Jump to content

vagstol

Members
  • Posts

    10
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by vagstol

  1. IANAL, men seier ikkje rundskrivet (mine uthevingar) https://www.politi.no/vedlegg/lokale_vedlegg/politidirektoratet/Vedlegg_848.pdf
  2. Tenkte berre eg måtte fullføra rapporten min. Prøvde med kuler med normal spiss, og dei matar heilt glimrande. Skaut 50 skot på banen her om dagen utan ein einaste klikk. Betre enn kunne forventa, altså
  3. Du har nok rett i det. Likevel morro å ha, både av personlege og historiske årsaker. Og då hadde det vore kjekt å vita at pistolen fungerte meir eller mindre OK. Eg er veldig glad i gamle ting, men helst gamle ting som verkar og kan brukest (museal "samling" kan andre driva med). Eg var nok òg litt lite strategisk då eg oppgav "grov- og militærfelt" som grunn til å få arva han. Teoretisk blokkerer kanskje dette for vidare innkjøp i desse klassene (9mm er jo litt uggent slik)? Ikkje at økonomien ser ut til å tillata valdsame innkjøp i næraste framtida, uansett. Av og til skulle eg ønskje at det fantst ei eiga klasse, "moderne historisk" ("moderne veteranpistol") eller noko i den duren. Det er jo eit "moderne" våpen, i den tydinga at det fungerer som ein moderne pistol og skyt moderne ammunisjon. Men samtidig har produksjonsteknikk og toleransar vorte marginalt betre dei siste 70 åra (dette kan ein oppfatta som eit hjartesukk frå mi side).
  4. Hadde pistolen med på felttrening i dag. Det er jo ein fin pistol, men eg var så dum at eg hadde med kuler med butt spiss, litt slik som dette (bilete frå nettet, men de skjønar nok kva eg meiner): Desse ville på ingen måte kamra, og kvar einaste serie enda med at resten måtte venta på at eg lirka forkilte skot ut av pistolen. Litt avhengig av magasinet (eg har fem stk) kor gale det var; men på det beste fekk eg skote fire skot utan klikk. Skal prøva med rund spiss neste gong. Har heldigvis nokre boksar liggjande. Utanom dette, som gjorde det heile litt mindre moro enn det kunne vera (både for meg og andre, truleg), verkar det å vera ein fin pistol. Eg fekk eit uvanleg godt grep, og dei bittesmå faste sikta var mykje betre enn eg trudde. Det ville jo vera hærverk og historievandalisme å få sett på noko anna. Eg likte òg godt korleis rekylen kjendest ut: på ein eller annan måte verka han forutsigbar og kontant. Kanskje på grunn av det du skriv om balanse, MagnusEJ? Eg var sjølvsagt mykje meir nøgd med min nyinnkjøpte Unique DES/69 enn dette arvestykket (båe vart prøveskotne i dag), men det er vel ikkje så overraskande.
  5. Eg trudde (utan å ha testa) at hendelen på sliden (bilete frå nettet) er for å spenna ned hanen. Elles er det jo eit spor for å festa skulderstokk, og ein sånn ring for å festa ei lanyard-snor. Den polske manualen har òg illustrasjonar av riktig skytestilling frå hesteryggen. Interessant militærhistorisk levning, dette her.
  6. Vel, update. Spliten dukka opp, og både guide og pistol lot seg setja saman. Hurra. Takk til alle som hjelpte meg. No står det berre att å få testa kor (u)presis denne saka eigentleg er. Las ein stad at dei valde 9mm for å vera sikker på at pistolen kunne avliva ein hest. Sikkert nyttig dersom hesten ikkje ville lystra ordre. Ikkje nett mitt bruksområde, heldigvis.
  7. MorganKane, eg får ikkje pistolen i hende før om nokre dagar, så eg skal undersøkja nøyare. Guiden ramla frå kvarandre under prøve(de)montering, og eg såg dette holet der splinten skulle vera. Samtidig las eg i "Vis: The model 35 Radom pistol" (Terence W. Lapin) at det skulle vera ein slik splint. Difor byrja eg å leita med ein gong. Godt mogleg han ikkje trengst; det er visst ein del prod.skilnader på dette våpenet alt etter når og kvar dette vart produsert (trur mitt er 1940-årgang, ut frå serienr.) Vonar du har rett, iallfall.
  8. Takk, alle saman. Eg må undersøkja dette nærare når eg får pistolen i den klamme handa mi (snart). Det er mogleg eg kan laga noko slikt sjølv, men eg hadde nok kjend meg tryggare med ein "original" splint. Førebels: Marstar og Numrich ser ut til å vera tomme. Sønju (som eg har sett referert til tidlegare for ukurante delar) var tom CDS D. Ehrenreich GmbH i Tyskland, som Sønju viste meg vidare til, ser ut til å ha, men vil ikkje senda til Noreg. Seint i krigen vart visst denne delen laga i eit stykke, forresten. Er dette Tom Heller? Herregud, dette er jo nesten som å få gamle platespelarar til å verka. Eg skal informera om framgangen.
  9. Hei. Eg har arva ein gamal Radom, men det ser ut som om eg manglar noko som heiter "spring guide retaining pin" (del nr. 7 på teikninga). . Er dette noko som er lett, eller i det heile teke mogleg, å få tak i? På førehand tusen takk for hjelpa.
  10. Huff. Det var det eg frykta. Eg leverte søknad i Oslo i dag (fysisk) på to våpen (eitt arv + eitt kjøp, og ville gjerne ha kontrollert at det ikkje var formelle feil ved søknaden, sidan det er fyrste gong eg gjer dette). Dama på våpenkontoret gjorde høfleg merksam på at eg måtte "smørja meg med tolmodigheit". Ho har sikkert sagt dei orda ti gonger i dag, då
×
×
  • Create New...