Haisann alle revejegrar
Kjekt å sjå at bilder blir lakt ut
Eg har starta åtejaktsesongen for fult nå. Har fått ut åte to plassar, den eine plassen er det mykje aktivitet med rev, mens den andre byrjar reven først å forsyne seg ved nyttår. SKal også ha åte på ein tredjeplass, men dette blir seinare. Åte som eg har lakt ut, er hjorteavfall. På Dale, der det er mykje rev, og det eine åtet ligg, har eg lakt ut ei heil kodle som blei skrapdyr, og i eit anna hol har eg lakt ut hjortevomb, føter og hovud. Håpar dette gjer susen. Har meldt snø på tysdag, så reknar med eg blir sitjande å sjå ette reven, kveldane etter tysdag, og i helga. Våpenet eg brukar er ei BRNO, 30-06 med HAWKE 3,5-10x50, så burde funke rimeleg greitt sjølv på mørke natta ved snø på bakken. Bestemora mi har observert rev på Dale, så å sei kvar dag ho er der, mitt på dagen. EIn stor rev, med mørke parti. Så håpar eg har hellet med meg dei neste dagane Lykke til alle andre revajegrar