Jump to content

Silkesvarten

Members
  • Posts

    94
  • Joined

  • Last visited

Posts posted by Silkesvarten

  1. Trur det vert litt knotete. Eg ville heller ha prøvd eit anna fabrikat. Vortex defender E10 skal passa 41,5-46mm. Vortex Optics - Vortex Defender Flip Cap Eyepiece, Linsebeskytter | Jaktfall.no Din jaktbutikk på nett.

     

    Av og til følger det med linsebeskyttere når ein kjøper nytt kikkartsikte. Eg har festa dei med ein strips til kikkar ten slik eg ikkje mister dei. Det er ein litt langsam måte å få kikkerten klar til bruk, men det er ikkje alle jaktformer som er like travel.image.jpeg.1dd8ecd400dd1008b1cf29bdbe54c308.jpeg

    • Thanks 1
  2. Min Steiner Ranger 3-12x56 frå 2016. (Før dei fekk nytt navn som Steiner Ranger 4) har 44,3 mm, på den har eg ein Butler Creek størrelse 20. Den har eg merkeleg nok ikkje øydelagd enno, mine går lett i filler.

     

    Det er ting som kan tyda på at det er forskjell på Ranger og Ranger 4. Vekta er litt redusert, synsfeltet litt større, og utgangspupill litt mindre på Ranger 4 enn på Ranger.

     

    Linken din til Sportsbutikken viser data for den "gamle" Ranger, identiske data som min har.

    Linken din til Optics Trade viser data for den "nye" Ranger 4.

     

    Ut frå dette vil eg tru at du har 45,8 mm utvendig diameter på okkularet.

    • Thanks 1
  3. Det ser ut som om M12 og moderne variantar av M98 kan bruka same base. Er diskutert litt i denne :

    Eg har montert Warne sine basar på min HV-mauser. Dei bygger omlag 4 mm, vidare er kikkerten montert i Warne sine lave QD montasjar, dei er 6 mm høge opp til underkant av kikkertens mellomrør. Dette fungerar ok, men ein svingmontasje er jo raskare å få av og på.

  4. gapahuk skrev (1 time siden):

    Takk for svar 😃

     

    Er det rekyl klakk på denne?  Hvis ikke, har du opplevd endringer i treffpunkt?

     

    Mvh 

    André

    Eg er usikker på om dei har rekylklakk. Baikalen som eg hadde dei montert på har skinna "åpning " bak, og ikkje framme som på di. Framre ring stod heilt framme på skinna, og vart låst fast der. Opplevde ikkje treffpunk endringar.  Skifta seinare til ein EAW svingmontasje som nesten var dyrare enn børsa.

  5. Eg kjøpte min Steiner Ranger 3-12x56 i  2016. I forhold til pris er eg eigentleg godt nøgd. 

    Den har tålt røff bruk i bratte vestlandslier. Eg opplever den som god optisk, men allt for tung. (705 gram). Det er og irriterande at den mangler automatisk slukking av lys. Har stort batteriforbruk sidan eg gløymer å skru av lyset når eg set rifla i våpenskapet. Klikkene er litt "slappe" så eg må sjå på skalaen når eg skrur.

    • Like 1
    • Thanks 1
  6. Dersom Valmet 412 har 11mm spor er den make til Baikalen min.

    Eg har spandert EAW svingmontasje som er god og dyr.

    Ser i ettertid (15 år) at eg truleg kunne bruk Warne sine QD ringer Warne 30mm 3/8th inch/11mm Dovetail Quick Detach Medium Matt - Jaktdepotet for 11 mm spor.

    Har weaver utgåva av desse på ei boltrifle, og dei fungerer greit. Einaste negative er at det går ann å mista den blanke splinten på undersida. Prisen er mykje lågare enn svingmontasje.

×
×
  • Create New...