Jump to content

fjant

Members
  • Posts

    27
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by fjant

  1. Eg knakk mi magasin fjær på weatherby markV i 30.06. Xxl sendte ny i posten, det tok litt tid sidan den måtte komme fra USA, men fekk den gratis, god service. Trur det er xxl som er importør
  2. Flott, takk for hjelpa, dette var veldig nyttig. Ser det at eg skal følge meir med på COL framover når eg les ladetabell. Veit dette er teoretisk simulering, men eg går like godt ned til 60gr då sidan eg ikkje har merka spesielle trykktegn på 60 og 61 gr tidlegare. Om du framleis har figurane tilgjengelege, har du teoretisk hastighet ved 60gr? Bestiller meg like godt quickload så eg har noko å pludre med utover vinteren.
  3. Takk for tilbakemeldinger. Er relativt ny med heimelading. Har ladd ca 900 skudd i 30.06, men berre 50stk i 9,3x62 (då med 232gr Norma FMJ og 61gr N150). Den første målinga eg gjorde viste at både 60-61 og 62 gr ga mindre trykkring enn jaktmatch. (Eg trakk ikkje ut kuler på jaktmatch og erstatta med TTSX, men eg ladde dei opp att med TTSX og samanlikna med jaktmatch hylsa som var skutt berre 1 gang. Gjorde det samme seinare med ein ny pakke jaktmatch, men då fekk eg større trykkring på 61grN150. Ved pressing av 9,3 så får eg eit slags belte bakerst på hylsa, nesten som eit lite magnum belte med synleg overgang, ca 2-3mm opp frå bunn (får dette "belte" når eg pressar norma jaktmatch hylser første gang også). Dette har eg ikkje opplevd i 30.06 og eg vart usikker på resultata av trykkring målingane. Kan prøve å få lagt ut bilete seinare. Eg hadde intrykk av at TTSX 250gr var mykje brukt i 9,3x62 og håpa at nokon hadde brukt N150 og målt hastighet. Evt om nokon kunne vert så gilde å sjekka i quickload. Skal kjøpe meg kronograf då eg i såtilfelle kunne sjekka at eg ikkje var høgt over max hastigheta som barnes oppgir. Kanskje eg må investere i quickload også dersom COL påverkar resultata så mykje, men eg rekk ikkje dette før jakta. Problemet er at eg ikkje har funnet tabell for TTSX 250gr og N150. Når eg samanliknar ulike tabellar med liknande kuler og krutt så varierer data mykje. +-25m/s er ikkje viktig for meg, men eg må finne ut om eg ligg på 650m/s eller 800m/s slik at eg kan skrive meg ut ein nogenlunde kuledrop tabell. Håpar å få lurt med meg børsa på villreinjakt i år. Eg var og overraska over at det var nesten 8gr forskjell på Vihtavouri sine ladedata samalikna med Ladeboka (300gr swift a-frameN150). Hadde ikkje trudd COL skulle utgjere så mykje.
  4. Takk for tips, koking funka som gull på loctiten.
  5. Takk for svar. Eg og merka at vihtavouri viser for hard lading.På barnes sine sider virker det som 60gr er maks (5mm mindre COLa enn kva eg har brukt). Blir det mykje trykk av Naturalis, vert det feil å sammeligne med den? Eg har 1,5mm lengre COL og den har vel ikkje dei samme rillene som TTSX? Det var ladeboka eg tok utgangspunkt i då eg ladde opp patroner, og ladebøkene diverse revisjonar viste 60-62 på stort sett alle 250gr kuler. Det er litt snodig at maks hos VV er 58,8gr N150, medan ladeboka starter pa 60gr og sluttar på 62gr. Samanliknar ein f.eks. VV N150 for 299gr swift A-frame så gir den maks 50,2gr?? Ladeboka gir maks 58gr på 300gr switft A-frame. (dog med 3mm lengre COL)
  6. Hei, Eg har ladd opp 50 stk barnes 250gr TTSX(BT) i 9,6x62 med 61gr VV N-150 med COL=85mm. (Norma hylse, cci large rifle tennhette) Vart i etterkant litt usikker på om dette var over maks og har ikkje tilgang til kronograf for å sjekke. Grunnen til at eg valgte 61gr N150 var at ladeboka 6 og 7 har typisk ladning mellom 60-62k for 250 gr konvensjonelle blykuler. Testa 60-61-62gr N150 ladninger uten å sjå spesielle trykktegn. Prøvde måle trykkring, men fekk ikkje noko fornuftig ut av det. Valgte å gå ned til 61gr sidan TTSX er homogen og med boattail (og det vart litt mykje komprimering på 62gr). Er det nokon som har nytta tilsvarande ladning på 250gr TTSX-BT i 9,3, 61gr N150? Eg vart usikker då eg såg sist utgave av bladet jakt der Jørund skriv at 60-61gr er maks for 250gr Rino/Hippo. Eg vil helst ligge litt under maks kruttmengde, men samtidig hadde det vert greit å slippe banke ut 50 kuler. I etterkant ser eg at Barnesbullets.com har ladedata som kan samanliknas. Feks om ein samanliknar AA2700 med N150 så virkar det som 60gr N150 er nok for TSX. Er amerikanerene konservative i kruttmengde??: http://www.barnesbullets.com/files/2014 ... 2mmWeb.pdf" target="_blank" target="_blank I ladeboka 3 er gamle TSX lista med kruttmegde fra 60 til 62. (fantastiske nasjonalbiblioteket: http://www.nb.no/nbsok/nb/6132429550e61 ... ang=no#451" target="_blank" target="_blank) Vart i det heile litt usikker. Hadde satt pris på om nokon hadde kommentarer til ladninga, evt ein kvalifisert gjett på kva hastighet eg kan forvente av ei 47cm lang pipe. (mauser M03)
  7. Er det nokon som har erfaring med montering av mauser m03 skinne til Swarovski 1-6x24 Z6i med skinne?. (Dette er kanskje likt for blaser montasje og?) Eg har fått tak i ei brukt skinne som verkar å ha litt loctite eller likande på dei 3 mutrane som kikkersikte vert skrudd ned til mauserskinna. (mauserskinna vert igjen festa i låskasse med hurtigfeste) Eg ynskjer å fjerne denne loctiten for å være sikker på at ikkje dei 3 torx skruane stoppar i loctite før kikkerten er godt skrudd nedtil. Er det nokre spesielle triks for å fjerne gammal loctite? Er det varme som gjeld eller må dette skrapast vekk manuelt? Er det anbefalt å bruke loctite på skruer i ein skinnemontasje?
  8. Takkar for tilbakemeldinger angående retikkel. Då bestiller eg eit sikte med LD-I retikkel. Er det nokon som har erfaring med swarovski sine eigne linsedeksel? Er desse verd pengane eller kan ein like godt bruke butler-creek?
  9. Takk for rask tilbakemelding. Fekk mail fra selger at frakt bare var 9Euro fra Tyskland Eg brukte IBAN i nettbanken og satser på det ordner seg. Om alt går etter planen vert det skinne montasje til mauseren.
  10. Eg har vunnet ein auksjon på Egun.de (kikkert montasje til 2000kr) og eg litt usikker på betalingsmetode. Tysken min er heller dårleg Fekk ein mail som tilsynelatande kom frå Egun med addresse på selger og IBAN og BIC. Er det vanleg å betale auksjoner via IBAN?, eller bør dette gå gjennom paypal eller liknande? Hadde satt pris på tilbakemelding frå nokon som har brukt Egun tidlegare. Kontoinformation: Vera Xxxx Bank : Deutsche Kreditbank AG IBAN: DE33 xxxx xxxx xxxx xxxx xx BIC : BYxxxxxxxxx Bitte achten Sie vor einer Überweisung auf Übereinstimmung von Verkäufer und Kontoinhaber. Beachten Sie auch das Hilfe-Thema "Betrug verhindern - sicher handeln". Ihr eGun-Team!
  11. Hei, Er det nokon som har brukt VV N150 til lading av 250gr Barnes TTSX (boattail) i 9,3x62?. Basert på ladeboka nr 4, så prøvde eg å lade opp 60gr-61gr-62g N150r . Det var litt knaselydar på samtlige ladningar. På 62gr N150 så måtte eg bruke vibrerande tannbørste for å komprimere kruttet, hvis ikkje satt TTSX kula igjen i kuleisetjedia. Patronlengde vart 85,6mm og det er ca 2,4mm friflukt. Evt er det nokon som kan sjekke ladninga i quickload? Kva hastighet vil ein ca oppnå ved 61gr N150? (Mauser M03, løpslengde 49cm, CCI large rifle primers) Kan det være skadelig med for mykje komprimering av krutt? Kan ein feks misforme hylsa eller i verste fall antenne tennhetta ved for mykje press?
  12. Hei Er det nokon som har kikkertsikte med Swarovski sin retikkel CD-I og kan dele erfaringer? (lysande prikk + ring rundt.) Eg ynskjer å kjøpe ein 1-6x24 m/skinne og evt CD-I retikkel. Vert det lettare å plassere skudd raskt med denne lysande ringen i tilegg? Evt kordan fungerer denne om det vert litt skumring, blendar ringen?. (ikkje meint som noko kveldsikte men greit å vite om det fungerer). Børsa vert brukt på elg og hjort og fotrinnsvis drivjakt på dagen. (forhåpentligvis også villsvin seinere) Får ein denne retikkelen på normal 1-6x24 eller må ein då ha extended eye relief?
  13. fjant

    M03-Klubben !

    Er det nokon som har annbefaling anngåande løpslengde på 6,5x55 for mauser M03 med tanke på balanse osv? Løpet skal bli brukt til mengdetrening og til jaktfelt. Kjem til å montere dempar. I dag har eg eit 9,3x62 løp som er på 47cm (M03 trail). Børsa virker egentlig fin med så kort løp og kanskje er det ein fordel å ha samme oppsett som til jakt? Eller bør ein ha litt lengre løp på ei "trenings" børse i 6,5x55? Vurderer kjøpe eit løp frå Norma direkte, kostar rundt 7,700kr. Er det tips til andre plassar ein kan kjøpe standard løp billeg om ein også skal ha gjenget og kappet + lyddemper?
  14. fjant

    M03-Klubben !

    Hei, Eg har ein mauser m03 trail i 9,3x62 som eg kjøpte på XXL før jul. Denne skal også ha mulighet for å låse magasin. Under skyting så opplever eg at magasinet ofte dett ut, om eg vrir om til låst magasin så er det ingen skilnad. Magasinet dett ut om eg ristar lett i det. Er det nokon som har hatt samme problemet og som har ein easy fix? Hadde fortrukket å la være å sende inn børsa då dette heilt sikkert vil ta tid. Vil ikkje gå på jakt med dette og riskiere at magasinet ligg igjen i lyngen. Kva vei skal knappen under vriast for at det skal være låst? Peike i lengeretninga av våpenet?
  15. fjant

    M03-Klubben !

    Takkar for svar anngåande høyde på skinne, akkurat det eg var ute etter. Er heilt enig at skinne ser best ut, men kanskje litt mindre utvalg på bruktmarkedet. Skal sjå om eg klarar å få tak i:-) Takk for bilde og gode tips Revjeger. Skal prøve å få til noko liknande, evt ein av desse "strømpene" ein trer over kolben. Nyttar vanligvis riflesekk så eg treng noko som heng på plass sjølv med litt herjing ut av sekken.
  16. fjant

    M03-Klubben !

    Hei, Er det nokon som har skinne montasje til M03 (Swarovski eller Zeiss) og kan sjekke høyde over løp for senter sikte? Nyskjerrig på om avstand fra senter løp - senter sikte vil bli mindre med skinne samanlikna med 30mm ringer. Med 30mm ringer må eg bygge litt på stokken for å få perfekt kinnkontakt. Vurderer å kjøpe Swarovski z6i 1-6 og da er spørsmålet med eller uten skinne. Evt kva brukar folk for å bygge på stokken? Vil være praktisk med noko som kan fjernast dersom åpne sikter skal brukast.
  17. fjant

    M03-Klubben !

    Hei, Eg har gått på ein smell med ein Mauser m03 trail i 9,3x62. På den gamle rifla har eg ein zeiss classic 2,5-10x50, evt 48. (kjøpt op xxl for ca 9k) Er det nokon som veit kva ringar eg kan nytta. Ønsker kikkerten så lav som mogleg. Fungerer low, eller må eg kjøpe medium? På førehand takk. Vil evt kikkrt med skinne verte lågare om eg kjem til pengane igjen?
  18. Eg har hatt problem med skjefteskruer som var for lange etter ein bedde jobb. Tell antall omdreininger på skrue med stokken montert og samalikn med antall omdreininger uten stokk før skruen botnar i kassa. Om det er same antall omdreininger så er skruane for lange og kan filast av nokre millimeter. Kan ofte være litt vanskelig å oppdage om stokken sit 100% fast til kassen.
  19. Er det nokon som har tilgjengeleg ei ny ladebok med data for 30.06 Norma N204 og barnes tsx 150 grain? Skulle gjerne hatt max og min verdi på krutmengde (204) som er lista i ladeboka 6 eller 7.
  20. Hei, Eg har ei Lee die der ekspanderstang ikkje er heilt sentrert. Det går greit å stake ut tennhetter, men det eg lurer på er om presisjonen kan bli dårligere siden hals expander antagelig er litt skeiv også. (hadde eit uhell med ei hylse) Kan ikkje sjå at hylsehalsen er skeiv om eg ruller ei pressa hylse over bordet. (Er ikkje ute etter benchrest presisjon, men grei til jaktfelt og jakt.) Vil dette påvirke presisjon i liten grad, eller bør eg skifte die? Nokon som har ei formeining om dette?
  21. Nei, eg har ikkje brukt kikkerten til måneskin. Kikkerten var ikkje tiltenkt hjortejakt men reinsdyr og elg der eg bruker om dagen. Synsfeltet vert litt lite på 12x til hjortejakt i skogen, føler at dyr kan gå forbi mens eg kikkrar.Er perfekt til å ligge nederst i ei li og kikke fra 100-1000m for deretter å snike innpå. Den er ikkje vantett. Det er det berre 10x42 som er. Den har og betre linsekvalitet. Samme som kameralinsene til Canon. 12x36 er billegare og kosta bare 500$ då eg kjøpte. Vanligvis er eg så varm/svett og likar ikkje ha kikkerten rundt halsen sidan den dogger lettere da. Har ei taske i beltet som er relativt vantett. Har ikkje kjørt noko hardtest på kikkerten.
  22. Eg har ein 12x36 og er kjempefornøyd. Har sett mykje fleire dyr enn tidlegare år etter eg kjøpte denne. Trur dette kjem av auge registerer bevegelser av dyr best og at ein difor har stor fordel av eit "stille" bilde. Har oppdage fleire dyr som reiser seg frå liggande leie, men dette kan også være tilfeldig sidan eg kikkrar meir etter eg fekk Canon. Har ikkje brukt zeiss kikkertar (bortsett frå kikkertsikte) eller andre kvalitetskikkerter så samanlikningsgrunnlaget er litt tynt. Det vert fort litt grått/slørete i motlys.
  23. Som fersk heimeladar så kjøpte eg inn N4 og Partizan 168gr match, og 165gr accubond i 30.06. Så langt som eg kan sjå så har eg same treffpunkt på begge. Begynte på 54grain N4 og har eigentlig haldt meg til det sidan jakta nærmar seg med stormskritt. Vart brått litt usikker på om denne ladningen var litt veik. Nokon som har formeining om hastighet og ekspansjon på accubond i denne ladningen? (ca 60cm løp) Njål
  24. Det er mulig eg misforstår korleis elektroniske skiver vert kalibrert, men er ikkje dette problemet litt oppkonstruert? Eg vil tru at om ein legg eit par skot i naboskiva så vil ein fort finne eventuelle avvik på elektronikken? Skivene er vel kalibrert kvar for seg og eventuelle avvik vil då lett visast? Njål
×
×
  • Create New...