Jump to content

rypefot

Members
  • Posts

    148
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by rypefot

  1. Må ikkje finne på noko sånt. Vert berre til at ein stadig må forbedre andre ting på den og ein vert aldri ferdig. Snakkar av erfaring. Etter nokre år vart den sjåande slik ut. Fornøygd til slutt men den kosta like mykje som ei ny rifle.
  2. rypefot

    Valmet 212

    Har skote ein del leirdueammunisjon i mi 212 utan at det viser tegn til skade i trangboring. Trangboring IC og C . Det er ekstra løpsettet til combien min i cal. 12-70.
  3. rypefot

    Mauser M18

    Såg på den i dag og den ser faktisk bra ut etter prisen . Bra avtrekk og ok boltgange. Kryssmating i magasinet og antiskli på stokken. Kor mange lagar kryssmating på ei børse til 10.000 kr. i dag ? Fungerer alt dette som det skal meinar eg denne gjev mest for pengane blandt billigriflene.
  4. rypefot

    Rifle 308w tips

    Kjøp børse med låskasselengde tilpassa 308.
  5. Går også god for Veidemannsreiser. Skal nedover igjen ut på nyåret.
  6. Same her. Billigaste måte å lade treningsammo til 308 på. Har brukt Sierra match king som er litt dyrare i innkjøp . Sierraen samlar litt betre i mi børse
  7. Mitt åtelys frå Biltema tok kvelden då første regnbyga kom.
  8. Bua mi. Brukte finer utvendig og tynn finer invendig. Reisverk i 1,5 x 3" . Til ramme i golv vart det brukt trykkimpregnert 2 x 4". Lengde på bua er 2,20m og bredda er 1,40m. Tippar den er ca. 400 kg. Står på eit lite hengarchassi men kan lett takast av for transport i ein vanleg biltilhengar. Skytegluggar ved sida av glassa som kan slåast opp innvendig og utvendig. Må ha litt komfort med køye og full ståhøgde. Neste trinn er å få fatt i ein liten vedovn. Desverre har veret her vore mørkt og snøfattig i vinter slik at revejakta har gått i dass, bortsett frå nokre ravn og kråker då. Bildene er tatt med gluggane stengde.
  9. 225 grain sierra game king i 35 whelen er ganske flattskytande i 820m.sek. Supert på gris. og anna seigliva kreatur.
  10. 308 fordi den klarer krava til storviltjakt med blyfri ammo. Godt utvalg i kuler for heimelading. Lett å få til å gå godt med dei fleste heimeladninger og rimeleg kjøpeammo.
  11. Gledeleg På tide at EU tar eit steg tilbake og tenker seg om Folk har fått nok av detaljstyring. Fri flyt av varer, tenester og kjeltringar har feila Ser lyst på framtida med meir nasjonal sjølvbestemmelse. Ein stor dag for oss jegerane som fryktar overformynderiet angåande våpendirektivet. No får byråkratiet anna å tenke på ei stund. Gratulerer øynasjonen med valet.
  12. rypefot

    Sakoklubben

    Fagfolk kombinert med positiv instilling er suksess
  13. rypefot

    Sakoklubben

    Ser at Sako er ein suksess på salg for tida. Ikkje rart i grunn for den er velkonstruert og fungerer. Ville vel ikkje vere so populær hvis det var problemer med den. Skal ikkje rakke ned på andre merke ,men har sett adskilleg som ikkje imponerer der.
  14. rypefot

    Sakoklubben

    Dette må du forklare . Sako er kjent som noko av det ypperste. Har prøvd diverse børser opp gjennom åra og her kjenner eg meg ikkje igjen.
  15. rypefot

    Sakoklubben

    Er litt meir stas med kryssmating i magasinet. Stikker ikkje ut under. Ligg betre i handa ved bering. Litt lettare å komme til i krokar og krikar ved pussing.
  16. Hadde klikk med cci i tre forskjellege våpen for eit par år sidan. Det var det vist fleire og som hadde. I mangel på Federal vart det no kjøpt inn cci igjen. Det skulle vist vere ein dårleg lott som var på markedet ei stund. Har ikkje fått klikk med dei nye endå.
  17. Ynskjer alle jegera, skyttera, fangstfolk, turgåera eit flott nytt år utan uheldige hendingar som fører til restriksjonar i vår utøvelse og livsstil.
  18. Vil det verte forskjell i pipeslitasje med so krapp snurr som 1:8 og bruk av lette kuler i stor hastigheit ? No er vel 308 blant dei som slit minst løp, men tanken streifa meg. Erfaringer ?
  19. Finnlighten min i 308 har 1:11 i riflestigning og den stabiliserer alt frå 110 til 180 grains kuler. Har ikkje prøvd tyngre kuler enn 180 grain. Ser heller ikkje poenget med det so lenge eg har børse i grovare kaliber.
  20. Heng den ut som den er. Nylukta forsvinn etter ei stund. Måren er ikkje so sær på trematerialer. Viktigare å vere nøyen på å dye fellene. Rust likar den ikkje.
  21. rypefot

    Enkeltrekket magasin

    Fordelen med kryssmating er at ein kan på enkel måte berre trykke patronene rett ned i magasinet. På saueren min må ein skyve dei under og bak. Med spisse kuler kjenner ein det i fingertuppen. Har aldri opplevd problem med kryssmating. Gamle M 98 mauseren min har fungert perfekt. Det same med Sakoen. Mykje meir smekker låskasse med kryssmating.
  22. rypefot

    Enkeltrekket magasin

    (Fordelen er mye bedre mating enn med et feks kryss mata magasin) Du får skikkeleg mating med kryssmagasin hvis du er villig til å betale litt meir for ei skikkeleg rifle. Enkeltradmating er billigare å produsere. Har sett magasinkluss med enkeltradmagasin og.
  23. Høyrest fornuftig ut. Sikkert litt slakk hastigheit, men lag ein ladestige på nokre stykker og prøv. Burde få ca.780 m.sek. omtrent utan fare for overtrykk. Sjølv ladar eg 250 grain til ca 745 m.sek. og 225 grain til 820 m.sek. Barnes TSX 200 grain til 815 m.sk. Prøver å tyde ladeboka nr. 7. Der er ikkje so mange kulealternativ å velge mellom.
  24. Valmet 212 i 20-76 som eg har veg akkurat 3 kg.
×
×
  • Create New...