Jump to content

Einride

Members
  • Posts

    18
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Einride

  1. Well, shit. Eg har ei Black Shadow... Får sjekke med Bergen aktiv om dei har fått beskjed om tilbakekalling. Edit: Då har eg levert hagla inn på Bergen Aktiv, som sender den til sjekk/reparasjon. Blir sendt til Moi fekk eg vite, så burde ikkje ta alt for lang tid før eg får den tilbake.
  2. Du kan også delvis korrigere dette med etterbehandling, mot at du mister av kantane av videoen (FOV - Field Of View). GoPro Studio skal kunne gjere dette, jamfør http://gopro.com/support/articles/how-c ... pro-studio" target="_blank. Det finst også "lens correction profiles" for å korrigere dette i Photoshop, Lightroom og sikkert ein haug med andre litt meir avanserte (og stort sett dyre) videoredigeringsprogram. Google etter "gopro correct fisheye " så finner du sikkert noko. For framtidige videoar kan du prøve deg fram med andre innstillingar på kameraet (medium eller narrow), som allereie nevnt
  3. Enig, Xesray gjer ein kjempejobb! Pulverkaffien hans er heilt OK...
  4. Litt off-topic, men eg måtte berre kommentere: Kanskje lurt å vere litt forsiktig med slike bastante uttalelsar som det der? Laser-operasjon kan gi fleire biverknadar, blant anna "halo"-effekt rundt sterke lyskjelder, tørre auge og også redusert nattesyn. Men, for dei fleste vil dette minske og ofte bli heilt vekke etter nokre månadar. Case in point: eg tok femto-LASIK/IntraLASIK for litt over to år sidan. Då hadde eg -6,5 i styrke, samt astigmatisme ("skjeive hornhinner"). Eg har no veldig godt syn og kunne ikkje vore meir fornøgd! Første månadane etter operasjonen hadde eg litt tørre auge, men ingenting som kunstig tårevæske ikkje kunne hjelpe på. Eg opplevde også kraftige ringar rundt sterke lyskjelder, spesielt om kvelden når eg kjørte bil. Det er no så og seie eliminert, og nattesynet mitt er ikkje vorte spesielt påverka av operasjonen vil eg seie. Ja, det er risikoar ved laseroperasjon, men ikkje kom med slike påstandar som nesten antydar at ein blir blind om natta etter å ha tatt ein slik operasjon, det stemmer nemlig ikkje. Det som derimot er sikkert er at det er ein j**lig stor befrielse å sleppe å styre med kontaktlinser eller briller som duggar når ein ute i skogen. Det kostar, men det er 100% verdt det i mitt tilfelle, i alle fall. Ta deg ein tur til ein optikar, eventuelt ein augelege du, og snakk med dei. Når det gjelder augedominans kan det vel til ein viss grad trenast opp, men som mykje anna har det kanskje best resultat i ung alder (for eksempel ved bruk av lapp)? Det har med korleis hjerne tolkar bileta frå augene dine. At du derimot kan trene deg opp til å bruke høgre auge ved skyting bør jo vere mogleg.
  5. Takk! Då lærte eg noko i dag, òg
  6. Jepp, takk for tips! Satser på å ta ein tur innom der i løpet av veka Fleire dumme spørsmål: korleis veit eg kva scope base, ringar og kva eg no måtte trenge som passar til denne rifla? Finst det ein god "scope mounting for newbies"-guide nokon plass? Eg fann denne "guiden", har ein mistanke om at det fort kan bli sånn http://www.chuckhawks.com/mount_telescope_rifle.htm" target="_blank
  7. Det skal ikkje vere lett å komme gjennom til J&F! Har prøvd å ringe dei sidan torsdag då eg sist snakka med dei. Sendte også SMS som eg vart bedt om, og i tillegg ein mail, men fekk aldri svar og kom aldri gjennom på telefon før nett no. Ville forhøyre meg om Leupold-siktet (VX-1 2-7x28mm Rimfire), men det hadde dei ikkje på lager. Forventa levering? 3+ mnd... Av andre sikter tilpassa salongrifle hadde dei inne Leupold VX-2 3-9x33mm Ultralight, men til 4700 kr blir det i dyraste laget akkurat no. Men eg kjøper i alle fall rifla og demper, så får eg begynne å leite etter eit passande sikte andre plassar
  8. Er i kontakt med Jakt og Friluft, dei skal holde av rifla, så det blir nok eit kjøp Stor takk til HighPower og Xesray som lot meg få teste to (vidt forskjellige! ) 10/22 i går. Frister veldig med ein Takedown når eg såg kor liten og hendig den rifla var, men det får komme seinare. Det blir salongrifle med bolt i første omgang
  9. Kom endeleg gjennom på telefon til Jakt og Friluft, og dei har fortsatt Anschutz-rifla. Den var allerede gjenga, og frontsiktet difor tatt bort, men det betyr ikkje så veldig mykje for min del. Han eg snakka med anbefalte ein Redfield 3-9x40 eventuelt ein tilsvarande Leupold. Redfield kjenner eg ikkje til, men ser ut til å vere eigd av Leupold? Ser uansett ut til å få gode skussmål på nettet for å vere mykje sikte for pengane. Men dette er jo eit sikte primært retta mot "vanlege" rifler, korleis blir det då med parallaksen på kortare avstandar slik salongrifler ofte blir brukt?
  10. Har sent ein mail til Jakt og Friluft no angåande Anschutz-rifla, så får me sjå om den fortsatt er til salgs Takk for all input så langt! HighPower: Har akkurat snakka med Xesray, me skal prøve å få til noko i ettermiddag. Du kan jo ta ein prat med han, så joiner du oss om du har muligheten til det. Hotrodda 10/22 høyres bra ut (Gitarspelinga til Alan Morse er fantastisk, men synst SB mista noko vesentlig når Neal Morse plutselig fant Jesus Steve Hackett fekk eg dessverre ikkje med meg, hadde ikkje mulighet )
  11. Takk for alle svar! Det ser ut til at det må bli ein Savage eller ein CZ om eg vil ha bolt. Finst det våpenforhandlarar i Bergensområdet som har Savage? Skulle veldig gjerne ha klådd litt på ei slik, eller i alle fall ei tilsvarande i rechts. Ser mange som skryter av AccuTrigger, medan andre ikkje kan fordra det, så hadde vore greit å fått testa det ut. CZ 452 er jo nesten dobbelt så dyr som Savage Mark II GL. Antar at stokk og i alle fall følt kvalitet er betrakteleg høgare med CZ, men er det verdt prisforskjellen? CZ 455 Evolution Variant såg heilt forferdeleg ut! Dessutan vil eg gjerne ha i links utførelse om eg skal ha bolt. Sender deg ein PM, Xesray, hadde vore kjekt å prøve ein 10/22 TD! Spock's Beard er forøvrig nesten like bra som Transatlantic Edit: Kjenner fint lite til Anschutz (enda mindre enn andre merker ), men har høyrt namnet i forbindelse med skiskyting meinar eg? Eit kjapt Google-søk ser ut til å skryte over presisjonen i alle fall? Kva modell er den i Finn-annonsa? 1416L D KL Classic? Den såg i alle fall nice ut! Vil ikkje jernsiktet gjere det litt meir tricky om ein vil sette dempar på rifla? Kan ein allikevel beholde jernsiktet dersom ein finner på å skyte utan kikkert? Det same vil vel gjelde CZ 452 Lux også?
  12. Har nyleg gått til innkjøp av ei Browning X-Bolt Hunter .308W links som eg er veldig nøgd med. Etter ein del rundar på skytebana, ser eg likevel at litt mengdetrening er på sin plass (til tross for ein storviltprøve som gjekk overraskande bra). Og då er jo ei salongrifle betrakteleg billegare i drift i det lange løp (pun intended). Utfordringa er som vanleg at eg skyter links, og utvalet på salongrifler i links er, om mogleg, enda dårlegare enn for rifler i litt større kaliber. Eg vil gjerne ha ei bolt-rifle slik at eg har eit våpen som er mest mogleg likt rifla, men med eit såpass magert utval er ikkje dette eit krav. Dei eg har funne til no som finst i links-utgåver er CZ452 American (eventuelt Lux, men eg vil ha kikkert montert) og Savage Mark II GL. CZ 452 er, så vidt eg kan lese meg ut i frå, solide og presise rifler, medan Savage føles litt meir billegare (logisk nok når dei er eit par tusen billegare enn CZ sine), sjølv om presisjonen skal vere ganske bra. Det som derimot irriterar meg med CZ 452 er at CZ455 eksisterar, og har mulighet for løpsbytte, men den får ein sjølvsagt ikkje i links. Kanskje tåpelig å tenke sånn, men når det stod ein kar ved sida av meg på skytebana sist med ei CZ455 i .17HMR såg det så forbanna kjekt ut! Halvautomatiske salongrifler finst det jo svært mange av, og mange er overraskande billege. Inntrykket eg har her er derimot at presisjon ofte er veldig varierande. Mulig eg tar heilt feil her. (Litt avsporing: må halvauto-rifler også plomberast ved jakt, slik reglane er for magasin-/halvauto-hagler?) Ruger 10/22 ser jo ut som veldig morosame våpen, det same gjer Browning sin Semiautomatic 22 med rørmagasin i kolben, sjølv om den er noko dyr Kva vil folk her inne anbefale dersom eg er på utkikk etter ei forholdsvis presis salongrifle i links? Primært for skyte-/mengdetrening, men som duger godt til småviltjakt som kråke og liknande også. Igjen, helst ei bolt-rifle for å få trening med med dette, men det er ikkje eit absolutt krav. Prismessig vil eg helst ikkje strekke meg så mykje lenger enn kva CZ 452 kostar, sidan eg også vil ha dempar og kikkert, men det er vanskeleg å vere kresen når ein er links-skyttar
  13. Absoluttverdi vil eg tru. Med andre ord, utan forteikn
  14. Einride

    Mobiltelefon

    Problemet med mange av desse touch-mobilane som skal tåle litt er jo at dei stort sett er ubrukelege som smart-telefonar. Dårleg skjerm, dårleg kamera, gammal/treig hardware og så vidare. Om ein først skal ha ein smart-mobil som tåler litt er det jo kjekt å ha ein brukande skjerm og kanskje også eit OK kamera? Viss ikkje kunne ein like godt kjøpt ein mindre smart ( ) telefon om ein berre treng den til å kunne ringe med, eventuelt sende ein SMS og to. Samsung har no lansert Galaxy S4 Active: http://www.amobil.no/artikler/samsung-l ... ive/134066" target="_blank" target="_blank IP67 bør jo hjelpe i regnveret, men kor støtsikker den er veit ein vel ikkje enda. Kjem forhåpentligvis test av den innan kort tid. Forholdsvis dyr telefon, men også med meget god hardware, i alle fall på papiret. Litt spent på batteritida med ein 5" 1080p-skjerm, einaste...
  15. Takk for alle svar! Har sett på Lanber Gyttorp, og har også prøvd ein av desse, riktignok ikkje i links-utgåve. Problemet der var litt mykje cast-off i kolben, så den "satt" jo då ikkje heilt som den skulle. Der synst eg halv-autoane har hatt ein fordel (dei få eg har prøvd i alle fall!), med relativt rett kolbe (samt ofte mulighet for enkel justering ved hjelp av shims). Får ta turen innom Våpen-Søilen ein av dagane og sjå om dei har Lanber inne i links. Blir nok sikkert ein tur ut til Bergen Aktiv også for å sjå kva dei har inne
  16. Takk for innspel så langt! Har kikka litt på Remington 870, ser ut til å vere ei godt likt hagle. Finner riktignok berre den i links i tre, ikkje syntetisk? Kva med Mossberg 500, eventuelt 935, har nokon gode/dårlige erfaringar med dei? Der sitter i alle fall sikringen på kolbehalsen. Sent from my Nexus 4 using Tapatalk 2
  17. Etter utallige timar på Google, Youtube og "lurking" på forumet her fann eg ut at det kanskje var på tide å berre spørre. Med jegerprøven framleis friskt i minne er eg no på utkikk etter ei hagle. "Utfordringen" (bortsett frå skyteferdighetane ) er at eg skyter links. Det eg ser på mange halvauto og pumpehagler er at dei ofte har sikringen ved avtrekkaren, og sjølvsagt på "feil" side. Nokre av dei kan ein vel snu eller bytte til ein som går andre vegen, men det er vel neppe tilfelle for alle? O/U, pumpe eller halvauto betyr egentlig ikkje så mykje, sjølv om eg heller litt meir mot dei to sistnevnte. Eg er i første omgang på utkikk etter ei god "all-round" hagle som fungerar godt både til jakt og på leirduebanen. Prismessig vil eg gjerne holde meg under ca 6-7000 kr sidan eg også har planar om ei rifle i nær framtid (dukkar nok opp ein tråd i rifleforumet snart ). Set stor pris på alt av tips og forslag!
×
×
  • Create New...