Jump to content

Carbon

Members
  • Posts

    12
  • Joined

  • Last visited

Carbon's Achievements

Rookie

Rookie (2/17)

  • First Post
  • Collaborator
  • Week One Done
  • One Month Later
  • One Year In

Recent Badges

0

Reputation

  1. Gutar... Herregud... LES kva de skriv her, omtrent ikkje EITT fornuftig svar på det trådstartar spurte om...!!? Men ei masse-nedsabling av at f.eks f-groen uheldigvis brukte ordet "vakum", som naturlig nok vart litt misvisande om det som skjer framfor projektilet. Men han prøvde faktisk å forklare ein teori, og dette burde de alle ha skjønt, utan å "ta heilt av", sjølv om terminologien ikkje var heilt "riktig". Om teorien er riktig eller ikkje, er ei anna sak, og det må det selvfølgelig være lov å ha meiningar om. I allefall bør det då kunne forlangast at det blir bidratt med noko meir fagleg basert kunnskap enn hittil. Eksempel: "..så vil det sannsynligvis være så dårlig sikt at du ikke ser blinken.." "..og på noen få prosent av skuddene har vi litt mindre enn optimalt avtrekk noen hver av oss.." ".. har sett bilde av snuta på en supersonisk rakett skutt gjennom oppholdsvær og regn../..ytreballistikken blir dermed dårligere i nedbør, men jeg tror ingen merker det i praksis.." "..man kan skyte akkurat like bra i øsende regn som i solskinn, eller bedre, merkelig nok.." "..det er forsvinnende liten sjanse for at ei kule skal treffe en regndråpe eller ei snøfille på vei mot målet.." Dette er omtrent like fornuftig som mine eigne forklaringar kvar gong eg har forsove meg og er for sein på jobb! Facts takk ___________________________________
  2. Spørsmålet var oppe i i våpentidsskrifter for lenge sidan...kanskje 20 år eller så. Da gjaldt det om regnvèr (tungt regn) kunne påvirke presisjonen i og med at projektilet måtte "bane" seg vei gjennom regndråpane på vei mot skiva. Det vart konstantert at det ikkje hadde nokon innvirkning, treffpunkt og presisjon vart ikkje berørt av regnvèr. Eg hugsar ikkje heilt forklaringa på kvifor det var sånn, om det evt kunne være at projektilet skapte ein "luftlomme" pga hastigheita, slik at regnet faktisk ikkje berørte projektilet, og at evt påvirkninga på sjølve luftlomma og "draget" var så tilnærma likt at det ikkje hadde betydning for presisjonen. Men hugsar ikkje dette heilt korrekt. Det er jo nærliggande å tenke at det iallefall kunne bremse hastigheita på projektilet, men dette var visstnok heller ikkje tilfelle. Her vil temparatur forandringar være ein mykje større faktor. Dette gjaldt regn, men eg trur det også er like relevant for snø. EDIT: Ser at f-groen også støttar teorien om "luftlomma" rundt projektilet, så då er kanskje ikkje hukommelsen min heilt "borte".
  3. Carbon

    Lee Pro 1000

    Det er vel mykheten i hettene som er problemet, ikke "sprengkraft". hørselsvern og vernebriller anbefales ved lading UANSETT. Hassel: No geleida vel forsåvidt Chiefen deg inn på rett spor... Mjuke/harde hetter er ikkje tema her, det er nettopp "sprengkraft" det handlar om. Kvifor du har quota meg med "noe riktig og noe galt" vil eg gjerne be deg utdjupe, evt korrigere.
  4. Carbon

    Lee Pro 1000

    Hettemagasinet til Lee er konstruert for å lett deformere/åpne seg ved eventuell hette-eksplosjon, dette for at det ikkje skal bygge seg opp trykk. Det har ingen beskyttande effekt for brukaren, og sjølve eksplosjonen frå hettene må du "face" på mindre enn ein halv meters avstand... Win og CCI hetter skal visstnok gi den "snillaste" effekten ved utilsikta eksplosjon, og derfor tilrår Lee kun bruk av desse. Fed hetter er derimot kjent for å være i den "hissige" enden av skalaen. Men sjølvsagt brukar vi både Fed og Rem hetter... Då er det er ein god ting å halde hettemagasinet reint, IKKJE fylle 220 hetter i det på ein gong, og bruke vernebriller...
  5. Ah, takker for oppklaring Keith og Per-S, tenkte berre å nevne dette fenomenet sidan eg syntes det var aktuelt i denne diskusjonen.
  6. Når alt anna ellers er ok, så er det antall trimmingar som set grensa for når hylsa skal/bør kasserast. Dette pga at svinnet av messing for kvar trimming fortel litt om svekkinga av hylsa i området hylsehode/-kropp (trykkring). Offisielt heiter det seg vel: kasserast etter 4-5 trimmingar.
  7. Eg trur dykk alle har missa hovedpoenget med "Farer ved for lavt trykk" som trådstartar åpnar tråden med her. For lav krutladning/for lavt trykk vil sjølvsagt føre til soting av hylser/gasslekkasje/manglande klebing hylse-kammer osv. Gasslekkasje kan i værste tilfelle være ubehageleg/farleg for skyttaren. Men hovedpoenget med å advare mot ladningar under lavaste anbefalte (tabell) er å unngå noko som kallast... eh, hugsar ikkje navnet...sekundærantenning..?? (ikkje forveksle med situasjonen svake hetter-stor krutladning) ..sekundærforbenning..?? eit eller anna..(står sikkert i ei bok men orkar ikkje leite no..) Men det som skjer er visstnok at krut brukt under feil forutsetningar(for lavt trykk) kan i visse tilfelle endre oppførsel/trykkoppbyggingskurve... Altså, trykkurva vil få ein utforming som blir totalt forskjellig frå normalen, og dette vil være fatalt/ukontrollerbart for våpen/skyttar. Dette er nok noko som inntreff svært sjeldan, men krutfabrikantane har i allefall registrert at det KAN skje, og advarar derfor mot dette. Dette gjeld først og fremst krut i middels til treig forbrenningshastigheit brukt i normale til større riflepatroner.
  8. Var egentlig tenkt å svare skråsikkert at N-140 var best eigna, men tok ein sjekk i mine eigne notat og der er 146 gr FMJ lada med 47,0 gr N-140, COL=83mm(krymperille)vo=788 m/s ( 2*C) under minimumsladning, med soting av hals og skulder og også utstikkande hetter som resultat. N-130 kan nok brukast, men eg har forsåvidt berre erfaring med det brukt i rettvegga hylser og moderat trykk, der det oppfører seg svært godt og fleksibelt med forholdsvis jevn og forutsigbar trykkurve. Korleis det vil oppføre seg i ditt tillfelle veit ikkje eg. Men eg sit med ein følelse av at det er litt i kjappaste laget til ditt bruk... og at du hadde vore bedre tjent med N-135. Mvh Jan-Helge
  9. Her: http://www.lapua.com/uploads/media/InternationalReloguide2008.pdf
  10. VJ ladebok #3 oppgir ein liten reduksjon for 6,5x57R i forhold til 6,5x55 Mauser. Med Hornady 129gr og Norma MRP er det redusert 3,0gr på max ladning i forhold til max for 6,5x55Mauser. Med samme kule og N-165 er det redusert med 3,0gr. Med Hornady 160gr og Norma 204 er det redusert med 3,0gr. Med samme kule og N-160 er det redusert med 3,0gr. Med samme kule og N-165 er det redusert med 2,5gr. Med samme kule og Norma MRP er det redusert med 1,5gr. Desse dataene er basert på oppgitt max ladning i 6,5x55 Mauser, kontra oppgitt max ladning i 6,5x57R, med samme kule og krut for begge. I 6,5x55 Mauser var det brukt Norma hylser, og i 6,5x57R var det brukt Hirtenberger hylser. Det blir i omtalen av patrona poengtert viktigheita av å halde trykket på eit moderat nivå for å unngå slitasje på brytevåpen.
  11. Kva?? Dette var pussige data. Av desse hylsemerka du nevner her er det vanlig oppfatning å rangere Norma sine hylser som lettast, og dei amerikanske (Fed og Rem) som tyngst. Her er frå mine eigne målingar av hylsevekt i .30-06: Norma (gammal lot, -90 tal): 176-178 gr. Norma (nyare lot, frå -07) : 181-183 gr. Sellier & Bellot (lot frå slutten -90') : 179-180 gr. Remington, R-P (nyare lot, frå -07) : 194-197 gr. Federal (lot frå -90' talet) : 196-197 gr. Når det står "(nyare lot, frå -07)", så betyr ikkje det eksakt år for den lot, men at hylsene er tileigna (plukka eller kjøpt) då. Alle hylser er sjølvsagt vegde utan tennhette og før evt trimming. Vekt er oppgitt som min og max av minst 10 hylser.
×
×
  • Create New...