Jump to content

Fjordajeger

Members
  • Posts

    73
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by Fjordajeger

  1. Har ein Swarovski Habicht 3-9x36 som pr i dag står montert i Leupold low ringer på Picatinny-skinne. Er ute etter eit lågare alternativ. Helst som passar på skinna eg allereie har, men det er og eit alternativ å droppe skinna for å få kikkerten lågare. Intet behov for quick release. Kikkerten har 1" rør. Tips mottas med takk!
  2. Jaktdepotet i Drammen har nye Sauer 202 XT på lager. Dog ikke med lettmetallkasse, og eit begrensa utval av kaliber. https://www.jaktdepotet.no/rifler/sauer/sauer-202-xt
  3. https://www.finn.no/bap/forsale/ad.html?finnkode=162621683
  4. Trur nok dette er ei oppmoding til jegrane i sone 2 Nordfjella før årets jakt. Saksa frå ny infofolder frå Miljødirektoratet for jakta 2019 i Nordfjella: Jakttid i Nordfjella sone 2: F.o.m. 1. august t.o.m. 19. august: Rein bukkejakt, kun bukk over 2,5 år, ikkje nattefreding. Ein oppmodar sterkt om ikkje å jakte bukk i fostringsflokkane denne perioden. F.o.m. 20. august t.o.m. 20. september: Jaktstart alle kategoriar, det kan skytast kalv på dei reine bukkeløyva. Nattefreding 19.00-07.00
  5. At Hardangervidda er nesten 100% privat eigd er ei overdriving av dimensjonar. At dyra hovudsakeleg nyttar dei private områda, der DNT ikkje har fått herje fritt i generasjonar, er ei heilt anna sak.
  6. Vart felt om lag 1400 dyr på Hardangervidda under jakta 2017. Av desse var det ca 230 kalv, som ikkje skal takast prøve av. Så vidt eg hugsar vart det vel sendt inn om lag 600 prøvar. I tillegg vart det ikkje skaffa til veie nok prøvesett før jaktstart, dermed vart me som jaktar på "mindre gode" terreng (Eidfjord statsalmenning, privatar på Eidfjord, til dels Ullensvang/Odda statsalmenning og privatar på Ullensvang / Odda)kun tilgodesett med eitt prøvesett kvar. Dei fyrste 14 dagane av jakta var store delar av stamma på Hardangervidda nettopp på desse terrenga, dermed vart det ei svært god felling her. Men prøvesett var det lite av, dermed vart det teke mindre prøvar enn det burde vore teke. At det som er rekna som gode terreng på Hardangervidda vart tilgodesett med størsteparten av prøvesetta er for så vidt fornuftig, men at ein ikkje greidde skaffe fram nok prøvesett til alle før jaktstart er for dårleg, og noko som forvaltninga må ta på seg.
  7. Fjordajeger

    Sakoklubben

    Nye revebørsa klart til vinterens åtejakt? 85 stainless varmint i 204.ruger..
  8. Skal investere i nye jaktstøvlar før jakta til hausten. Jaktar rein, hjort og litt elg. Har hatt Alfa Hjerkin til no, og forsåvidt vore nøgd med dei. Desse er no utslitne, og skal bytast ut. Jerv ser solid og god ut, men Bukk er både lettare og skal etter sigande vera "vedlikehaldsfri". Kva meinar folket?
  9. Viste seg å vera mikrobrytaren som indikerer om motoren står i fri eller i gir, som antyda hjå Suzuki-verkstad.. Den var ikkje defekt, men var komen ut av stilling slik at den ikkje vart 100% inntrykt av armen som bevegar seg når ein set motor i gir. Gleden.
  10. Ok. Fekk tips frå ein Suzuki-mekaniker om at det kunne greie seg om at mikrobrytaren som indikerer om motoren står i fri var defekt. Dermed vil motoren tru at den står i fri mens den eigentleg står i gir. I fri skal den ikkje gå høgare enn 3000rpm. Dog liptt rart at problemet forsvinn når motor vert varm. Men får sjekke litt og sjå.
  11. Tek oppatt denne. Har ein Suzuki DF40 2006 modell, som heller ikkje vil gå over 3000 rpm. Problemet kjem kun når motor er kald, ein må gjerne køyre ei stund og stoppe/starte motor 3-4 gonger før ein får motoren til å gå normalt. Har ein først fått motoren over 3000 rpm er problemet vekke fram til ny kaldstart av motoren att. Ingen feillamper på displayet lyser. Er heilt tydeleg at det er ein slags elektronisk kutting som skjer. Nokon idear?
  12. Hvis ein strammar torx-skruen som festar "betjeningshendelen" på QRW, dett ikkje den blanke ståldingsen ut når ein tek av montasjen.
  13. I dag dukka endeleg pakken opp etter tre veker venting. Hylsevaskaren er sjølvsagt meint for 120V, dermed vert det ekstrakostnad med kjøp av trafo...gleden!
  14. Berre lagar klar ein tråd , slik at alt er klart til etter programmet ikveld kl 2230
  15. Ser diverse nettbutikkar sel smekre "flip covers" til Zeiss HT & V8-serien. Kan ikkje finne flipcovers til 42mm linseopning. Nokon som veit om dette eksisterer? Eller får ein kun til 50&56 mm opning?
  16. Vær på utkikk etter brukt Leica! Kjøpte meg ein Leica CRF 1000 her for ei stund sidan, betalte ca 2500,-. Har elles utelukkande positiv erfaring med å kjøpe kvalitetsoptikk brukt
  17. Schou sel originale raude Sako kolbekapper. Desse er mjuke og fine, men må tilpassast kvar enkelt børse.
  18. Slenger meg på med mi siste erfaring med Zeiss Norge. Mista min Victory 8x56 FL håndkikkert i golvet med øyemuslingen i ytterste stilling her om dagen, med det resultat at det ikkje gekk an å justere avstanden frå okkularet lenger. Ringte Zeiss, og dagen etter ligg det ny øyemusling i postkassen, kostnadsfritt! Tommel opp for Zeiss i denne omgang. Har akkurat kjøpt ein brukt Leica CRF 1200 avstandsmålar, der øyemuslingen er noko slitt. Ringte Leica og forklarte problemet, dei sender ny, men kostnaden må eg ta sjølv. Sjølvsagt heilt ok, men hadde vore ein liten bonus om dei hadde gjort som Zeiss og sendt over ein ny uten noko spørsmål.
  19. Nosler BST...funkar som snus! Dyr men... http://www.jaktogfriluft.no/display.asp ... odid=21427
  20. Picatinny aluskinne frå Kinneys shooting supply med låge Leupold QRW ringar. Kikkerten er ein Zeiss Classic 1,5-6x42. Trur ikkje ein får Quaden i rustfritt...
  21. Sako Quad Varmint i 22LR/22WMR
  22. Fjordajeger

    Kniv 2013

    Her for ei stund sidan fekk eg ein kniv av svigermor som ho hadde kjøpt på ei villmarksmesse for nokre år sidan. På knivbladet er et gravert inn "P.M". Har prøva å google litt for å finne ut kven som har laga kniven, men finn ingenting. Nokon her inne som har ei formeining om kvar kniven kjem frå?
  23. Sako L461 Vixen i 222rem. Zeiss Victory 2,5-10x50, Hausken JD. Avbilda saman med Sako Quad Varmint 22WMR..
×
×
  • Create New...