Var ute på revejakt i natt. hadde lagt ut fire åter, og gjekk for å sjekke om det var rev i dei. i dei tre første åtene var det ikkje rev. men på den fjerde åta var det ein rev. men den såg meg og, so den forsvant over ein kant med ein gong. eg låg meg ned for å sjå om den kom tilbake. ti minutter etter hoppa reven oppå ein kant 1-1,5 meter ifrå meg, og eg kvapp som eg aldri har gjort før. men reven stakk berre ca 8 meter vekk, og heldigvis for reven var det eit tre imellom oss, so eg måtte løfte hagla rundt treet før eg kunne skyte, og akuratt i det eg skulle skyte, forsvann reven bek ein haug.
Det er ei revejakt som eg aldri har opplevd før.
Har aldri høyrrt om nokon som har fått ein rev so nermt før. so eg vil gjerne høre ein lyd vist det er andre som også har fått reven inn på so nermt hold