Hei alle fangstfolk!
Er ny her på kammeret, men har vore ein flittig lesar i sommar Gledar meg stort til årets sesong som bli min første seriøse. Kom nettopp heim etter å ha vore instruktør i fellefangst på ein villmarksleir, og spenninga for årets sesong aukar! Har eit lager med Haugenfeller og Conibear som skal dyast til hausten. Har i år fått overteke fangstruta til ein erfaren fangstmann som ikkje kjem seg ut til skogs lenger, samt mine eigne plassar. Dette blir spennande!
Eg har DvD'en til Tom Krause om Mårfangst der han viser korleis han held mesteparten av mus vekke frå fella; han spikrar to spikrar gjennom kassa, ein på toppen og ein på botnen slik at han kan feste åtet mellom desse. Eg har ikkje sett denne metoden før, men kunne vore interessang å prøve ut..
Takk for alle desse fantastiske og lærerike trådane!
Håpar alle får ein flott fangstsesong!