Hadde pistolen med på felttrening i dag.
Det er jo ein fin pistol, men eg var så dum at eg hadde med kuler med butt spiss, litt slik som dette (bilete frå nettet, men de skjønar nok kva eg meiner):
Desse ville på ingen måte kamra, og kvar einaste serie enda med at resten måtte venta på at eg lirka forkilte skot ut av pistolen. Litt avhengig av magasinet (eg har fem stk) kor gale det var; men på det beste fekk eg skote fire skot utan klikk. Skal prøva med rund spiss neste gong. Har heldigvis nokre boksar liggjande.
Utanom dette, som gjorde det heile litt mindre moro enn det kunne vera (både for meg og andre, truleg), verkar det å vera ein fin pistol. Eg fekk eit uvanleg godt grep, og dei bittesmå faste sikta var mykje betre enn eg trudde. Det ville jo vera hærverk og historievandalisme å få sett på noko anna. Eg likte òg godt korleis rekylen kjendest ut: på ein eller annan måte verka han forutsigbar og kontant. Kanskje på grunn av det du skriv om balanse, MagnusEJ?
Eg var sjølvsagt mykje meir nøgd med min nyinnkjøpte Unique DES/69 enn dette arvestykket (båe vart prøveskotne i dag), men det er vel ikkje så overraskande.