Leita litt rundt for å finne omtale av dette siktet, men fant ikkje stort. Er ein del om PST (opplyst retikkel, FFP)modellen, og forskjellen er kanskje ikkje så stor. Tok derfor sjansen og kjøpte den hos http://www.jaktfall.no" target="_blank i den hensikt å lukte litt på langholdsskyting med relativt forsiktig budsjett.
Rifla er ein Blaser R93 offroad (links) kaliber 6,5 x 55. 56 cm løp og A-tec CTM demper og std Blaser montasje.
Spec på kikkertsiktet fins her:http://www.vortexoptics.com/product/vortex-viper-hs-t-4-16x44-riflescope-with-vmr-1-mrad-reticle/reticle
Kikkertsiktet vart bestilt i nettbutikk og kom i posten dagen etterpå, meget bra av Jaktfall/ posten. Har forresten handla litt anna småtteri der frå før og har ingenting å klage på.
Valgte MRAD modellen, dessverre (?) har denne SFP retikkel. Er litt spent på korleis dette vil fungere, men trur ikkje det er eit problem da skytinga på lengre hold vil foregå med zoom på høgste forstørring, og da stemmer MIL markering i retikkel.
Inntrykk så langt:
Vekt/ størrelse: Har ein Zeiss V 2,5- 10 x 50 (FFP) fra før på denne pipa. Vortexen er litt lengre og ratta stikk nødvendigvis lenger ut i tillegg til parallaxejustering på venstre side. Vekta er vel temmeleg lik.
Kvalitetsfølelse: ein får ofte ein følelse med produktet berre ved å ta i det. vekta, regulering av zoomring, ratt, hurtigfokus osv. utan at dette kanskje seier så mykje. Følelsen her er uansett god. Med det meiner eg god/ jamn motstand på zoomring, gode markerte klikk på ratta, passe "treg" parallaxejustering, samme med hurtigfokus. Vekta gjev i allfall meg følelse av at det ikkje er billig" rask", den virkar faktisk godt bygd.
Linser: førsteinntrykk av linsekvalitet er faktisk overraskande godt. Den er trongare i synsfelt enn Zeissen ved samme forstørring, utan at det behøver å bety så mykje for denne bruken. Mitt inntrykk er at linsene er klare og fine, eg ser ikkje at biletet vert bøgd uansett forstørrelse, og eg ser skarpt i heile synsfeltet. Mørkeegenskapar kan eg ikkje seie mykje om enda, anna enn at den virkar lysare enn fleire Leupoldar eg har. (VXIII) det betyr heller ikkje så mykje da Zeissen er jaktkikkerten.
Kontrast: Det er ikkje Zeiss linser, og det kan ein heller ikkje forvente til tredjedelen av prisen. Til skyting på dagtid trur eg dette vil fungere heilt greitt.
Parallaxejustering fungerar bra, biletet er klart og fint på alle avstandar.
Overraskende lite "dorulleffekt" og augeavstanden synest rimeleg konstant ved forskjellig zoom.
Retikkel: VMR - 1 er namnet, mitt inntrykk er at det er passe "avansert" utan å bli rotete. ikkje opplyst, det var heller ikkje ein forutsetning for meg.
Fordelen med SFP kan jo være at det er tynt uansett forstørring og dekker lite av målet.
9 MIL frå trådkors til tykk stolpe i høgda med halve MIL inndeling, da bør ein ha litt å gå på sjølv om det er tomt for klikk.
(Etter innskyting har eg 140 klikk tilgjengeleg i høgde, det rekk eit stykke)
Zero stop: enkelt å justere/ montere. Skyt inn i senter, løsne tre umbrakoskruer på høgderatt, løft av rattet og sett inn shims til spalta er fylt opp. (siste shim skal settast lett i, ikkje trugast inn.)
Monter rattet igjen med markering i null, og det var det. Du stoppar ikkje akkurat på, men rett i nærheten og kan enkelt klikke tilbake til null.
Så langt er eg fornøgd, men har kun prøvd opp til 300 meter. kjem tilbake når eg får erfaring på lengre hald.