fant ein som er nokre år gammal, men som stort sett gjer det same som ein ny til ca. 500 kr (det var ein 60CS).

    Her er ein 60CSX, den har plass til minnekort: https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=101431738 , til ganske bra pris. Kan sikkert prøve å prute litt.

    Du kan gjerne prøve ut gratis kart frå frikart.no. Dei er ikkje fullt så gode som Garmin sine, men ikkje veldig langt bra. Er I alle fall verdt eit forsøk.

  3. Er nok ikkje det på alle, bana "vår" er relativt enkel. Den blir stort sett kun brukt til trening og oppskyting før storviltjakta. Å få disp for å skyte opp I benk virkar meiningslaust spør du meg, er ikkje alltid så lett å reise på jakt med benk!

    Takk for tilbakemelding i alle fall, ser om eg får tid til ein liten tur for å prøve. Skal gi tilbakemelding om det blir noko av.

  4. Skøyt inn rifla med Lapua Naturalis no ein dag, og for å få bra innstilling gjekk det med 12 av 20 patroner som var i pakka. For å unngå å risikere å gå tom ila. jakta kjøpte eg ei ny pakke med ein gang.

    Den nye pakka var derimot av ein anna batch, og tilfeldigvis oppdaga eg at totallengda på patrona var nokre millimetre forskjellig frå den første.

    Spørsmålet er da om denne krev ny innskyting, eller kan eg forvente at dei går likt?

     

    Takk for alle gode svar :)

  5. Alfa har i alle fall normale fjellstøvler i alle str, dei har i alle fall til fireåringen vår. Dei er ikkje like høge som normale jaktstøvlar, men er det eit poeng?

    Vi kjøpte på ein sport outlet, trur dei kosta 5-600 kr.

  6. Har desse skoa og er kjempefornøyd. Har hatt mykje gnagsår i alle slags sko, men aldri i desse. Men det betyr vel berre at dei passar min fot svært bra.

    Har brukt dei hovudsakleg på rype- og hjortejakt. Ikkje verdens beste feste på stein tross i vibramsåle, men godt feste ellers. Har holdt ute vatnet i to jaktsesongar utan å bli smurt eller behandla på noko vis. Når jakta nesten var slutt i haust fekk dei likevel ein runde med minkolje, då skinnet trekte vatn som ein svamp.

    Skoa gir bra støtte sidevegs utan å vere særlig stive i lengderetningen. Eg vil likevel ikkje sei dei er den ultimate reinsjaktstøvelen, i alle fall ikkje når bukken skal bærast heim (utan å ha vore på reinsjakt sjølv verken med desse skoa eller andre).

     

    Kan trygt anbefale desse.

  7. Begynn med jegerprøven. Den rekk du fint, mange kurs begynner no på denne tida.

    Så kan du kjøpe eller låne deg hagle og så mykje ammo du orker å bære med deg.

    Du lærer etter kvart, men jegerprøven MÅ du ha som utgangspunkt. Der lærer du dessuten mykje grunnkunnskap som er bra å ha med vidare. Til og med kva type ammo som er passe til due ;) Ser at nr 5 og 6 er nevnt, utan at eg har jakta due sjølv vil eg påstå at i alle fall 5 er unødvendig grovt.

  8. Er du i tvil kan du testskyte i ei 12/76 hagle og samanlikne med ei "vanleg" 12/70 og eventuelt 12/76 patron. Det er som sagt lengda etter avfyrt skot som har betydning.

  9. Hvordan vil antenne for norske jaktkanaler fungere i Sverige siden disse ligger på rundt 155?

    Til Garmin Rinoen min fulgte det med en egen antenne når man skulle bruke den på svenske jaktkanaler.

    Den funkar den, men ikkje like godt som ei "svensk". Når du virkeleg treng ei god antenne vil du merke forskjellen. Og det er jo nettopp det som er poenget med ei slik lang og upraktisk antenne...

  10. Enig med Torf. Kan anbefale å tafse litt på den. Eg var i samme situasjon og hadde vel i grunn sett meg ut tikka t3. Skulle i alle fall ha ei rifle med plaststokk. Kom tilfeldigvis over ei nesten ubrukt Mauser M12 extreme og tok sjansen. Har ikkje angra. Samanlikna med t3 gir den langt meir kvalitetsfølelse. Den er fantastisk fin å skyte med. Kan trygt anbefalast.

  11. Kan du skrive to ord om kva SWR er? Skjønnar at det er ein slags faktor som seier noko om kva ytelse antenna leverer på ulike frekvensar, kan det stemme? Og at radioen ikkje har godt av å sende på frekvensar med høg SWR?

    Ein kan vel nesten sjå det på prisen kva som er original Nagoya og kva som er kopi.

    Den til Biltema kan vere brukbar den, om nokon har prøvd den så kom gjerne med tilbakemelding.

  12. Då var ny brukerkonto (med norsk oppsett) på plass, og Chirp startar og fungerer heilt perfekt! Tusen takk for god hjelp!!!

     

    Då har eg faktisk òg fått det til å fungere på den gamle kontoen ved å endre ø'en i brukarnavnet til o. Eg hadde ikkje klart å gjette meg til framgangsmåten, men ved å følge artikkelen "Rename user account folder" på http://www.opentechguides.com/how-to/article/windows-10/43/win10-change-account.html fungerer Chirp no fint.

×
×
  • Create New...